Hopp til innhold

Dette er årets artistar i Melodi Grand Prix

Ulrikke Brandstorp, Kate Gulbrandsen, Stig van Eijk og Sandra Lyng er blant artistane i årets Melodi Grand Prix.

MGP 2023

Årets artistar i Melodi Grand Prix 2023.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

21 artistar skal konkurrere om å vinne MGP og få æra av å representere Noreg i Eurovision Song Contest i Liverpool i mai.

I år består MGP av tre delfinalar, der dei tre artistane som får flest stemmer går vidare til finalen. Finalen går av stabelen i Trondheim Spektrum 4. februar.

Arianhrod Engebø og Stian «Staysman» Thorbjørnsen skal leie Melodi Grand Prix-sendingane.

Desse deltar i MGP 2023

Delfinale 1

Ulrikke Brandstorp: «Honestly»

Ulrikke Brandstorp

Ulrikke Brandstorp er klar for Melodi Grand Prix.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Jim Bergsted, Helge Moen, Ben Adams, Ulrikke Brandstorp, Joshua Oliver og Christoffer Gunnestad

Ulrikke Brandstorp vart for alvor kjent for det norske publikummet da ho vann MGP i 2020 med låten «Attention». Det året vart Eurovision avlyst, og det er ikkje til å stikke under ein stol at jenta frå Sarpsborg er tilbake med ein stor dose motivasjon. Dei siste åra har vi sett ho som Trollet i «Maskorama», i gjørma på «Kompani Lauritzen» og i musikalen «Mamma Mia» der ho spelte hovudrolla Sophie.

Eirik Næss: «Wave»

Eirik Næss

Artisten Eirik Næss.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Viktor Ljungqvist, Amalie Olsen og Eirik Næss

Eirik Næss er ein artist og låtskrivar frå Larvik. Etter vidaregåande flytta han til London, der han budde i sju år, og brukte store delar av tida på musikk. Sidan han flytta tilbake til Oslo har han spelt i fleire band, noko som fører til at han gjer alt frå heavyrock til juleturné i løpet av eit år.

Kate Gulbrandsen: «Tårer i paradis»

Kate Gulbrandsen

Kate Gulbrandsen gjer MGP-comeback.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Kjetil Mørland og Kate Gulbrandsen

Kate Gulbrandsen er det nok mange som hugsar frå då ho vann MGP i 1987 med låten «Mitt liv». Mange hugsar nok også den høge 80-talspanneluggen hennar.

Kate Guldbrandsen på scenen i Melodi Grand Prix.

Kate Gulbrandsen i MGP i 1987.

Foto: Odd Steinar Tøllefsen / NTB

I ettertid har ho stått på scener i både inn- og utland, i tillegg til å vere på TV-skjermen gjennom «Beat på Beat», «Stjernekamp» og «Allsang på grensen».

Rasmus Thall: «TRESKO»

Rasmus Thall

Låtskrivaren, produsenten og artisten frå Tønsberg, Rasmus Thall.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Rasmus Simon Vedvik Thallaug, Farida Louise Bolseth Benounis og Robin Alexander Vedvik Helmersen

Rasmus Thallaug er låtskrivar, produsent og artist frå Tønsberg. I MGP i fjor var han både produsent, medlåtskrivar og pianist på kjærasten Faridas bidrag «Dangerous». Rasmus er barnebarnet til den kjente artisten Anita Thallaug, som deltok i MGP fleire gongar på 60-tallet.

Alessandra Mele: «Queen of Kings»

Alessandra Mele

Norsk-italienaren Alessandra Mele.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Henning Olerud, Stanley Ferdinandez, Alessandra Mele og Linda Dale

Alessandra Mele er ein norsk-italiensk artist og låtskrivar. 20-åringen har budd mesteparten av livet i Italia, men etter ho var ferdig med vidaregåande bestemte ho seg for å flytte til Noreg. I dag bur ho på Lillehammer og studerer på musikkskulen LIMPI. Låten «Queen of Kings» handlar om å tore og vere seg sjølv, og det å kome sterkare ut av vanskelege periodar i livet.

Byron Williams Jr & Jowst: «Freaky For The Weekend»

Byron Williams Jr. & Jowst

Byron Williams Jr & Jowst er klare for å lage feststemning.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Byron Williams Jr og Joachim With Steen

Artisten Byron Williams er frå den varme byen Miami i Florida, men vart kjent for nordmenn da han deltok i «The Voice» i fjor. Joakim With Steen, betre kjent under artistnamnet Jowst, vann MGP i 2017 med låten «Grab The Moment». Nå har dei to gutane gått saman og laga festlåta «Freaky for the Weekend».

