I motsetnad til musikarar med små, nette instrument, får ikkje cellistar med seg instrumentet sitt som handbagasje på fly. Kontrabassar er med dagens seteavstand uansett for store til å ta med inn i flyet, men for cellistane har løysinga vore å kjøpe eige sete med eigen billett til celloen. Frå 1. november tillet ikkje lenger Norwegian cellistane dette – celloane må sendast med annan bagasje.
– Har bedt Kjos om ei oppklaring
Truls Mørk, Noregs mest berømte cellist gjennom tidene, brukar for tida to ulike celloar; ein Stradivarius verd 25-30 millionar kronar, og ein Domenico Montagnana verd om lag 15 millionar. Han er opprørt over endringa i regelverket, og har sendt brev til administrerande direktør Bjørn Kjos i Norwegian:
– Dette er ein katastrofe for meg personleg, og eg har gjennom min agent sendt brev til Kjos og bedt om ei oppklaring, seier Mørk til NRK.no.
At det er akkurat Norwegian som endrar regelverket, er særskilt problematisk for Mørk:
– Norwegian har gjort ting mykje lettare for meg sidan dei kom, for dei har oppretta direkteruter frå Oslo til mange byar i Europa, medan SAS har kutta slike ruter. Denne endringa er utruleg frustrerande og uheldig for meg, og vil gjere det mykje meir tungvint og tidkrevjande for meg å reise. Om ikkje det blir ei endring, vil eg måtte vurdere å flytte utanlands.
Mørk håper det ligg ei misforståing bak tiltaket:
– Dette verkar ikkje gjennomtenkt, og eg håper det botnar i ei misforståing eller ein feil.
Les:
Les:
– Kan påføre medpassasjerer skader
Lasse Sandaker-Nielsen.
Foto: NorwegianKommunikasjonsrådgjevar Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian grunngjev tiltaket med at dei ønskjer eit enkelt og oversiktleg regelverk, og med sikkerheitshensyn.
– Vi ønskjer eit felles regelverk for gjenstandar som er større enn tillaten handbagasje, seier Sandaker-Nielsen til NRK. Han viser også til at celloane er vanskelege å plassere på ein forsvarleg måte. Norwegian vil no be Luftfartstilsynet om ei vurdering:
– Det er ein sikkerheitsrisiko knytt til å ha celloar i flysetet. Celloar er tunge instrument som i ein eventuell nødsituasjon eller ved kraftig turbulens potensielt sett kan påføre medpassasjerar skader. Vi har difor valt å ta kontakt med Luftfartstilsynet for å be dei vurdere denne risikoen.
Særskilt dyre instrument ville han ha sendt som spesialbagasje:
– Vi vil anbefale reisande å sende svært kostbare instrument som spesialbagasje, då blir dei ikke handtert i dei ordinære bagasjeanlegga på flyplassen. Alternativt bør det nyttast god og solid emballasje.
NRK har så langt ikkje lukkast med å få ein kommentar frå Bjørn Kjos om regelendringa.
– Desse instrumenta er uerstattelege
Truls Mørk understrekar at skade på slike instrument er uboteleg:
– Instrumentmakarar i vår tid har ikkje klart å lage instrument av same kvalitet som desse instrumenta. Desse instrumenta er uerstattelege – dersom ein av dei vert øydelagd, er den tapt for alltid. Det er ikkje mogleg å få den tilbake slik den var.
Han forstår ikkje at Norwegian ser på celloar i kabinen som ein sikkerheitsrisiko:
– Dette har vore vurdert mange gonger, og det er ingen andre flyselskap i Europa som ikkje aksepterer celloar om bord. Det er berre å bruke ekstra sikkerheitsbelte.
Mørk ville aldri vurdert å sende ein av sine celloar som spesialbagasje:
– Både flyselskap og forsikringsselskap fråseier seg ansvaret for skader som skjer dersom eg sender celloen som bagasje – det gjeld også om eg sender den med bil. Det vil i praksis seie at ein ikkje kan gjere det.
Les: