Hopp til innhold

Blir sesong to av Maskorama

NRK kan bekrefte at det blir sesong to av Maskorama.

Enhjørningen fra Maskorama

Einhyrningen og programleiar Silje Nordnes.

Foto: NRK

For dei som har sete framfor TV-skjermen og sett på haustens elleville program Maskorama kan nå glede seg til ein sesong til.

Eksternredaktør i NRK, Petter Wallace seier dette:

– Maskorama har openbert svart på eit behov hjå sjåarane våre til å få leike og ha det hyggeleg saman med andre i denne mørketida.

– At så mange har vald å bli med på leiken, har gleda oss stort, og det var derfor årets enklaste avgjerd å servere ein ny sesong av Maskorama til NRKs sjåarar også neste haust.

Programmet har fått nordmenn i alle aldrar til å benke seg framfor TV-skjermen dei siste fem laurdagskveldane.

Jan Thomas, Marion ravn og Nicolay Ramm i femte sending av Maskorama.

Jan Thomas, Marion Ravn og Nicolay Ramm har utgjort detektivpanelet i årets Maskorama.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Mottakinga har vore uverkeleg

Maskorama hadde over ein million sjåarar under fjerde episode av sendinga.

Administrerande direktør i Fremantle, Petter Testmann-Koch seier at det har lenge vore ein draum å få lov til å lage helgeunderhaldning for NRK.

– Og mottakinga av Maskorama har vore uverkeleg. Det er naturlegvis utruleg stas å få fornya tillit frå NRK, og vi håper at vi klarar å fornye tilliten hjå sjåarane også når vi presenterer nye masker neste år.

Konseptet går ut på at kjendisar kler seg ut i eit kostyme og opptrer med ei sjølvvald låt på scena.

I haustens sesong har vi blitt kjent med Ravna, Einhyrningen, Rosa Puddel, Gaupa, Fugleskremselet, Trollet, Vikingen, Elgen.

Anne Rimmen som Ravnen i Maskorama

Det var programleiar Anne Rimmen som viste seg å vere Ravna

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

– Nå byrjar vi på ei ny runde med hemmelegheiter

Alt er hemmeleg, ingen veit kven som skjuler seg bak. Den med minst stemmer frå publikum må ta av seg maska og avsløre identiteten sin.

Programmet er eit samarbeid mellom NRK og produksjonsselskapet Fremantle.

– Heile teamet bak Maskorama har hatt det kjempemorosamt saman med sjåarane denne hausten. Vi er lykkelege for at vi skal få lov til å gjere det igjen, seier produsent i Fremantle Kim Strømstad.

– Nå skalkar vi lukene, låser oss inn, og byrjar på ei ny runde hemmelegheitskremmeri.

Trollet, Vikingen, Elgen fra Maskorama-finalen

Elgen, Vikingen og Trollet er dei tre som står igjen til kveldens finale. Klarar du å gjette kven dei er?

Foto: NRK

Finale i kveld

I kveld er det finale.

Framleis er det ingen som veit kven som er Trollet, Vikingen og Elgen. Fleire namn har florert i sosiale medium dei siste dagane.

Her kan du sjå alle hinta.

Blant anna John Carew, Herman Dahl, Einar Tørnquist, Markus Bailey og Ulrikke Brandstorp og Lisa Børud.

Herman Dahl, som er foreslått som Vikingen, har sjølv lansert Victor Sotberg.

Følg med på finalen på NRK kl. 19.50 for å finne ut kven Trollet, Vikingen og Elgen er.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober