Hopp til innhold

Blodslit i joggedress

Sjå kor langt Linda Eide er villig til å strekke seg for Norsk Attraksjon. Les om kraftprestasjonen hennar her.

Det tek på å springe tre maraton på eit døgn
Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

Med joggedressen på og raudvin som styrkedrikk er Linda Eide klar for sitt livs løpetur.

Målet er å springe så langt ho klarer på eit døgn.

Storhendinga skjer 14.august 2008. Eide står på startstreken i Fresvik i Sogn, bak henne ruvar minnesteinen til mannen som har utløyst galskapen.

Turen var ein hyllest til løpekongen Mensen Ernst

Klar til dyst, framfor minnesteinen over Mensen Ernst

Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

- Kunne Mensen Ernst springe frå Paris til Moskva på fjorten dagar, må kven som helst med en normal vestnorsk grunnform klare ein tur over Vikafjellet, seier ho kjekt.

Mannen med det merkelege namnet vart fødd i Fresvik i 1795.

Han heitte eigentleg Mons Monsen Øyri og var ein av dei største idrettsutøvarane Noreg har fostra.

Øyri reiste ut i verda som sjømann og oppdaga snart at han hadde eit stort løpetalent. Han skifta namn og vart berømt for si utrulege uthaldsevne.

Ein av dei største prestasjonane hans var eit løp mellom Paris og Moskva i 1832. Den distansen gjorde han unna på berre to veker, og la dermed bak seg 180 kilometer i døgeret!

Norsk Attraksjon vil hylle løpekongen og Linda Eide er i siget.

Ho skal springe over Vikafjellet, ned til Voss og, om alt går som planlagt, krysse målstreken på Fisketorget i Bergen eit døgn seinare.

Drøy diett

To mil i strekk er det lengste programleiaren har sprunge før. For å klare dette kjempeløpet held ho seg til same diett som Mensen Ernst brukte, store mengder raudvin og gulerøter.

Dessutan tek ho i mot det som jublande tilhengarskarer gjev henne undervegs.

- Eg fekk spaghetti med kjøtsaus frå italienske bubilturistar, samt lefse, bringebærsaft, kvitvin og bananar i lange baner, fortel Eide.

Det er mykje motivasjon i godt selskap

Det er mykje motivasjon i godt selskap.

Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

Turen frå Fresvik til Bergen er ikkje berre lang, den er også svært kuppert, med ei stigning på oppimot 1000 meter over Vikafjellet.

- Etter å ha løpt så lenge, fekk eg nyvunnen respekt for dei som har løpt enda fleire mil, seier programleiaren.

Ho er sveitt no. Vegen er bratt, det er langt igjen og regnet ausar ned. Likevel held ho koken. Ikkje før ho har kryssa fjellet og nådd Vinje, i Voss kommune, møter ho veggen.

Ho sig saman på ein benk og freistar å få nye krefter med ein skvett pappvin.

Kroppen takkar nei. Fyrst etter ein kopp kaffi og ei skive med geitost er ho klar til å halde fram.

Tre maraton på eit døgn

Synet av heimbygda gjev sårt tiltrengt motivasjon. Langs vegkanten viftar sambygdingar henne fram med flagg og jublande tilrop. Føtene er fulle av blemmer, men spring taktfast vidare.

Oppmuntring frå heimepublikummet gjer turen gjennom Voss til ei triumfferd, men døgnet er snart over og det er enno mange mil til Bergen.

Endeleg i mål

Endeleg i mål

Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

Når klokka slår tolv er løpedronninga på Bulken. Mange mil frå Fisketorget, men milevis bra nok til å vere ein fullgod hyllest av Mensen Ernst.

På eit døgn har Linda Eide sprunge 116,7 kilometer. Det er nesten tre maraton.

- No veit eg litt om korleis Ernst hadde det, slår ho fast.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska