Etter tre veker i retten går saka mot Harvey Weinstein mot slutten i New York. Weinstein var rekna som ein av dei mektigaste i amerikansk film då det i 2017 blei avslørt at den tidlegare filmprodusenten skal ha betalt fleire kvinner for å teie om seksuell trakassering og overgrep.
Sidan avsløringane kom i 2017, har over 80 kvinner, blant dei Angelina Jolie, Uma Thurman og Gwyneth Paltrow, skulda han for valdtekter, overgrep og seksuell trakassering.
I desember gjekk Weinstein og filmselskapet hans inn eit forlik på 227 millionar kroner med fleire av kvinnene som hadde kome med skuldingar. Forliket gjeld dei sivile sakene, og ikkje straffesakene.
Meiner han unytta makt
I retten står Weinstein tiltalt for å ha valdteke ei kvinne på eit hotellrom i New York i 2013, og for å ha tvunge ein produksjonsassistent til oralsex i 2006.
Tiltalen mot Weinstein omfattar blant anna valdtekt, grov seksuell trakassering og seksuelle overgrep.
- Les:
- Les:
Fleire av kvinnene som har kome med skuldingar mot den tidlegare filmprodusenten, har vitna mot han i retten.
Dei fortalde blant anna at Weinstein kunne bli valdeleg når han blei avvist, skriv nyheitsbyrået AP. Ei kvinne fortalde at Weinstein hadde sagt at ho ikkje ville lukkast i bransjen, etter at ho avviste han.
I sluttprosedyren sin fredag sa Joan Illuzzi sa at denne saka handlar om makt, manipulasjon og misbruk. Ho meiner også Weinstein manglar empati, skriv Deadline.
Ho sa at Weinstein såg på seg sjølv som så mektig at han trudde at han kunne kome seg unna med å behandle unge, kvinnelege skodespelarar som noko han kunne bruke og kaste.
– Tiltalte køyrde ikkje berre brutalt over verdigheita og liva til desse kvinnene, han undervurderte dei også, sa ho, ifølge Reuters.
Meiner det var frivillig
Weinstein nektar straffskuld. Han vedgår at han har hatt sex med fleire av kvinnene, men seier det var frivillig.
Ein av advokatane til Weinstein, Donna Rotunno, sa i sluttprosedyren sin torsdag at kvinnene som hadde kome med skuldingar ikkje var til å stole på, og at aktoratet prøvde å framstille frivillig sex som overgrep.
– Dei skaper eit univers der dei strippar vaksne kvinner for sunn fornuft, sjølvråderett og ansvar, sa ho i prosedyren.
- Les:
Ho bad juryen, som startar sine forhandlingar tysdag neste veke, om å frifinne Weinstein, medan aktor i dag meinte han måtte fellast på alle tiltalepunkta.
Ein jury med sju menn og fem kvinner skal ta stilling til skuldspørsmålet. Blir Weinstein dømd, risikerer han fengsel på livstid, ifølge The New York Times.
Vil du ha ukesbrev fra Urix? Klikk her