George Martin fekk Grammy-pris i 2008.
Foto: LUCY NICHOLSON / ReutersGeorge Martin, ofte kalla «den femte Beatle», produserte nesten alle innspelingane til the Beatles og laga også orkesterarrangementet til låtane «Yesterday» og «A Day In Life». I tillegg var det han som gav gruppa platekontrakt då ingen andre ville gjere det.
Beatles-trommis Ringo Starr var blant dei første til å kondolere:
Også Paul McCartney har lagt ut ei pressemelding på heimesida si:
– Frå den dagen han gav the Beatles vår første platekontrakt til den siste gongen eg såg han, var han den mest sjenerøse, intelligente og musikalske personen eg nokon gong har hatt gleda av å kjenne.
Talentspeidar
George Martin var med å gjere the Beatles til verdsstjerner.
Foto: HO / REUTERSGeorge Martin blei født i London i 1926. Etter å ha tenestegjort i det britiske sjøforsvaret i 1947, studerte han piano og obo. Han fekk jobb i plateselskapet Parlophone, der han etter kvart fekk ansvaret for å finne nye talent.
Han var på jakt etter eit rockeband, og høyrde ein demo the Beatles hadde spelt inn for Decca Records. Han likte det ikkje, men inviterte dei likevel til ei innspeling i Abbey Road-studioet. Då såg han eit potensial, og gav dei kontrakt.
- Les også:
- Les også:
Han blei ein viktig samarbeidspartnar for gruppa, og hadde også avgjerande kreativ innverknad på utviklinga avgruppa, seier musikkvitar og førstelektor ved Westerdals ACT, Audun Molde:
– Det er ikkje mogleg å måle eller setje ord på kor viktig George Martin var for karrieren til the Beatles. Det er eit lykketreff av dimensjonar at dei ikkje fekk platekontrakt hos andre. Samarbeidet og kjemien mellom George Martin og the Beatles var heilt spesiell.
– Endra produsentrolla
Musikkvitar Audun Molde seier George Martin endra rolla til musikkprodusentane.
Foto: PrivatI tillegg til å produsere, arrangerte han også fleire av låtane til the Beatles. Martin laga for eksempel orkesterarrangementa til «Yesterday» og «A Day in the Life». Det var også han som fann på å spele inn musikk baklengs for å skape ein psykedelisk effekt på «Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band». Han endra produsentrolla, seier Molde:
– Før 60-talet var musikkprodusenten ein innspelingsleiar og tilretteleggar. Etter Martin blei produsenten ei kreativ kraft. Martin gjekk inn og realiserte mange av dei ideane gruppa hadde.
Suksessrik
George Martin har vunne fleire Grammy-prisar. Og i 1996 blei han adla. Han har også samarbeidd med artistar som Gerry and the Pacemakers, Kenny Rogers og Celine Dion. I 1997 produserte han Elton John si nyinnspeling av «Candle In The Wind» i samband med at prinsesse Diana gjekk bort.
- Les også:
I alt rakk George Martin å produsere over 700 album før han døydde. Han står også i Guinness rekordbok for å ha hatt over 50 plater som har blitt nummer 1 over fem tiår berre i USA og Storbritannia aleine.