Dei to siste åra har vore gode for Maja Lunde. Debutboka «Bienes historie» blei seld til sju land før ho hadde kome ut. No er boka seld til tjue språk i tretti land.
No toppar ho den tyske bestseljarlista, som blei presentert på sjølvaste 17. mai. Ho går med det forbi danske Jussi Adler-Olsen, som har trona på toppen dei siste vekene.
- Les:
– Det er utruleg gøy, samtidig som det kjennest uverkeleg, seier Lunde til NRK.
– Tyskland har eit svært litteraturinteressert publikum, og det å få vere ein debutant som går til topps er stort. Det er ein draum, og eg ventar berre at eg skal vakne.
Internasjonalt gjennombrot
Vanlegvis er det kriminalromanar og underhaldningslitteratur som toppar i Tyskland. Difor er dette er ei bragd, ifølge rettigheitssjef Even Råkil i Oslo Literary Agency.
– No toppar ho føre verdsstjerner som Jussi Adler-Olsen og Elena Ferrante. Den tyske forleggaren hennar seier det er sensasjonelt for ei debutbok frå ein ukjend utanlandsk forfattar, skriv han i ein sms.
- Les:
- Les:
Råkil kallar dette eit gjennombrot for Lunde, og meiner det lovar godt før boka blir lansert på engelsk til hausten.
Biedød
«Bienes historie» av Maja Lunde kom ut på Aschehoug i 2015.
«Bienes historie» handlar om bier som dør på uforklarleg vis, og kva konsekvensar dette får for naturen.
– Eg synest det er bra at ei bok som handlar om noko alvorleg, kan slå så godt an. Og det er ekstra moro at det skjer i Tyskland, som er eit land som ligg langt framme når det gjeld økologi og grøne verdiar.
- Les:
Samtidig er ho svært takksam for suksessen, som kjem etter hardt forlagsarbeid.
– Sjølv om boka kjem på mange språk i mange land, er det ingen garanti for at ho blir ein suksess. Difor er det ekstra gøy når det slår til, seier Lunde.
Merkar auka interesse
Den neste boka til Maja Lunde kjem til hausten, skriv VG. Då kjem også debutboka ut på engelsk. Det amerikanske storforlaget Simon & Schuster er i gang med å førebu lanseringa, men Lunde prøver å skru ned forventningane.
– No har denne forteljinga vart i to år. Alt som skjer no er bonus for meg.
Men ho merkar det er annleis å skrive bøker no, samanlikna med då ho arbeidde med debutromanen.
– Den gongen var eg i ei boble. Men no er det ikkje mogleg å tenke på alt som skjer. Samtidig er det viktig for meg at eg skriv den romanen eg har lyst til å skrive, og ikkje den eg trur omverda vil ha, seier Lunde.