Umami Tsunami featuring Kyle Alessandro, Kristian Haugstøyl & Magnus Winjum: «Geronimo»

Umami Tsunami

Kyle Alessandro, Kristian Haugstøyl & Magnus Winjum er ei yngste artistane som er med i år.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Torgeir Ryssevik, Carl-Henrik Wahl, Bjørn Olav Edvardsen, Sindre Timberlid Jenssen, Lasse Midtsian Nymann og Kristian Lund.

Umami Tsunami er eit kollektivprosjekt beståande av låtskrivarar, artistar, produsentar og folk som jobbar med design og visuelle uttrykk. Denne gongen har dei fått med seg featureartistane Kyle Alessandro (16), Kristian Haux (20) og Magnus Winjum (17) frå Lillestrøm.

Delfinale 2

Sandra Lyng: «Drøm d bort»

Sandra Lyng

Sandra Lyng er for fyrste gong med i MGP som artist.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Sandra Lyng, Erlend Torheim, Ferdinann West og Kristina Blakli

For fyrste gong deltar Sandra Lyng som artist i MGP. I fjor var ho med som låtskrivar på låten «Someone», framført av gruppa Northkid. Sandra Lyng har lang erfaring frå musikkbransjen. Allereie som 16-åring vart ho kjent gjennom «Idol». Nå skal ho igjen stå på scena med låten «Drøm d bort», som handlar om sårbarheit, håp og styrke.

Jone: «Ekko Inni Meg»

JONE

I 2021 vart JONE Spellemann-nominert i kategorien festmusikk, og mottok gulltrofé for singelen «Eventyr».

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Morten Franck, Christopher Colin Archer, Christine Ekeberg, Audun Agnar Guldbrandsen og Silje Blandkjenn.

Jonas Nes Steinset frå Lier, med artistnamnet JONE, deltar i Melodi Grand Prix for fyrste gong. JONE har dei siste åra spesialisert seg på allsongvennleg og fengande festmusikk, med singlar som «Et sted på Montebello», «Jag gillar dig» og «Livet på bøgda».

Swing’ it: «Prohibition»

Swing'it

Swing'it består av Martin Jarl Velsin, Leif Peter Vilhelm Grahn, Edvard Bondi Knowles, Jan Ivar Ekroll, Vebjørn Mamen, Håvard Mathisen Tanner og Håkon Kvam.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Martin Jarl Velsin, Jonah Charles Hitchens, Vebjørn Mamen og Sam Peter Norris

Swing'it starta karrieren som gatemusikantar i Tønsberg i 2014. Sidan den gongen har bandet spelt hundrevis av konsertar i Noreg, Europa og i USA. I 2018 laga dei konseptet «prohibition» som er eit show med 1920-tall dans, burlesque og cabaret og musikk der publikum kler seg opp i Gatsby-stil. Bandet består av Martin Jarl Velsin, Leif Peter Vilhelm Grahn, Edvard Bondi Knowles, Jan Ivar Ekroll, Vebjørn Mamen, Håvard Mathisen Tanner og Håkon Kvam.

Ella: «Waist»

Tekst og melodi: Raphaela Antônia Souza Silva, Timothy John Adam Gosden, Tristan Henry og Isabell Røren Hannevig

Ella

Ella er født i Brasil, men kom til Noreg som 12-åring. Nå satsar ho fullt på musikken.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Ella, også kjent som Raphaela Antônia Souza Silva, vart født i Belo Horizonte i Brasil. 12 år gammal flytta ho til Noreg med mora si. I 2022 ga ho ut debutsingelen «Criminal», som vart brukt som soundtracket til den brasilianske filmen «Me Tira da Mira».

Alejandro Fuentes: «Fuego»

Alejandro Fuentes

Alejandro Fuentes deltar for andre gong i MGP.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Alejandro Fuentes, Nermin Harambasic, Chris Young og Mateo Camargo

Alejandro Fuentes såg vi fyrste gong i «Idol» i 2005. Sidan den gong har han hatt suksess både som soloartist og som ein del av dei nye Gitarkameratene. Fuentes deltok også i MGP i 2018 med låten «Tengo Otra».

Bjørn Olav Edvardsen: «Turn Off My Heart»

Bjørn Olav Edvardsen

Bjørn Olav Edvardsen deltar i MGP for fyrste gong.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Bjørn Olav Edvardsen, Christian Ingebrigtsen og Henrik Tala

Bjørn Olav Edvardsen er ein artist, skodespelar og låtskrivar busett i Nord-Odal. Han fekk sitt gjennombrot da han vart finalist i «Idol» i 2005. Sidan har han stått på fleire scener og vore synleg på fleire TV-produksjonar som blant anna «The Voice». Dette er fyrste gong han er med i MGP som artist.

Elsie Bay: «Love You in a Dream»

Elsie Bay

Elsa Søllevik er med i MGP for andre år på rad.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Elsa Søllesvik, Andreas Stone Johansson og Tom Oehler

Elsa Søllevik er trass i sin unge alder ein artist og låtskrivar som har vore i bransjen i mange år. Ho fekk sitt gjennombrot gjennom duoen Elsa og Emilie, ho har gitt lyd til TV-serien «Skam», og i fjor deltok ho både som låtskrivar og artist i MGP. I år er ho tilbake som låtskrivar på Eline Thorps låt «Not Meant to Be», i tillegg til å framføre låten «Love You in a Dream».

Delfinale 3

Skrellex: «Love Again»

Skrellex

Kai Thomas Larsen deltar som dragartisten Skrellex i år.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Kai Thomas Ryen Larsen, Michael James Down, Will Taylor, Primoz Poglajen og Jonas Gladnikoff

Skrellex, eller Kai Thomas Larsen som han eigentleg heiter, er ein kjent profil for mange. Han har jobba som musikal- og showartist sidan 2007. I MGP deltar han som dragartisten Skrellex, som vi blant anna har sett som mentor i «Drag Me Out» og som drag queen i serien «Drags». Nå er Skrellex klar for den store MGP-scena.

Tiril Beisland: «Break It»

Tiril Beisland

21-åringen Tiril Beisland frå Lillestrøm debuterer som artist i MGP.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Emma Steinbakken, Emelie Hollow, Lars Rossnes og Benjamin Pinkus

Tiril er ein 21 år gammal artist og låtskrivar frå Lillestrøm. Hun har mykje erfaring med å stå på scena som blant anna skodespelar i Skedsmo Amatørteater, dansar i Norsk Ballettinstitutt og som fylkesrepresentant i UKM. Nå debuterer ho som artist i MGP.

AKUVI: «Triumph»

Akuvi

Det er andre gong AKUVI deltar i MGP. Sist var i 2020.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: AKUVI, Andreas Stone Johansson, Anderz Wrethov og Konstantinos Vlastaras

AKUVI (28) er ein norsk-ghanesisk artist, låtskrivar og entertainar. I 2020 deltok ho i Melodi Grand Prix med låten «Som du er». Ho er også kjent som stemma bak animasjonskarakteren Dolores i Disney-filmen Encanto, i tillegg til rapperen Karma i Netflix-serien Karmas verden.

Atle Pettersen: «Masterpiece»

Atle Pettersen

Artisten og programleiaren Atle Pettersen skal ta tempen på MGP i år.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Andreas Stone Johansson, Hannah Dorothy Bristow og Atle Pettersen

Atle Pettersen er kjent som både artist og programleiar. Til vanleg losar han store delar av befolkninga gjennom fredagskvelden i Beat for Beat. Musikk har vore ein stor del av Pettersen sitt liv, og han har gjort fleire musikalar og revyar som «Singin´ in the Rain», «Jersey Boys» og «Beatles».

Eline Thorp: «Not Meant to Be»

Eline Thorp

Eline Thorp frå Hamarøy har overvunne sceneskrekken og er tilbake i rampelyset.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Jonas Holteberg Jensen, Andreas Stone Johansson, Elsa Søllesvik og Eline Thorp

Eline Thorp (29) kjem frå Hamarøy i Nordland, men bur i Oslo. Ho slo gjennom som artist på starten av 2010-talet, men etter å ha fått sceneskrekk trakk ho seg rampelyset. Nå gjer ho comeback på den store scena –og debuterer som MGP-artist.

Maria Celin: «Freya»

Maria Celin

Maria Celin frå Mandal debuterer som artist i MGP.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Sindre Timberlid Jenssen, Anna Timgren, Gaute Ormåsen, Benjamin Alasu og Erik Fjeld

Maria Celin Strand er frå Mandal. Ho har spelt både teater og musikalar sidan ho var 9 år gammal. Mange vart kjent med 25-åringen da ho var med i «The Voice» i 2017. I konkurransen covra ho låten «Runnin» av Beyoncé, som vart svært godt tatt i mot og har i skrivande stund 3,5 millionar avspelingar på Spotify.

Stig van Eijk: «Someday»

Stig van Eijk

24 år er gått sidan Stig van Eijk vann Melodi Grand Prix sist.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Tekst og melodi: Stig van Eijk og Beate Helen Thunes

24 år har gått sidan Stig van Eijk fekk sitt store gjennombrot som artist. Det skjedde da han som 17-åring vann den norske MGP-finalen med låten «Living My Life Without You». Både singelen og det påfølgjande albumet selde til gull. I år er han aktuell med fleire plateprosjekt, i tillegg til å igjen entre den store MGP-scena.

Stig van Eik med låten Living my life without you

Stig van Eijk med låten Living my life without you

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters