Iført sin raude joggedress ber ho oss lyfte blikket og sjå ting rundt oss på ein litt annan måte. Då kan du sjølv kome på sporet av ein Norsk attraksjon.
At Linda reiser landet rundt i grilldress er ikkje tilfeldig.
- Eg kan ikkje skjøne at folk grillar i dette antrekket, men dressen er heilt perfekt når du skal lage tv, fortel ho.
- For det første treng du ikkje lure på kva du skal ha på deg før opptak, dessutan gir dressen stor fridom til å bevege seg. Og det er veldig viktig når ein skal lage fysisk fjernsyn, forklarar Linda.
Tørre fakta
Journalisten, forfattaren og humoristen Linda Eide er frå Voss og tilsett ved NRK Program Riks i Bergen.
Ho vart fødd i 1969 og yndlingsfarga hennar er raud. (jfr fargen på joggedressen.)
Elles då?
Linda er glad i å løpe og sykle. Ho er stjerna på fotballaget sitt, Nymark old girls, og regjerande NRK-Hordaland-meister i bordtennis (2007).
I Norsk attraksjon får Linda Eide spele på dei nasjonalromantiske strengane sine.
Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRKPå tv kjenner vi Linda frå mellom anna programserien ”Eide og Morris – eit matprogram”. På radio er ho kjend for reportasjer og
i Norgesglasset på P1.Prisdryss
I fjor fekk Linda Kultur- og kyrkjedepartementets pris for nynorskjournalistar, men sin aller første pris fekk ho i 1980.
- Eg vann VM, og vart vossameister i langrenn klasse 10 år. Det kom bilete i bladet ( avisa Hordaland) av dei yngste vossameistrane. Og der står eg saman med Gudmund Skjeldal som vann klasse 9 år. Eg la opp same år, han heldt fram nokre år til. Han gav seg som kjent på topp, han også, fortel Linda.
Pris fekk ho òg for dokumentaren
. Der prøvde Linda å finne ut kvifor syklistane er blitt så totalt oversett av trafikk-planleggjarane. Kvar dag syklar Linda, med livet som innsats, til og frå jobb.Deler med kollegaer
For pris-pengane kjøpte Linda ein sykkel, so klart, men ikkje til seg sjølv. Den nye sykkelen har NRK-logo og Linda deler han med sine kollegaer på NRK i Bergen.
- Kva for pris har betydd mest for deg, Linda?
- Bordtennispokalen betydde enormt mykje internt i NRK. Men eg set nok kanskje prisen frå kulturdepartementet høgast. Mykje fordi eg då fekk eit digert verk av Oddvar Torsheim, "Skakkøyrd blåveissyklist". Han er min favoritt, smiler Linda som har gitt Torsheimen heidersplassen i stova.