Hopp til innhold

Kulturtips for Oslo i sommar

Det er sommar og Oslo har opna opp! Her er kulturtips for deg som skal bruke årets noregsferie i hovudstaden – anten åleine, med venner eller familie og barn.

Sommer ved operaen i Bjørvik.

SOMMAROSLO: Operaen er det naturlege midtpunktet i Bjørvika i Oslo. I tillegg til å få med seg ny, spanande arkitektur som Deichman og det nye Munchmuseet, er det også mange moglegheiter til å ta seg ein dukkert.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Oslo har, etter å ha vore nedstengt i lang tid, endeleg fått opne meir og meir opp. Som den byen i landet med dei desidert strengaste koronatiltaka over tid, har kulturlivet vore i meir eller mindre tvungen dvale. No dukkar det opp stadig fleire kulturarrangement over heile byen.

Her har vi samla kulturtips til arrangement og attraksjonar som er planlagt i sommar – nokre av dei spesielt anbefalt av NRKs kulturkritikarar.

I takt med gjenopninga oppfordrar vi også til å følge med på kva som eventuelt måtte dukke opp av kulturaktivitetar.

God sommar!

Musikk

Fra Musikkfest Oslo, Spikersuppa, 2017
Foto: Berit Roald / NTB
  • Kva: Musikkfest Oslo (tidlegare Musikkens Dag)
  • Når: 28. august
  • Anbefalt av: Espen Borge, musikkritikar

Eit sikkert teikn på at sommaren er i anmarsj er den årlege Musikkfest, men i år er arrangementet flytta til seinsommaren. Hundrevis av band og artistar inntek store og små scener over heile byen og spelar konsertar gjennom dagen.

Andre musikktips:

  • Oslo Pride. Fleire konsertar. 18. - 27. juni.
  • «La Bohème» (scenisk konsert), Den Norske Opera og ballett. Spelar til 23. juni.
  • «3XH Festival Hip hop på Haugen». Artistar som Kamelen, B-Boy Myhre, Siy Abång. 6. - 7. august.
  • Melafestivalen, 13.- 15. august.
  • Oslo Kammermusikkfestival, med mellom andre Sigrid Moldestad & Ensemble Allegria. 13. - 22. august.

Kunst

Foto fra utstillingen «Gi meg et navn» på Munchmuseet.
Foto: Munchmuseet
  • Kva: «Call me by my name», Munchmuseet, Tøyen
  • Dato: står til 29. august
  • Anbefalt av: Mona Pahle Bjerke, kunst- og arkitekturkritikar

Med inspirasjon frå Black Lives Matter-rørsla har Munchmuseet laga ei utstilling med utgangspunkt i Edvard Munch sine måleri av ein mann med afrikansk opphav som heiter Sultan Abdel Karem. Munch måla Karem ei rekke gonger, openbert fascinert av den høgreiste skikkelsen hans og den skinande brune huda hans. Men det interessante er at portretta ikkje ber namnet til modellen, slik dei aller fleste portretta til Munch gjer elles.

Kva gjer ein tittel med opplevinga av eit bilde? Kva om vi tek det stolte portrettet av Munchs mektige lege Dr. Daniel Jakobsen og titulerer det med «skandinavis medisinmann» eller «Nord-Europear i sitt rette habitat»? Det er denne typen problemstillingar utstillinga utforskar. På ulike måtar undersøker dei korleis språk er makt.

Det er all mogleg grunn til å besøke denne kanskje aller siste utstillinga på Tøyen før museet opnar i nytt bygg i Bjørvika til hausten.

Fleire kunsttips:

  • Astrup Fearnley Museet, Tjuvholmen: utstillinga «Nicole Eisenman – Giant Without a Body» og museet si faste samling som er ei av Europas største samlingar av internasjonal samtidskunst.
  • Kunstnerenes Hus: Utstillingane «Pike lægger i ovnen» av Ida Ekblad (fram til 8. august) og «Rites of Passage»/Nasjonalmuseet på Kunstnernes Hus (til 1. august).
  • Dronning Sonja KunstStallI: Utstillinga «Kunstaudiens. Nasjonalmuseet i Kunsthallen»,. Sentrale verk frå samlinga til Nasjonalmuseet.
  • Vigelandsparken/Vigelandmuseet/Vigelandsmausoleet. Sjølv om ein aldri blir heilt ferdig med Vigelandparkens over 200 skulpturar, kan ein sjå meir av Vigelands kunst på Vigelandmuseet på Frogner. Besøk også Emanuel Vigelands museum/Vigelandsmausoleet på Slemdal med fresker av bilethoggar Emanuel Vigeland, bror til Gustav.
  • Skulpturparken på Ekeberg. Christian Ringnes sine mykje omtalte kvinneskulpturar er å finne i Ekebergåsen. Her kan du vandre fritt sjølv, eller bli med på omvising.
  • Gatekunst: Oslo er full av gatekunst. Sjå dette kartet over anbefalte gatekunstdestinasjonar i byen og gå på oppdagingsferd på eiga hand eller book ein guida tur med Oslo Street Art Tours.

Humor

Kevin Vågenes
Foto: JOHN ANDRESEN / Seefood TV
  • Kva: «Singel i parterapi» med Kevin Vågenes, Latter
  • Dato: spelar til 21. august
  • Anbefalt av: Espen Borge, humorkritikar

I det første soloshowet sitt viser Kevin Vågenes at dersom ein vanleg komikar er ein seksstrengs gitar, er han ein tolvstrengar. Betre enn dette kan ikkje brei scenehumor gjerast. Og når det i tillegg blir gjort med bakgrunn i eit eksepsjonelt veletablert karakterunivers (frå humorserien «Parterapi»), er det ikkje anna å gjere enn å ta av seg hatten.

Lenge leve Kevin Vågenes! (Les anmeldelsen med terningkast 6)

Fleire humorshow:

  • «Sommerstandup 2021», Latter (spelar til 10. juli)
  • «Oslo Humorfest» på SALT (28. - 31. juli)

Teater

Fra «P for Per» av Sommerteateret i Frognerparken.
Foto: Erika Hebbert
  • Kva: Sommerteatret ved Monolitten i Frognerparken
  • Dato: 17. juni - 23. juli
  • Anbefalt av: Karen Frøsland Nystøyl, teater- og dansekritikar

Sommerteatret ved Monolitten i Frognerparken har vore ein tradisjon sidan 1974. Der spelar andreårsstudentane frå Teaterhøgskulen framsyningar for barn i eit akkurat passe stort telt, og det er ein av dei fine sommartradisjonane i hovudstaden.

Ofte har dei laga teater av kjende forteljingar, men i år presenterer dei nyskriven dramatikk for barna, noko som i seg sjølv er verd ein applaus. Toril Solvang, kjent frå mellom anna Tigerstadsteatret, står for både manus og regi i framsyninga «P for Per» – som ikkje handlar om Peer Gynt, men om ein gut i superheltdrakt som flyttar inn i ein bakgård full av spenning, rare folk, fine folk og hemmelegheitar.

Framsyninga er ein hyllest til den utvida familien, og passar for barn frå fem år og tilhøyrande vaksne.

Fleire teatertips:

  • «Spelet om trona. Sesong 2», Overspillteatret, Salt scene ved Havnelageret. 18. - juni - 5. august
  • «Sommerimpro», Det Andre Teateret. Torsdag til laurdag fram til 7. august.
  • I august opnar også byens største teaterscener igjen: Nationaltheatret startar med framsyningar frå 6. august med teaterstykker som «Full spredning», «Hamlet» og «Etter stillheten». Det Norske Teatret frå 14. august med mellom anna «Tolvskillingsoperaen».

Arkitektur

Operahuset i Oslo
Foto: Fredrik Hagen / NTB
  • Kva: Den Norske Opera og ballett, Bjørvika
  • Anbefalt av: Mona Pahle Bjerke, kunst- og arkitekturkritiker

Den Norske Opera og ballett i Bjørvika er eit av Noregs mest bejubla byggverk, og eit prakteksemplar på samansmelting av kunst og arkitektur. Teikna av Snøhetta som er eit av dei mest feira og prisbelønte arkitektkontora i landet. Operaen er eit svært vakkert byggverk som kombinerer estetikk og funksjon på ein forbilledleg måte.

Fleire arkitekturtips:

  • Deichman Bjørvika, byens nye hovudbibliotek som opna i fjor sommar. (Les anmeldelsen)
  • Det nye Nasjonalmuseet, Vestbanen. Vi må vente enno eit år før Noregs nye nasjonale museum opnar, men frå 22. juni er det mogleg å kjøpe billettar til omvisingar inne i det nye bygget, som blir Nordens største kunstmuseum.
  • Det nye Munchmuseet, Bjørvika. Medan vi ventar på at sjølve museet skal opne, kan ein nytte anledninga til å spasere ved og sjølv vurdere dette omstridde byggverket rett bak operaen. Rett ved museet ligg ei nyoppretta sandstrand som passar for både små og store.

Kulturhistorie

Middelalderparken i Oslo
Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX
  • Kva: Middelalderparken, Gamlebyen, Oslo
  • Anbefalt av: Mona Pahle Bjerke, kunst- og arkitekturkritiker

Oslo har ikkje intakte mellomalderkvartal, men i Gamlebyen finst det store område med ruinar som gir oss eit bilde av Oslo i mellomalderen. Rundt 1300 var den vesle kyrkjebyen på størrelse med slottsparken, og strakk seg frå Arupsgate i nord og ned til Øra og Bjørvika i sør. Her var det heile seks kyrkjer og fire kloster, dersom vi reknar med busetnaden på hovudøya. Dei fleste av desse kan vi sjå ruinane av framleis. Ladegården, som er eit vakkert barokkpalé bygd på toppen av mellomalderens gamle bispeborg, er også ein spennande stad å besøke. Her kan ein vandre frå romansk mellomalder i bisp Nikolas vinterhall i kjellaren og opp i barokkanlegget med praktfull utforming i rokokko- og empirestil. Anten ein går med guide eller åleine er mellomalderens Oslo spennande å utforske!

Fleire historietips:

  • Akershus Festning
  • Vikingskipmuseet på Bygdøy
  • Kon-Tiki-museet på Bygdøy
  • Ta ein båttur med ein båt frå Akerselva trebåtforening som held den gamle trebåtkulturen i Akerselva i hevd. Dei held til nederst i Akerselva/ved Sukkerbiten i Bjørvika.
  • Geostory-podkasten «Geostory: Grensen 17». Dersom du er interessert i krigshistorie kan du sjekke ut denne podkasten og samtidig gå rundt i byen. Den er ei historieforteljing du kan høyre når du fysisk er til stades der det skjedde. Det vil seie at historia vert spelt av når lyttaren er i nærleiken av åstaden, og at ein må forflytte seg til ulike punkt i byen for å høyre kva som skjer vidare. «Grensen 17» er historia om korleis Oslogjengen saboterte den tyske okkupasjonsmakta sine forsøk på å verve fleire titals tusen unge norske menn til arbeidsteneste i 1944. Ei spennande dokumentarisk forteljing der Gunnar Sønsteby sjølv kjem til orde.

Bonustips

Hugs at også kinoane er opne. Sjekk NRK Filmpolitiet si nettside for oppdatert filmkritikk. Og Cinemateket i Oslo har eit eige sommarprogram i juli.

Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK på nrk.no/anmeldelser.

Kvar skal du vere i sommar? Sjekk kulturtipsa for heile Noreg.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska