Hopp til innhold

Cezinando er nominert i fire kategoriar under Spellemannprisen 2020

Artisten og låtskrivaren Kristoffer Cezinando Karlsen, med artistnamnet Cezinando, kan vinne tre prisar når Spellemannprisen for koronaåret 2020 blir delt ut på NRK fredag 16. april. I tillegg medverkar han i ein fjerde.

Cezinando under Spellemannprisen 2017

Cezinando har fått Spellemannprisen fleire gongar tidlegare, no er han nominert i tre nye kategoriar, og involvert i ein fjerde.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Då Noreg brått stengde ned for snart eitt år sidan, var norsk musikkliv blant dei som blei hardt ramma. Konsertar og festivalar blei avlyst, og artistane måtte finne nye måtar å vise fram musikken sin på.

Men sjølv om 2020 blei eit vanskeleg år, blei det også gjeve ut mykje norsk musikk. Og det blir utdeling av Spellemannprisen også i år.

Prisane blir delt ut under eit TV-show fredag 16. april.

Du kan sjå heile lista med dei nominerte nedst i saka.

Kan vinne tre prisar

Då nominasjonane blei presentert på ein digital pressekonferanse fredag, var artisten og låtskrivaren Cezinando blant dei som fekk nominasjonar.

Han er nominert med albumet «Et godt stup i grunt vann» i kategoriane Hiphop, Årets låtskrivar og Årets tekstforfattar. I tillegg er han gjesteartist i låta «Gammel person» med B-boy Myhre, som er nominert til Årets musikkvideo. Håkon Hoffart har regien på videoen.

Cezinando fekk sin første Spellemann i 2017 for tekstane på albumet «Barn av Europa». Året etter vann han prisane i kategoriane Urban og Årets album for «Noen ganger og andre». I tillegg fekk produsent Ole Torjus Hofvind prisen for beste produsent.

Ung mot «gammal»

To andre artistar og låtskrivarar som kanskje kan få med seg fleire prisar heim i april er den 38 år gamle veteranen Sondre Lerche og den 19 år gamle nykommaren Musti som er nominert i tre kategoriar kvar.

Musti, P3 Gull 2020

Musti vann prisen årets nykommar under P3 Gull i 2020. No er ho nominert til tre Spellemannpriser også.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

Musti gav ut ein EP og eit album i 2020, og er nominert i kategoriane Hiphop, Årets gjennombrot og Gramostipend og Årets tekstforfattar. Ho har henta ispirasjon til tekstane blant anna frå tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland. I låten «Gro Harlem Brundtland», brukte ho blant anna delar av nyttårstalen frå 1988.

Sondre Lerche har vore nominert til Spellemannprisen fleire gongar dei siste 20 åra, og fekk blant anna prisen for beste nykommar i 2001.

I år er han nominert i klassane Pop, Årets låtskrivar og Årets tekstforfatter.

Lerche var for øvrig ein av artistane som gjekk nye vegar under pandemien. Han brukte blant anna karantenen etter at han kom heim frå USA til å spele konsertar som blei sendt på nett frå eigen sofa.

Utdeling i april

Prisane blir delt ut i eit TV-sendt show på NRK fredag 16. april. Men på grunn av pandemien, er det framleis uvisst korleis utdelinga skal skje.

NRK kjem også til å markere Spellemannprisen på ulike flater i veka før utdelinga.

Sigrid mottar prisen for Årets Spellemann

Sigird fekk prisen for Årets spellemann då ho gjeste Lindmo i fjor. Prisen er ein grammofon som går vidare til årets vinnar.

Foto: Julia Naglestad

I tillegg til dei kategoriane som blei presentert fredag, blir også hovudprisen Årets spellemann, som Sigrid vann i fjor, delt ut.

Spellemannjuryen kan også dele ut heidersprisar dersom dei ønsker det.

Kulturstrøm

  • Tre store motehus blir bøtelagt av EU-kommisjonen

    Motehusa Gucci, Chloé og Loewe blir bøtelagt med over 157 millionar euro for å ha gjennomført prising som er i strid med EU sitt reglement, kjem fram i ei pressemelding frå EU-kommisjonen.

    Motehusa skal ha fastsett vidaresalsprisar i strid med EU sine konkurransereglar.

    Motehusa skal ha avgrensa moglegheita for uavhengige tredjepartsforhandlarar til å sette eigne prisar for produkt designa og selt under merkevarene.

  • Musikalen Les Misérables er 40 år

    I år er det 40 år sidan musikalen Les Misérables hadde premiere på West End i London.

    Les Misérables er ein av dei mest spelte musikalane i verda. Det trass i at musikalen ikkje blei godt mottatt i 1985. Etter kvart vann musikalen fleire prisar.

    Musikalen flettar saman fleire menneske sine skjebnar som lev i Frankrike på starten av 1800-talet.

    en gruppe mennesker som går nedover en gate med en brann i bakgrunnen
    Foto: Lasse Berre
  • Swift med flest førsteplassar på Billboards albumliste

    Taylor Swift har stor suksess med sitt nye album «The Life of a Showgirl». Artisten er no den soloartisten med flest førsteplassar på Billboard albumliste, melder NTB.

    Swift har med det gått forbi både Drake og Jay-Z. Det nye albumet til Swift debuterte på førsteplass ei veke etter at det blei gitt ut.

    Utanom hennar første album, har dei gått rett inn på førsteplass. Ho er oppe i 15 og nærmar seg å ta rekorden frå Beatles som har 19.

    Albumcover til Taylor Swift
    Foto: NTB