Hopp til innhold

Herman Dahl om Maskorama: – Eg trur Vikingen er Victor Sotberg

Rykta seier at det er Herman Dahl som er Vikingen, Ulrikke Brandstorp som er Trollet og at det er Markus Bailey som er Elgen i Maskorama. Kva seier dei sjølve?

Herman Dahl

Youtuber og Maestro-vinnar Herman Dahl er fan av Maskorama.

Foto: Privat

– Eg elskar Maskorama og synest det er digg med noko nytt og «fresht» på norsk TV.

Det seier Herman Dahl om det som har vore ein skikkeleg sjåarmagnet i haust.

Og i finalen i kveld får vi endeleg vite kven som skjuler seg bak Trollet, Vikingen og Elgen.

Fleire namn har dukka opp til no. Når det gjeld Vikingen har det blitt foreslått blant andre Youtuber Sander «Randulle» Austad Dale og «Skam»-skodespelar Cengiz Al.

Men namnet som har florert mest i sosiale medium er Herman Dahl.

Herman Dahl i Maestro

Herman Dahl i «Maestro» i vinter der han brukte dirigentpinne for å dirigere orkesteret. Ein slik pinne eller tryllestav har vore blant hinta om Vikingen.

– Artig at mange trur eg er Vikingen

Herman Dahl vil verken stadfeste eller avkrefte om han er Vikingen. Men svarer følgande på SMS til NRK:

– Så artig at så mange trur eg er Vikingen. Eg er veldig fan av Maskorama og gler meg til finalen.

Han fortel vidare at han har vore litt usikker på kven dei tre resterande er, men har no bestemt seg:

– Eg har nå låst meg på at Trollet er Ulrikke Brandstorp, Vikingen er Victor Sotberg og Elgen er Markus Bailey.

Viking Maskorama

Vikingen i Maskorama elskar å erobre nye verder, og likar å eksperimentere med song og leik.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Hadde du sagt ja til å vere med i eit slikt program om du hadde vorte spurd?

– No kryssar eg fingrane for at det blir ein sesong til å sjå fram til. Og hadde eg fått moglegheita til å bli med hadde det vore heilt rått, seier han.

– Eg fekk eit lite glimt av Trollet backstage

Sist helg gjetta detektivpanelet på at det var Elisabeth Carew eller Maria Haukaas Mittet som skjulte seg i Troll-kostymet.

Men namnet som har vore på alle sine lepper, og som detektiv Marion Ravn har heldt ein knapp på dei siste vekene, er Ulrikke Brandstorp.

Det tar artisten sjølv som eit kompliment.

Ulrikke Brandstorp frå femte sending av Maskorama. Her i duett med Vikingen

Eit av dei store spørsmåla sist helg var om Ulrikke Brandstorp ville ha rokke å skifte kostyme til Trollet før og etter duetten med Vikingen.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Eg synest det er kjempekoseleg, skriv Brandstorp i ein SMS til NRK.

Trollet har hinta om at ho starta karrieren svært ung og at ho likar å danse, og Brandstorp meiner denne beskrivinga passar godt til ho.

Likevel meiner 25-åringen at duetten ho hadde med Vikingen førre helg bør vere overbevisande nok på at det ikkje er ho som er Trollet.

– Det var så fantastisk morosamt å få ein liten smakebit av sirkuset. Eg fekk til og med eit lite glimt av Trollet backstage, seier ho.

Ifølgje Brandstorp stod Trollet klar til å gå på scena då ho kom av etter å ha sunge med Vikingen. Meir vil ho ikkje utdjupe. Ho røper derimot at ho trur Elgen er Markus Bailey.

Ulrikke Brandstorp og Vikingen femte sending av Masorama

Ulrikke Brandstorp saman med Vikingen i Maskorama sist helg.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Og så har eg vore innom Niklas Baarli som Vikingen, men har landa på ein annan kjent person etter at eg song med han førre helg.

Brandstorp held foreløpig korta svært tett til brystet når det kjem til kven ho trur Vikingen er.

Markus Bailey ville ikkje gje nokon kommentar til NRK.

– Er bombesikker på at det er Ulrikke

NRK har også vore i kontakt med dei tidlegare deltakarane, og dei er ganske samstemte.

Anne Rimmen (Ravnen), Mia Gundersen (Rosa puddelen) og Trygve Slagsvold Vedum (Fugleskremselet) trur Trollet er Ulrikke Brandstorp.

Trygve Slagsvold Vedum

Trygve Slagsvold Vedum har fått gode råd frå dotter si når han har tippa på kven som er igjen.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Det ville ha vore godt gjort av Ulrikke å skifte så fort, men det er fysisk mogleg. Men då må det også vere ein del andre som jobbar bak som veit det, seier Vedum.

– Det er ein fryd å høyre stemma hennar. Eg er bombesikker på at det er Brandstorp, supplerer Gundersen.

Dei trur også at Elgen er Markus Bailey, trass i at namn som Einar Tørnquist og John Carew også har blitt foreslått utover i programmet.

– Eg skjønte det med ein gong eg høyrde latteren hans, seier Mia Gundersen.

Anne Rimmen trur Vikingen er Herman Dahl. Gundersen og Vedum er derimot usikre.

Anne Rimmen som Ravnen i Maskorama

Anne Rimmen vart avslørt som Ravnen sist helg. Ho skriv til NRK at ho er like spent som alle andre og gler seg veldig til å få fasiten.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

– Vikingen er mest mystisk av alle, eg klarar ikkje å ta det.

– Eg har ikkje peiling, det kan like gjerne vere Bård Ylvisåker. Men dottera mi har råda meg til å tippe Herman Dahl, seier Vedum.

Medan Inger Lise Rypdal innrømmer at ho ikkje har aning på kven dei andre er.

Kulturstrøm

  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka