Hopp til innhold
Anmeldelse

Lett å lese, vanskeleg å gløyme

Det finst gode romanar, og så har du dei som ligg hakket over. Der ligg «Omriss». Rachel Cusk skriv både intelligent og gripande, analytisk og inderleg, originalt og gjenkjenneleg. Meir kan ein ikkje krevje.

Rachel Cusk

Rachel Cusk har ei «ekstraordinær evne til å skape ein serie portrett som ikkje berre får liv, men som også gjev til beste tolkingar av det dei har opplevd så langt i livet», skriv Marta Norheim.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Cusk tek for seg av det stoffet romanar flest er laga av for tida: forelsking, barn, samlivsbrot, karriere og meininga med livet. Å få historier frå denne sona til å verke friske og nye, er litt av eit kunststykke. Kva er det Cusk har gjort?

Intimiteten mellom ukjente på reise

Grovt sett to ting. Det eine er forma. I staden for å følgje ein person, eit par eller ei gruppe menneske frå første til siste side, let forfattaren stadig nye folk kome til orde i ein serie. Rammehistoria er enkel: ein britisk forfattar, Faye, skal dra frå London der ho bur og til Aten, der ho skal vere lærar på eit skrivekurs.

Heile vegen møter Faye folk: kjente, men ikkje minst ukjente, som finn det naturleg å opne seg for eit menneske i straumen. Sjølv er ho nyskilt, ulykkeleg og ganske taus. Dermed får dei ho møter rikeleg høve til å snakke om seg sjølv. Også skrivekurset utartar til utveksling av private historier – noko som får ein av studentane til å forlate timen i sinne. Av og til er Faye heilt taus, av og til spelar ho djevelens advokat, som gjerne vil seie å ta ekskoner i forsvar og presse fram nyansar i historiene. Livshistoria blir forma og omforma fordi det finst ein lyttar der. Alle historier er tolkingar.

Ekstraordinær formuleringsevne

Å la mange folk kome til orde etter tur i ei rammehistorie er ikkje nytt i verda, men det er forbløffande kor stor effekt det har her. Og dermed er vi ved den andre tingen som gjer denne boka så god, nemleg Cusks ekstraordinære evne til å skape ein serie portrett som ikkje berre får liv, men som også gjev til beste tolkingar av det dei har opplevd så langt i livet. Éin lurer på om alt hadde vorte annleis om han hadde gjort andre val, eller om det hadde gått ut på det same. Ein annan funderer over om det går an å forandre seg grunnleggjande. Sjalusien ligg som ei gul tåke over det heile: over elskarinnene til ektemannen så klart, men også over hundar som får blikk ein sjølv kunne ha trengt, mødrer som blir elska høgare av barna sine enn ein sjølv opplever, pianisten som spelar eit stykke ein sjølv har gitt opp.

Denne kombinasjonen av analyse og livserfaring, av latterlege, rørande og kloke trekk som formulert i eit uvanleg presist språk, vekkjer eitt ønske: Meir! Og ønsket vil bli oppfylt, ettersom dette er første roman i ein trilogi. Det finst altså gode krefter i verda.

Passar for deg som

  • har opplevd å vere sjalu, for eksempel på ein hund
  • ikkje må ha historier som går frå a til å

Fleire meldingar frå NRK

Ferskenen

«Frå Johan Harstad kan ein vente seg litt av kvart, og få det. Men ei samling på 15 krimromanar som kallar på skratten, vil eg tru overraska sjølv den mest ihuga fansen. Like fullt: Der har du 'Ferskenen' i handa.» Les meldinga

Naja Marie Aidt, Carls bok

«Når døden brått og utan god grunn hentar ein av dei fire sønene til Naja Marie Aidt, bryt både forfattaren og språket saman. Boka om kollapsen og vegen tilbake er uhyre sterk lesnad.» Les meldinga

Rimbereid, Lenis plassar

«Øyvind Rimbereid har skapt sin helt egen lyrikkgenre. I det nye langdiktet 'Lenis plassar' alternerer ulike stemmer i en svevende dialog der leseren strekkes mellom virkelighet og drøm, fortid og nåtid, håp og undergang.» Les meldinga

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober