Hopp til innhold

«So What» kåra til tidenes jazzlåt

«So What» fekk flest stemmer i NRKs kåring av tidenes beste jazzlåt. Miles Davis hadde med seg eit stjernespekka mannskap då han spelte inn låten i New York våren 1959.

Miles Davis

Miles Davis (1926–1991) var ein av 1900-talets viktigaste musikalske pionerar og ei av jazzens største stjerner. Her tidleg i karrieren.

Foto: Tom Palumbo / Wikimedia Commons

«So What» er det første sporet på Miles Davis' legendariske album «Kind of Blue», som vart spelt inn i mars og april 1959 og kom ut i august same året.

Albumet har selt millionar på verdsbasis og er truleg det mestseljande jazzalbumet nokon gong – mange meiner også det beste. Miles Davis' band bestod av eit stjernelag med innovatørar:

– Låta vart spelt av musikarar som på kvar sin måte revolusjonerte jazzen, seier NRKs jazznestor Erling Wicklund.

– Dei leverer alle utruleg flotte og sterke meldingar på denne innspelinga. Miles Davis' trompetsolo er tenksam og innåtvend, John Coltrane spelar eksplosivt og søkjande, Cannonball Adderley er veldig sprudlande og groovy, og i tillegg hadde dei sjølvaste Bill Evans ved pianoet.

Høyr låten her:

Miles Davis i Oslo i 1987. (Foto: Eystein Hanssen, NTB scanpix)

– Dei andre svarar: «So What?»

Erling Wicklund er begeistra over at P2-lyttarane og NRK.no sine lesarar har stemt fram ein av dei verkelege klassikarane i jazzhistoria:

– Slitestyrken til denne låten er eit prov både på kor store desse jazzmusikarane er, og på lyttarane sin kompromisslause musikalitet. Eg må berre gratulere publikum med eit godt val!

Kåringa av tidenes jazzlåt vart lansert utan sterke føringar på kva ein jazzlåt er, og både komposisjonar, heile album og ikkje minst innspelingar vart nominert. I finalerunden stemte publikum mellom konkrete innspelingar av låtane.

Wicklund poengterer at «So What» i tillegg til å ha ei fantastisk originalinnspeling også er ein svært original komposisjon, mellom anna i måten melodien blir presentert på:

– Det er jo ein melodi der, men den er kamuflert i kontrabassen – den presenterer temaet, før dei andre svarar: «So What?»

Eit av jazzens viktigaste år

Vinnarlåten «So What» har noko til felles med «Take Five» på andreplass: Begge er spelt inn i 1959 – førstnemnde på vårparten og den andre om sommaren.

– 1959 var det store jazzhistoriske vendepunktet, då jazzen frigjorde seg frå standardlåtane og skapte sitt eige unike repertoar, seier Erling Wicklund.

Det var saksofonisten Paul Desmond som skreiv «Take Five» for Dave Brubeck Quartet, inspirert av dei skeive taktartane dei hadde møtt på turné i Aust-Europa.

– Låten markerte eit endeleg farvel til at jazzen måtte gå i 4/4-takt. Det var ein liten revolusjon med ein jazzlåt i 5/4-takt.

Same året vart også ein annan sentral jazzklassikar spelt inn, nemleg «Giant Steps» av ein av saksofonistane på «So What», John Coltrane. Låten vart nominert av Knut Borge, men nådde ikkje finalen. Du finn fleire nominasjonar og gode jazztips i dei tidlegare sakene om kåringa:

Les: Bli med på å kåre tidenes jazzlåt

Les: Høyr jazzlåtane dei har nominert

Les: Stem fram tidenes jazzlåt

Vann med 31 % av stemmene

NRK lanserte kåringa av tidenes jazzlåt 10. mars, og av 80 nominerte låtar kom dei seks med flest nominasjonar til finalen. Avstemminga var open frå 7. til 17. april, og då stemmene vart talt opp, låg Miles Davis med sitt stjernelag frå 1959 på topp.

«So What» fekk 31 prosent av stemmene som kom inn, medan Dave Brubeck Quartets «Take Five» kom på andreplass med 28 % – om lag 40 stemmer skilde dei to låtane. Thelonius Monks «'Round Midnight» versjon kom på tredjeplass med 16 %.

Heile resultatlista for finalen:

Tidenes beste jazzlåt

1

Miles Davis: So What

2

Dave Brubeck Quartet: Take Five

3

Thelonius Monk: 'Round Midnight

4

Oscar Peterson Trio: Hymn to Freedom

5

Coleman Hawkins: Body and Soul

6

Benny Goodman: Sing, Sing, Sing

Kulturstrøm

  • Operaen vann pris for operaalbum

    Innspelinga Den Norske Opera & ballett gjorde av Richard Wagners «Den flyvende hollender» er kåra til årets operaalbum av Gramophone, som er det leiande tidsskiftet for klassiske innspelingar.

    – Gramophone-prisen er ei stor anerkjenning for heile Nasjonaloperaen – for Operakoret, Operaorkesteret og solistane på scena, seier operasjef Randi Stene i ei pressemelding.

    Prisane blei etablert i 1977, og blir sett på som ein av dei mest prestisjefylte utmerkingane innan klassisk musikk.

  • Bergen Filharmoniske Orkester vann prestisjetung pris

    Bergen Filharmoniske Orkester vann prisen Orchestra of the Year 2025 i London onsdag kveld. Det er tidsskriftet Gramophones som deler ut prisen. Deira årlege Classical Music Awards er nokre av dei mest prestisjetunge prisane innanfor den klassiske plateindustrien, og kan samanliknast med Grammy Awards, skriv Bergen Filharmoniske Orkester i ei pressemelding.

    Det viktigaste med denne prisen er kanskje ikkje at me får han for det me allereie har oppnådd, men at den viser kva som er mogleg. Bergen er kanskje ikkje nokon stor by i europeisk målestokk, men framleis ein musikk- og kulturby av internasjonalt format. Heile byen kan vera stolte av Bergen Filharmoniske Orkester, seier Sigurd Sverdrup Sandmo, som er direktør i Musikkselskapet Harmonien.

    Torsdag kveld skal orkesteret feira sigeren saman med publikum på konsert i Grieghallen, skriv BT.

    en mann og en kvinne som sitter på en benk
    Foto: Henning Målsnes
  • Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» av medisinske årsaker

    Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» før lørdagens konkurranse.

    Det er vonde tær som gjør utslaget, melder TV 2. Nærmere bestemt en stor betennelse i to tær som har vart i to år.

    – Jeg trosset legen i to uker, gikk på parketten med sterke smertestillende, bedøvelsessprøyter og kortison. Det har vært en lege som har sagt at jeg ikke skal danse, men jeg trosset ham i to uker. Nå sa han: «Nok er nok, nå går det ikke lenger. Det er uforsvarlig at du fortsetter», sier Bakke.

    Han er «skikkelig lei seg» over å måtte trekke seg fra «Skal vi danse», som han drømte om å være med på i ti år.