Etter ei hektisk natt er partane i København blitt samde om ei klimaavtale, melder nyheitsbyrået AP.
- Dette har vore svært vanskeleg. Eg har sove to timar dei siste 48 timane, seier FNs generalsekretær Ban Ki-Moon.
Ban Ki-Moon: - Vi er blitt einige
FN-sjefen legg ikkje skjul på at han hadde ønska seg ei meir ambisiøs avtale, men at det var viktig å få noko ned på papiret.
– Forliket er nok ikkje alt ein hadde håpa på, men dette vedtaket er ein viktig start, seier han.
Støtta ikkje teksten
Den opphavlege avtaleteksten som blei forhandla fram av USAs president Barack Obama og over tjue andre statsleiarar har ikkje fått full oppslutning.
LES:
LES:
Fleire land meinte at forliket som fredag blei forhandla fram var heilt uakseptabelt. Sudan og 5 land frå Latin-Amerika ville ikkje støtte teksten, og det oppsto kaos fordi ei FN-forhandla avtale krev full semje.
LES:
Leiar for Klimatoppmøtet, danmarks statsminister Lars Løkke Rasmussen, hadde lørdag morgon liten tru på at ein kom til å få i hamn ei avtale.
Københavnforliket
Først på formiddagen, etter langvarige diskusjoner og ei to timar lang pause. blei det klart at møtet «tar til etterretning» teksten som Obama og dei andre hadde meisla ut.
Staben frå FN gjer seg klar til å dele ut den endelege avtala.
Foto: Mads Nissen / Scanpix/AFPPartane er no enige om å leggje teksten til grunn for vidare forhandlingar, og landa som stiller seg bak avtala blir lista opp til slutt i teksten. Det er opp til kvart enkelt land om dei vil slutte seg til avtala.
Reuters melder at navmet på avtala blir «Copenhagen Accord» - Københavnforliket.
LES: