«Eg har faktisk svelgt den siste influensarkamelen min».
Det skriv påverkar og psykolog Johanne Refseth, også kjent som «Psykolog med sovepose» i eit innlegg på Instagram.
«Denne gongen har ikkje Vixen tenkt seg om», held ho fram.
Vixen Awards er ei kåring av Noregs beste influensar- og sosiale medium-profilar i 17 ulike kategoriar.
Nå er nominasjonane klare, og denne veka hadde juryen sitt første møte.
Men Refseth er sterkt kritisk.
Ho meiner Vixen Awards vil kople deltakarane opp mot eit system som formidlar kontakt med annonsørar.
«Og for dei som ikkje vet kva for ein info vi som profilar sit på, så er det ikkje småting. Her kan du sjå kven som følger oss, kvar dei bur, fordelinga mellom kjønn, kor mange menneske som ser, liker, kommenterer på innlegga, kva innlegg som folk liker godt og kva dei liker mindre godt. Kven som har kommentert osb. Gull for nokon som lever av å matche annonsør og vare med andre ord», skriv Refseth i innlegget.
Foto: Skjermbilde/Instagram/@psykolog.med.sovepose– Kan gjere mange usikre
Del ein av nomineringa er at influensarar og påverkarar i mange ulike kategoriar melder på seg sjølv – og andre.
No har dei som går vidare i nominasjonen fått ein e-post frå Vixen der dei blir bedne om å registrere vitale data om kontoane sine.
Ikkje hos Vixen sjølv, men på Inszpire me.
Inzpire me er ein marknads-stad som gjer det enklare for merkevarer å kome i kontakt med og gjennomføre betalte samarbeid.
Og det er denne koplinga Johanne Refseth synest er kritikkverdig.
Johanne Refseth tilhøyrer ei gruppe av påverkarar og frontfigurar i sosiale medium som veks – dei som bruker sosiale medium til å spreie kunnskap frå sitt eige fagfelt.
Foto: Johanne Refseth sRefseth, som sjølv har 78.000 følgarar på Instagram, og som også har gjeve ut bøker, meiner mange kan oppleve eit press når Vixen blandar samen ein så kommersiell aktør med høvet til å få konkurrere om ein Vixen Award.
– Problemet er at spørsmålet om å registrere seg hos Inzpire me kjem i same e-post som der du frå vite at du er nominert til ein Vixen-pris. Og ein vil lure på om du bør gjere det, eventuelt om du blir straffa på noko vis om du ikkje gjer det.
Ho er særleg uroa for heilt unge folk som får e-posten frå Vixen, og som kjenner på presset om å registrere seg.
– Det ligg eit press og ei usikkerheit der, om kor frivillig dette eigentleg er. Og dei unge vil kanskje ikkje vite konsekvensane av å registrere seg.
Ernæringsbiolog og matvitar Marit Kolby er også nominert til Vixen Awards. I ei historie på Instagram deler ho innlegget til Johanne Refseth.
Foto: Skjermbilde/Instagram/Marit_Kolby
Registrerer informasjon om influensarane
I dag er det 20.000 profilar som har registrert seg på plattforma for at dei lettare skal bli oppdaga av relevante merkevarer som koplar influensarar opp mot annonsørar.
På Inzpire me registrerer influensarane kor mange følgjarar dei har. Kvar dei bur, kor gamle dei er og så vidare.
Merkevareprodusentane kan finne dei influensarane som går best – og knytte kontakt.
Verksemda vart starta for sju år sidan, og i sommar vart den kjøpt opp av Schibsted.
Pia Tryland stifta og driv Vixen Awards, og ho svarar på kritikken frå Johanne Refseth.
Foto: PressebildePia Tryland starta Vixen Awards i 2011. Framleis er det ho som står bak prisen, som etter kvart har vorte ei storhending for aktørane.
For Tryland er det viktig å slå fast at Vixen ikkje har bindingar til Inzpire.me.
Ho seier ho berre tenkte på det praktiske for juryen då ho valde dei til å samle inn data om deltakarane.
Tanken var at det kunne lette arbeidet til juryen, fordi det er presise målingar.
– Inzpire me si plattform gir rette data og god oversikt over mellom anna engasjement og demografi, som gjer at det blir enklare for juryen å finne ein del fakta. Dei kan mellom anna få indikasjonar på om nokre profilar har kjøpt følgjarar, seier Tryland.
– Veldig uheldig
Ho seier det ikkje har slått henne at dei nominerte skulle kjenne på noko press.
– Dersom folk kjenner seg tvinga til å registrere seg er det veldig uheldig, då har vi ikkje vore tydelege nok.
Ho seier dei ikkje har fått mange reaksjonar.
– Vi har fått ein e-post frå ein som ikkje synest noko om dette, men elles har vi ikkje fått andre negative tilbakemeldingar.
Tryland strekar under at det er 18-årsgrense for å bli med i Inszpire me. Og ho seier avslutningsvis til NRK at det har blitt poengtert at det er frivillig å registrere seg der, og at alle no vil få ein ny e-post:
– Vi sender ein ny e-post til alle som har fått den første, der vi igjen gjer det klart at det er frivillig å registrere seg. Dei nominerte kan fint vere registrerte på Inzpire me berre for å bli juryerte, utan å måtte gå inn i kommersielle samarbeid. Dette skal vi kommunisere til dei nominerte.
Johanne Refseth seier ho forstår at det kan vere nyttig for ein jury å ha tal og informasjon om dei nominerte – men ho meiner likevel at det er uheldig korleis det har blitt gjort her.
– Dei kan spørje om å få den informasjonen, eller få han frå ein aktør som ikkje er kommersiell på same måten.
– Eg er ein ringrev i gamet. Så for meg er det greitt å stå utafor registeret til Inszpire me. Men kva med alle dei unge som no skal vere med på Vixen for første gong, spør Refseth.
Foto: PrivatMats Lyngstad i Inzpire me viser til innlegget han har skrive på Instagram, under innlegget til Johanne Refseth.
Der har han blant anna kommentert følgjande:
«Målet vårt er å skape ein betre bransje, der influencerar med gode verdiar og annonsørar med gode verdiar vinn» . «Dersom du ønskjer det, kan vi også slette all data etter juryeringa om du måtte ønskje du har til kvar tid rett til å slette profilen din og dine eigne data på inzpire me»
Sjå heile kommentaren her:
Foto: Skjermbilde/Instagram/@psykolog.med.sovepose/@Inzpire_me Foto: Skjermbilde/Instagram/@psykolog.med.sovepose/@Inzpire_me Foto: Skjermbilde/Instagram/@psykolog.med.sovepose/@Inzpire_me