Hopp til innhold
Anmeldelse

På glideflukt inn i nifs framtid

Det er pinefullt når Cathrine Knudsen pirkar borti systema vi bruker for å pynte på dei bitre realitetane. Når dekorjobben denne gongen får hjelp av den nyaste teknologien blir det direkte skremmande.

Cathrine Knudsen, forfatter

«Vi snakkar ikkje psykologiske portrett og episke skildringar der hendingar knyter seg pent i kvarandre. 'Den siste hjelperen' er ein ideroman», skriv Marta Norheim om Cathrine Knudsens roman.

Foto: Tommy Ellingsen
Bok

«Den siste hjelperen»

Cathrine Knudsen

Skjønnlitteratur

2018

Pelikanen forlag

To bilde dukkar opp når eg tenkjer på Knudsens bøker: Ein gammal mann som sit og klappar på ein selunge (!), så sinnrikt laga at han verkar levande. Og ei kvinne som dreg frå pensjonatet ho bur på til faste tider kvar dag, for slik å late som ho høyrer til dei yrkesaktive. Ikkje akkurat horror, men to små bilde frå eit samfunn der elektroniske omsorgsprodukt og avansert forstilling er små bitar i eit temmeleg ekkelt mønster.

I «Den siste hjelperen» tek Knudsen det eitt hakk vidare, og lesarar blir utfordra på fleire nivå. Er det verkeleg sant at folk kan dra til Sveits for å få hjelp til å ta sitt eige liv? Finst det ein hemmeleg organisasjon av «englar» som hjelper dei dit? Har eldreomsorga verkeleg nådd eit stadium der dei gamle bur i liksom-ekte samfunn med butikkar og busstopp, og med dører kamuflert som bokhyller der helsevesenet kan gå ut og inn? Går det geiter rundt på norske gardsbruk med genar frå edderkoppar, for å produsere den fantastiske tråden i edderkoppnettet? For å nemne noko.

Ideroman

Som i Maddaddam-trilogien til den kanadiske forfattaren Margaret Atwood er noko sant og noko oppdikta, men alt kunne skjedd. Vi er der- nesten, og vi er kanskje på veg dit.

Ei namnlaus kvinne (38), enke med to små barn har ei hand inn i alt dette og mykje meir. Mens ein vanlegvis forstår meir av ein person etter kvart som ein les, skjer det motsette her: Denne kvinna blir gradvis mindre menneskeleg og står stadig tydelegare fram som det instrumentet forfattaren treng for å kunne vise oss alt dette. Like eins blir situasjonar som ropar etter avklaring, brått kutta av; vi skal vidare til neste fenomen. Kva som motiverer kvinna til å bli med på dei meir ekstreme prosjekta får vi knapt vite om.

Vi snakkar altså ikkje psykologiske portrett og episke skildringar der hendingar knyter seg pent i kvarandre. «Den siste hjelperen» er ein ideroman.

Etisk og teknologisk glideflukt

Mange av fenomena ligg i kategorien «tilrettelagt omsorg». Dei gamle skal føle at dei er heime. Dei som føler at livet er meiningslaust, skal få hjelp til å døy. Etterspørsel skaper tilbod, som igjen skaper idear om at ein har rett på hjelp og at det er rett å hjelpe. Og kven kan nekte for at edderkoppen sit på eit supergen som både forsvaret og andre kan dra nytte av?

Kven kan seie stopp når det er teknologisk mogleg? Kven kan seie «nei» når det er marknad for det? Knudsen viser oss glideflukta i samfunnet så vel som i språket. Knudsen har eit skarpt blikk for kva som skjer og kanskje kan skje i nær framtid. «Den siste hjelperen» er ein skremmande og viktig roman.

Passar for deg som:

  • lurer på kva det er som er gale

  • ikkje meiner at romanpersonar må vere truverdige

  • har sans for ideromanar utan klare svar

Fleire meldingar frå NRK

Romanen «Kraften» av Naomi Alderman

«Kvinner, menn og makt er eit usliteleg tema i litteraturen, i samfunnsdebatten og i talrike par-terapiar. Naomi Alderman kjem med ein knallhard og forfriskande versjon i 'Kraften'. Køyr debatt!» Les meldinga

Kaspar Colling Nielsen

«Borgarkrig – i Danmark. Kva skal til for at dette går frå luftig fantasi til blodig realitet? Kaspar Colling Nielsen tek saka i denne kunnskapsrike, tankevekkjande og burleske romanen. Dessverre slepper han spørsmålet for tidleg.» Les meldinga

Rachel Cusk

«Det finst gode romanar, og så har du dei som ligg hakket over. Der ligg 'Omriss'. Rachel Cusk skriv både intelligent og gripande, analytisk og inderleg, originalt og gjenkjenneleg. Meir kan ein ikkje krevje.» Les meldinga

Kulturstrøm

  • Vónbjørt Vang fra Færøyene får Nordisk råds litteraturpris

    Nordisk råds litteraturpris 2025 tildeles diktsamlingen «Svørt Orkidé» av Vónbjørt Vang fra Færøyene.

    Dette er første gang siden 1986 at litteraturprisen går til en forfatter fra Færøyene.

    – Med sine hudløse dikt og et sterkt visuelt uttrykk har Vónbjørt Vang skapt et verk som utvider moderskapets språk og gir sorgens vesen nye dimensjoner, står det i juryens begrunnelse.

    Også Nordisk råds filmpris gikk til en fra Færøyene. Prisen gikk til færøyske filmen «Seinasta paradís á jørð» av regissøren og manusforfatteren Sakaris Stórá.

    Dag Johan Haugerud var Norges kandidat til Nordisk Råds filmpris for 2025. Hadde han vunnet, så ville han vært den første som vant prisen tre ganger.

    Hver pris er på 300 000 danske kroner og deles ut i forbindelse med Nordisk råds sesjon i Stockholm 28. oktober.

    Bilde av en kvinne med grått hår.
    Foto: Ana Holden-Peters / NRK
  • Skuespiller Jan Frostad er død

    Den bergenske og profilerte skuespilleren Jan Frostad døde i Trondheim etter kort tids sykdom mandag 20. oktober.

    Det melder sønnen hans i en pressemelding.

    I løpet av skuespillerkarrieren har Frostad medvirket i over 150 produksjoner, alt fra teater, radioteater, fjernsynsteateret, film og TV-serier.

    en mann og kvinne som sitter på en sofa
    Foto: Ned Alley / NTB
  • BT: Frode Øverli legg Pondus på hylla

    Etter 30 år sluttar Frode Øverli å teikne Pondus-striper regelmessig, melder BT.

    Framover skal Pondus-teiknaren fokusere på barnebøker, rett nok med ein karakter som Pondus-lesarane kjenner godt til, nemleg Frida, eller «Sneipen».

    Pondus-bladet kjem til å halde fram ei stund til, og teiknaren seier han har nok nytt materiale til å fylle opp Pondus-bok nummer 25.

    – Men det kjem ikkje lenger noko nytt i blad eller aviser, seier han til avisa.

    Rett nok nektar han ikkje for at det kan kome nye Pondus-striper ein gong, men det blir eventuelt om og når han sjølv vil.

    Frode Øverli
    Foto: Sølve Rydland / NRK