Hopp til innhold

Haiti-støttekonsert utseld

Dugnad for Haiti sin støttekonsert for jordskjelvofra i Haiti, i Operaen på søndag, er utseld.

Lager støttekonsert foir Haiti i operaen

Superfamily, Tuva Livsdatter Syvertsen fra Valkyrien Allstars, Lars Lillo-Stenberg, Alexander Eik.

Foto: Kristian Bålsrød / NRK

Ane Brun på Pstereo 09

Ane Brun spelar til inntekt for Haiti på søndag.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Pressekontakt for Dugnad for Haiti, Rannveig Lie, stadfestar i kveld at konserten der fleire kjende artistar deltek, er utselt. Mellom anna deltek Morten Harket, Ane Brun, Knutsen og Ludvigsen og Ingrid Olava på konserten.

- Det er kjempebra at interessa er så stor, det lovar veldig bra, seier Rannveig Lie til NRK.

Morten Harket

Også Morten Harket stiller opp for dei jordskjelvråka på Haiti.

Foto: JOHN MACDOUGALL / AFP

Totalt har arrangørane fått selt i underkant av 1400 billettar, til mellom 400 og 1000 kr stykk. Konserten i Operaen søndag 24. januar markerer startskotet for fleire kulturarrangement rundt om i landet, til inntekt for jordskjelvorfa i Haiti.

Målet er å få inn minst 2,5 millionar kroner på konserten.

Rannveig Lie håper at dei som ikkje fekk sikra seg ein billett til konserten i Operaen følgjer konserten på tv, og donerer pengar til aksjonen ved hjelp av den informasjonen ein får der. NRK sender konserten direkte på søndag klokka 21.15.

  • LES ÒG:

Konserten vart til på initiativ frå filmregissør Alexander Eik, og er eit samarbeid mellom GramArt, Røde Kors og Kirkens Nødhjelp.

Video nsps_upload_2010_1_15_19_47_17_842.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Elisabeth Andreassen og Alexander Eik fotalde fredag 15. januar om planane for ein støttekonsert.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP