Hopp til innhold

Borat er tilbake med Donald Trump-harselas

Den elska og hata karakteren Borat er tilbake. Journalisten frå Kasakhstan kjem med sleivpark mot den minst like kontroversielle Donald Trump: – Er Trump ekte? Eg trudde han var ein dårleg parodi på ein rik rasist med for mykje oransje spraymåling.

Borat er tilbake

NICE: Borat Sagdiyev kjem frå Kasakhstan og jobbar som journalist. Han er kjent for å vere veldig glad i kvinner, i sær dei som er sterke nok til å dra ein plog i åkrane eller aller helst Pamela Anderson som han ønsker å gifte seg med. Med eller utan samtykke.

Foto: ARMANDO FRANCA / Ap

Til glede for svært mange, og forarging for blant andre Donald Trump, er no mannen som gjorde mankinien kjent, tilbake. På talkshowet Jimmy Kimmel Live gjekk han blant andre laus på Donald Trump så det song etter. Borat meiner at Donald Trump er ein veldig støytande fiktiv karakter som ikkje kan vere ekte:

– Han er ein veldig lite truverdig karakter, ein mann som vil forby muslimar er ein som har ein hjerne som ein kvinneleg kylling, seier Borat med referanse til Trump sitt utspel om å nekte muslimar innreise i USA og merking av alle amerikanske muslimar.

(Trump-tiraden kjem 2:30 ut i klippet, saka fortset under videoen)

Borat blei ein snakkis då han i 2006 viste si «kulturelle reise» i USA. Selskapet bak den kontroversielle komi-suksessen blei saksøkt av ein landsby i Romania, fekk regjeringa i Kasakhstan etter seg og skapte furore verda over. Talkshow-verten Jimmy Kimmel får også gjennomgå av Borat, som er mildt sagt fysisk nærgåande.

(Saka fortset under bildet)

Borat

-YAGSHEMASH: Borat starta som ein figur i det britiske TV-showet Da Ali G-show på tidleg 2000-talet. Etter kvart fekk Borat ein eigen film som kom ut i 2006, ved namnet Cultural Learnings of America for Make Benefit Glorious Nation of Kasakhstan.

Foto: CHRISTOPHE ENA / AP

– Trump ser ikkje ein gong ekte ut

Karakteren Borat er laga og spela av komikaren, skodespelaren og regissøren Sacha Baron Cohen. Den svært politisk ukorrekte figuren er kjent for å sparke i alle retningar og har ikkje vore å sjå sidan 2006. Borat er også kjent for å mislike jødar. Sacha Baron Cohen er sjølv av jødisk opphav. I tilbakekomsten sa Borat blant anna dette:

Mankini

MANKINI: Det var Borat som introduserte mankinien, ei blanding av g-streng og bikini for menn. Det minimalistiske klesplagget har blitt brukt av tallause såkalla strekkarar som bryt inn i direktesendingar, som på dette bildet. Borat brukar mankinien når han skal sole seg og danse disko.

Foto: ALESSANDRO GAROFALO / Reuters

– Donald Trump ser jo ikkje ein gong ekte ut. Skaparen av karakteren har brukt alle pengane på oransje måling til ansiktet, og har ikkje ein gong pengar til parykk.

Den engelske komikaren er også kjent for karakterane og filmane Ali G og Brüno. I 2012 hadde han rolla som Thénardier i musikalfilmen Les Misérables. Det same året fekk han folk til å gapskratte då han spela den Saddam og Gadaffi-inspirerte diktatoren i komifilmen «The Dictator»

Ny film i 2016

Om Borat kjem tilbake fleire gonger er uvisst. Sacha Baron Cohen børsta støvet av den Pamela Anderson-gale karakteren i samband med lanseringa av komedien «The Brothers Grimsby». Heile opptrinnet som Borat var eit stunt for å promotere den komande filmen. Sacha Baron Cohen er ein av tre manusforfattarar av kinofilmen som kjem ut i mars 2016.

Kulturstrøm

  • Tre store motehus blir bøtelagt av EU-kommisjonen

    Motehusa Gucci, Chloé og Loewe blir bøtelagt med over 157 millionar euro for å ha gjennomført prising som er i strid med EU sitt reglement, kjem fram i ei pressemelding frå EU-kommisjonen.

    Motehusa skal ha fastsett vidaresalsprisar i strid med EU sine konkurransereglar.

    Motehusa skal ha avgrensa moglegheita for uavhengige tredjepartsforhandlarar til å sette eigne prisar for produkt designa og selt under merkevarene.

  • Musikalen Les Misérables er 40 år

    I år er det 40 år sidan musikalen Les Misérables hadde premiere på West End i London.

    Les Misérables er ein av dei mest spelte musikalane i verda. Det trass i at musikalen ikkje blei godt mottatt i 1985. Etter kvart vann musikalen fleire prisar.

    Musikalen flettar saman fleire menneske sine skjebnar som lev i Frankrike på starten av 1800-talet.

    en gruppe mennesker som går nedover en gate med en brann i bakgrunnen
    Foto: Lasse Berre
  • Swift med flest førsteplassar på Billboards albumliste

    Taylor Swift har stor suksess med sitt nye album «The Life of a Showgirl». Artisten er no den soloartisten med flest førsteplassar på Billboard albumliste, melder NTB.

    Swift har med det gått forbi både Drake og Jay-Z. Det nye albumet til Swift debuterte på førsteplass ei veke etter at det blei gitt ut.

    Utanom hennar første album, har dei gått rett inn på førsteplass. Ho er oppe i 15 og nærmar seg å ta rekorden frå Beatles som har 19.

    Albumcover til Taylor Swift
    Foto: NTB