Hopp til innhold

Høyr jazzlåtane dei har nominert

Gjer som Kåre Conradi, Hilde Louise Asbjørnsen, Knut Borge og mange andre: Nominer din kandidat til tidenes jazzlåt før fristen går ut 2. april!

Conradi, Asbjørnsen og Borge

Kåre Conradi, Hilde Louise Asbjørnsen og Knut Borge har nominert låtar med Count Basie, Benny Goodman og John Coltrane.

Foto: Kristine Nyborg/Terje Bendiksby/Anne Liv Ekroll / NTB Scanpix/NRK

NRK lanserte kåringa av tidenes jazzlåt 10. mars, og fram til og med 2. april kan kven som helst nominere ein låt kvar til kåringa. Etter det kan du stemme mellom eit finaleheat av dei mest populære låtane, og vinnaren vert utropt 21. april.

Stem på finaleheatet: Stem fram tidenes jazzlåt

Les om fleire nominasjonar her: Bli med på å kåre tidenes jazzlåt

– Låten har ein utruleg dynamikk gjennom ni minutt

Jazzsongar og -låtskrivar Hilde Louise Asbjørnsen nominerer låten «Sing, Sing, Sing (With a Swing)» med Benny Goodmans orkester.

– Den har betydd veldig mykje for meg heilt sidan eg byrja å skrive jazzlåtar sjølv, seier Asbjørnsen.

Låten vart skriven og utgitt av Louis Prima i 1936, men det var klarinettisten Benny Goodmans versjon frå året etter som gjorde den til ein av tidas store klassikarar.

– Den tek utgangspunkt i eit veldig enkelt tema, som musikarane byggjer opp og ned, igjen og igjen. Låten har ein utruleg dynamikk gjennom dei nesten ni minutta den varer.

Høyr låten her:

– Minner meg om ferie, ro og jazz

Skodespelar og songar Kåre Conradi har som mange andre litt vanskeleg for å velje berre éin låt, men i hard konkurranse med Sinatra-låten «In the Wee Small Hours» vert Count Basies «The Kid from Red Bank» utpeika som den beste:

– Den har eit musikalsk driv som er fantastisk intenst, seier Conradi.

– Dessutan har den vore kjenningsmelodi så lenge på radioen, og den minner meg dermed om alt som er av ferie, ro og ... jazz!

Og han er neppe åleine om å forbinde Neal Heftis komposisjon frå 1957 til ferien – den vart nemleg teken i bruk som kjenningsmelodi for Reiseradioen allereie ved oppstarten i 1963.

– Ingen hadde spelt jazz på denne måten før

NRKs jazzjournalist Knut Borge har plukka ut «Giant Steps» med John Coltrane og hans kvartett – ein låt som skapte eit markant skilje i jazzhistoria då den kom ut på albumet med same tittel i 1960.

– Den tok tak i meg og heldt meg fast, det var umogleg å stille seg likegyldig til det Coltrane gjorde, fortel Borge.

– Ingen hadde improvisert eller spelt jazz på denne måten før. Dei neste åra sat nok unge saksofonistar over heile verda og analyserte det Coltrane gjorde. Han opna heilt nye moglegheiter.

Høyr låten her:

Skriv inn din nominasjon i kommentarfeltet under!

Kulturstrøm

  • Operaen vann pris for operaalbum

    Innspelinga Den Norske Opera & ballett gjorde av Richard Wagners «Den flyvende hollender» er kåra til årets operaalbum av Gramophone, som er det leiande tidsskiftet for klassiske innspelingar.

    – Gramophone-prisen er ei stor anerkjenning for heile Nasjonaloperaen – for Operakoret, Operaorkesteret og solistane på scena, seier operasjef Randi Stene i ei pressemelding.

    Prisane blei etablert i 1977, og blir sett på som ein av dei mest prestisjefylte utmerkingane innan klassisk musikk.

  • Bergen Filharmoniske Orkester vann prestisjetung pris

    Bergen Filharmoniske Orkester vann prisen Orchestra of the Year 2025 i London onsdag kveld. Det er tidsskriftet Gramophones som deler ut prisen. Deira årlege Classical Music Awards er nokre av dei mest prestisjetunge prisane innanfor den klassiske plateindustrien, og kan samanliknast med Grammy Awards, skriv Bergen Filharmoniske Orkester i ei pressemelding.

    Det viktigaste med denne prisen er kanskje ikkje at me får han for det me allereie har oppnådd, men at den viser kva som er mogleg. Bergen er kanskje ikkje nokon stor by i europeisk målestokk, men framleis ein musikk- og kulturby av internasjonalt format. Heile byen kan vera stolte av Bergen Filharmoniske Orkester, seier Sigurd Sverdrup Sandmo, som er direktør i Musikkselskapet Harmonien.

    Torsdag kveld skal orkesteret feira sigeren saman med publikum på konsert i Grieghallen, skriv BT.

    en mann og en kvinne som sitter på en benk
    Foto: Henning Målsnes
  • Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» av medisinske årsaker

    Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» før lørdagens konkurranse.

    Det er vonde tær som gjør utslaget, melder TV 2. Nærmere bestemt en stor betennelse i to tær som har vart i to år.

    – Jeg trosset legen i to uker, gikk på parketten med sterke smertestillende, bedøvelsessprøyter og kortison. Det har vært en lege som har sagt at jeg ikke skal danse, men jeg trosset ham i to uker. Nå sa han: «Nok er nok, nå går det ikke lenger. Det er uforsvarlig at du fortsetter», sier Bakke.

    Han er «skikkelig lei seg» over å måtte trekke seg fra «Skal vi danse», som han drømte om å være med på i ti år.