Hopp til innhold

– Musikken vil overskugge skandalane

Trass i det skandalefylte livet er det stor semje blant norske musikkfolk om at det er stemma Whitney Houston vil bli hugsa for.

ENTERTAINMENT-US-MUSIC-HOUSTON-OBIT-FILES 2009 American Music Awards - Show

Whitney Houston si stemme vil overvinne alle skandalane. Det er klonklusjonen til dei NRK.no har snakka med.

Foto: KEVORK DJANSEZIAN / Afp

Per Sundnes tok imot meldinga om dødsfallet til Whitney Houston i natt. Han var ikkje ein av dei som blei sjokkert over nyheita.

– Det er tragisk, men det låg litt i korta. Den verste kombinasjonen i verda er kjendisar og misbruk. Så dette kom nok ikkje som ei bombe, seier Sundnes til NRK.no.

Sundnes trur at eks-mannen Bobby Brown har mykje av skulda for at det gjekk så dårleg med Whitney.

Per Sundnes

Per Sundnes fortel at Whitney har hatt mykje å seie for den norske songkulturen.

Foto: Tom Hansen / NRK

– Ho starta artistkarrieren som ei prektig jente som korkje drakk eller røykte, og når ho møtte Bobby Brown snudde alt.

– Dette er berre ein tragedie. Eg tenkjer spesielt på dottera, 19 år gamle Bobbi Kristina, seier Sundnes.

Sundnes meiner at Whitney har hatt stor innverknad både på MGP og i songkonkurransar som Idol.

– Ho har forma ein ny songkultur saman med Mariah Carey. Låtane hennar er blitt showcase-nummer, som gjerne er vanleg i slike konkurransar. Hennar type balladar gjorde det spesielt bra i Eurovision Song Contest i fjor.

Fekk sjokk

Mona B. Riise

Mona B. Riise er storfan av av Whitney, og har spelt ho på repeat i heile dag.

Foto: Sebastian Ludvigsen / NRK

Tidlegare Lydverket-programleiar, Mona B. Riise, tok i mot beskjeden som eit sjokk.

– Eg sto på kjøkkenet då nyheita kom på radioen i går, og eg kunne ikkje tru kva eg høyrte. Dette er forferdeleg trist. Whitney Houston var ein av dei aller største popsongarane, og min store favoritt, fortel Riise til NRK.no.

– Ho er ein del av ungdommen min, men eg elskar framleis hennar fantastiske stemme, og speler framleis mykje Whitney heime.

– Korleis trur du ettermælet hennar vil bli?

– Stemma og musikken til Whitney vil bli ståande. Hennar hjarteskjerande historie vil sjølvsagt også bli hugsa, men musikken vil heldigvis overskugge skandalane.

Hadde håp om comeback

Riise trudde at comebacket i 2009 ville bli ein ny og positiv vending for superstjerna. Men slik gjekk det ikkje.

– Då Whitney kom tilbake i 2009 var både eg og alle andre så håpefulle for ho. Eg ønskte at bileta i sladrepressen skulle ta slutt, og at ho skulle ha eit skikkeleg comeback. Men ho sa det likevel sjølv i 2009 – «eg tek ein dag om gongen».

– Me veit ikkje årsaka til dødsfallet enno, men ho hadde diverre oddsa mot seg.

Trur ein vil gløyme det kjipe

Lydverket

Asbjørn Slettemark trur storheitstida på 1980-talet vil bli hugsa best i omtalen av Whitney Houston.

Foto: Espen Nersveen, NRK

Asbjørn Slettemark i Lydverket fortel at han dei siste åra har følgt karriera til Whitney med undring, og at det ikkje kom som noko overrasking at ho no er død.

– Dette var på ingen måte overraskande, men det er alltid trist når folk dør i ung alder. Ho var jo i ein periode ein av verdas største popartistar.

– Men den siste åra har eg meir følgt karrieren hennar med undring. Det er diverre lenge sidan hennar stordomstid.

Slettemark trur Michael Jackson sitt dødsfall viser at musikken vil overskugge alle skandalar, uansett kor store dei er.

– Litt som med Michael Jackson vil ein etter kvart gløyme dei kjipe tinga. Når Michael klarte det, så er det openbart at det same kjem til å skje med Whitney.

Etterlet seg eit tomrom

Musikksjef i P3, Mats Borch Bugge.

Mats Borch Bugge spår at Alicia Keys kan vere den artistan som overtar diva-rolla til Whitney.

Foto: NRK

Musikksjef i P3, Mats Borch Bugge, meiner Whitney Houston var unik i popverda, og at ho no etterlet seg eit stort tomrom.

– Ho var jo ein av dei siste divaene i popverda. Me har kvinnelege artistar som Rihanna i dag, men dei har ikkje samme utstråling som Whitney. Difor etterlet ho seg eit tomrom. Spesielt blant afroamerikanarar.

Bugge trur at artisten Alicia Keys kan vere den som vil ta over dette tomrommet.

Trass i det harde livet hennar, trur også Bugge at musikken vil overskugge skandalane.

– Eg trur heilt klart at det er musikken som vil stå igjen. At stemma vil leve lenge er nettopp det som kjenneteiknar store soul-syngjarar.

Kva hugser du best frå karrieren til Whitney Houston? Sei di meining under.

Kulturstrøm

  • Forfatter Henning Hagerup (66) er død

    Forfatter Henning Hagerup er død som 66 år gammel. Det opplyser Kolon forlag i en pressemelding.

    – Henning var en av Norges fremste essayister, kritikere og oversettere, og han var min venn, rådgiver og mentor i nærmere 30 år, skriver forlegger i Kolon, Bjørn Aagenæs i pressemeldingen.

    – Henning hadde mye ugjort, og vi hadde en hel del planer om fremtidige utgivelser, skriver han videre.

    Han var barnebarn av forfatter Inger Hagerup.

    Henning Hagerup
    Foto: Ingrid Pop / KOLON FORLAG
  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images