Hopp til innhold
Anmeldelse

Ein guida tur i det blå

Maja Lundes «Blå» skal få oss til å kjempe mot klimakrisa. Romanen demonstrerer både styrken i og problemet med å gje litteraturen eit så tydeleg mål.

Maja Lunde

I romanen «Blå» hoppar Maja Lunde mellom to ulike historier på to ulike tidsplan.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

  • TITTEL: Blå
  • FORFATTAR: Maja Lunde
  • FORLAG: Aschehoug

«Blå» er, enkelt fortalt, ein roman om vatn. Ein ressurs det vert meir og meir av på kloden etter kvart som isen smeltar, men som på same tid er mangelvare: Drikkevatn er det allereie for lite av i utsette område og verre skal det bli, spår Maja Lunde og mange med henne. Meldinga er klar: Vi må kjempe mot denne utviklinga, som heng saman med klimakrisa.

Den nye klimalitteraturen

Blå av Maja Lunde

Med «Bienes historie» og «Blå» skriv Lunde seg inn i den nye bølgja av klimakrisebøker.

Foto: Aschehoug

Det er berre to år sidan ungdomsbokforfattaren Maja Lunde tog steget over til vaksenlitteraturen og brakdebuterte med romanen «Bienes historie». Ein roman som i skrivande stund er selt til 30 land og som har ført forfattaren på kryss og tvers over kontinenta for å snakke om boka som fortel oss at biedøden vil auke på og øydeleggje for matproduksjonen om vi ikkje endrar praksis på mange nivå.

Lunde skriv seg såleis inn i den nye bølgja av klimakrisebøker, som har bygd seg opp i løpet av dei siste åra. Namn? Til dømes Brit Bildøen, Peter Franziskus Strassegger, Christian Valeur og Mette Karlsvik, om vi skal halde oss til vaksenprosaen.

Helten og offeret for tapte slag

Tilbake til «Blå», som hoppar mellom to ulike historier på to ulike tidsplan, ikkje ulikt metoden frå «Bienes historie». I den eine møter vi Signe som tidleg i livet kjempa mot at elva Breio skal leggjast i røyr. At hennar gruppe taper kampen stogga ikkje Signe, som vi møter att i vår tid, no 67 år gammal og framleis kampklar. I den andre historia har vi David og ei rekkje andre klimaflyktningar frå Sør-Europa. Dei er på veg nordover, mot det dei kallar «vannlandene» og lever eit svært usikkert liv på vegen mot stader der det framleis går an for folk å leve. Vi skriv her året 2041.

David må vere fødd om lag i våre dagar, og kunne såleis vore barnebarnet til miljøaktivisten Signe.

Gode saker og god litteratur

Romanen illustrerer at dersom naturvernarar som Signe hadde vunne fram i vår tid, ville David og dei andre klimaflyktningane fått eit betre liv i framtida. Slik manar boka til engasjement. Og slik skaper romanen nokre problem for seg sjølv: Lesaren merkar fort kvar forfattaren vil ha oss, Lunde leier oss ved handa fram til innsikter og konklusjonar. Dermed får både forteljingane og personane noko skalkeskjulaktig ved seg; dei finst for å illustrere eit poeng. At poenget er svært viktig, rokkar ikkje ved dette. Ikkje dermed sagt at engasjert litteratur aldri kan bli verkeleg god; men det krevst kløkt å få det til. «Blå» er ikkje kløktig nok.

At handlinga i delen om Signe truleg er lagt til vestlandskysten utan at det finst eit einaste språkleg signal om dette i replikkane, gjer boka unødig preglaus. Det er så eg skvett når elvenamnet «Breio» dukkar opp, og eg tek meg i å lure på korleis Signe uttalar namnet.

Men dermed er ikkje alt sagt. Historiene i «Blå» er spennande. Dei er dessutan bygde på kunnskap om emnet og ikkje minst på eit sterkt engasjement. Dette vil sikkert føre boka fram til mange lesarar og kanskje til og med inspirere til dyst og dåd. Det er noko, det også, sjølv om det ikkje er stor litteratur.

Fleire meldingar frå NRK:

Byens spor

«Byens spor» av Lars Saabye Christensen: Lars Saabye Christensen går opp gamle spor i romanen «Byens spor». Når han har valt å skrive etter formelen same, but different, er han i godt selskap.

Bokforside

«Skada gods» av Tore Renberg: Når Renberg for tredje gong inviterer oss med på tokt med Hillevågsgjengen, gjer han det etter prinsippet more is more. Det sit som eit skot.

Ministeriet for den høyeste lykke - omslag

«Ministeriet for den høyeste lykke» av Arundhati Roy: «Ministeriet for den høyeste lykke» er Arundhati Roys andre roman på 20 år. Den er krass, kritisk, varm og vellykket i det meste.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska