– Det har gått så fort! Eg har jo berre heldt på med Tikok i eitt år.
Det sa Trygve Bennetsen til NRK rett etter han hadde vakna opp til ein, eller rettare sagt tre, hyggelege beskjedar fredag føremiddag.
21-åringen er nemleg ein av dei nye profilane som dukkar opp på nominasjonslista til Vixen Awards i år.
Vixen Awards er ei kåring av Noregs beste influensar- og sosiale medium-profilar i 17 ulike kategoriar.
Trygve Bennetsen starta med TikTok for eitt år sidan. No når han hundretusenvis på internett.
Foto: Skjermdump TiktokBennetsen skildrar nominasjonane som veldig moro, særleg med tanke på at karrieren hans har skote fart på så kort tid.
– Det som er så gøy er at eg var der som pluss ein i fjor, og for to år sidan stod eg utanfor døra og såg inn.
Skulle studere – satsa heller på sosiale medium
Bennetsen si karriere har skote fart det siste året. Han merkar det på følgartalet på TikTok, som no har runda 200 000 følgarar, men han merkar det også på responsen.
– Responsen på gata er god og det folk seier til meg er det som betyr mest: At eg kan gjere andre menneske glade.
Men 21-åringen hadde eigentleg heilt andre planar enn å bli TikTok-kjendis i 2023.
– Eg hadde eigentleg tenkt å studere i år, men enda opp med å ikkje gjere det. Det er eg glad for no, for eg har fått så mange moglegheiter.
21-åringen gler seg til å reise på Vixen Awards i februar.
Foto: Skjermdump / InstagramBennetsen ønskjer no å satse vidare i same bransje.
– Ønsker jo å drive med media og TV, og desse Vixen-nominasjonane er jo ei anerkjenning på at ein gjer noko bra.
Jørgine: – Alltid ei hyggeleg anerkjenning
I år tok Vixen utgangspunkt i 33 700 nominasjonar, som ifølge ei pressemelding er rekordmange. Og på lista finn ein både etablerte namn og nye profilar.
Selene Fjellvang Lie er den profilen som har fått flest nominasjonar, med fire stk.
Nykommaren Trygve Bennetsen og Vixen-veteranen Jørgine «FunkyGine» Vasstrand har også fått fleire nominasjonar, med høvesvis tre kvar.
Begge er også å finne på lista over nominerte til den mogleg mest prestisjefulle prisen, «Folkets favoritt», ein pris Vasstrand har vunne fleire gongar tidlegare.
Jørgine Vasstrand, som Funkygine, har håva inn prisar på Vixen Awards sidan 2017. I år kan ho vinne tre i kategoriane Årets influensar Business, Årets influensar Sport og Trening, samt Folkets favoritt.
Foto: Robert Rønning / Robert Rønning / NRKJørgine Vasstrand hadde ikkje greie på dei tre nominasjonane då NRK ringde ho fredag føremiddag. Ho synest det alltid er like hyggeleg å bli nominert.
– Eg tenker kvart år at ein er meir utdatert enn året før, så det er veldig fint å få ei anerkjenning på at det ein gjer blir lagt merke til, seier Vasstrand.
Kritisk til Vixen
Vixen har, trass rekordstort engasjement rundt nominasjonane i år, blitt både kritisert og tema i debattar dei siste åra.
Tidlegare i år var det Johanne Refseth, også kjent som «Psykolog med sovepose», som retta kritikk mot Vixen.
Johanne Refseth retta kritikk mot Vixen Awards tidlegare i år.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKI eit innlegg på Instragram skreiv Refseth om at kåringane pressa unge folk til å gje frå seg data om følgjarane sine til kommersielle aktørar.
Til kritikken svara Vixen Awards-grunnleggar Pia Tryland at det ikkje stemmer at dei nominerte må gje frå seg data til kommersielle aktørar.
– Fleire er sine påvirkaransvar bevisst
Jurygeneral i Vixen, Astrid Valen-Utvik, seier at ho har merka ei endring i korleis påverkarar nyttar sine plattformer. Fleire har blitt bevisste, fortel ho.
– Det blir stadig viktigare å vere sitt påvirkaransvar bevisst, og mange av dei beste influensarane i Noreg nyttar no si stemme og sine store plattformer til å meine og engasjere seg for meir samfunnsviktige tema også.
Jørgine Vasstrand er samd.
Funkygine, Jørgine Massa Vasstrand.
– Det er annleis å vere påverkar i dag samanlikna med for fem år sidan. No har du folk som er engasjerte og som frontar viktige saker, seier Vasstrand.
Vixen Awards 2023 går av stabelen 9. februar i Oslo.