Deltagerne i NRKfjos
Foto: Geir Olav Slåen

Møøøt deltakarane i NRKfjos

Denne hausten skal du bli ekstra godt kjent med Klara, Staslin, Dagros, Rosa og dei andre kyrne på Ulberg.

I to veker sender vi direkte frå garden Ulberg i Sør-Fron. Målet er at vi skal bli kjent med menneske og dyr på garden, og få eit innblikk i korleis norsk matproduksjon fungerer i 2016.

Her får du heile persongalleriet!

Staslin, ku på Ulberg gård. Illustrasjon.

Staslin – 385. Ho vart fødd 27. oktober 2012, og er ei ku litt utanom det vanlege. Fyrste gongen ho skulle kalve, rømte ho til skogs for å kalve i friluft. Da dei til slutt fann ho att, hadde ho med seg ein frisk og fin oksekalv.

Ved årets kalving viste det seg at ho bar på tvillingar, og to friske oksekalvar kom til verda, Odd og Aasmund.

I tillegg til å bere fram to kalvar er også 385 ei god mjølkeku, som i fjor vinter mjølka opp mot 40 liter mjølk om dagen.

Odd og Aasmund, kalver på Ulberg gård. Illustrasjon.

Odd og Aasmund. Tvillingkalvar som er oppkalla etter brørne Nordstoga, ettersom Odd Nordstoga heldt konsert i Sør-Fron same dagen dei vart fødd.

Dagros. Illustrasjon.

Dagros – 450. Ho vart fødd 14. juni 2014, og ventar sin fyrste kalv i løpet av vår sendetid. Det er alltid litt spanande når kviger skal kalve for fyrste gong, og det er større sjanser for komplikasjoner.

Det er alltid litt spanande når kviger skal kalve for fyrste gong...

Dagros var plåga med ein mage/tarmbetennelse eit par månader etter at ho vart fødd, men har vore frisk og rask etter det.

I løpet av sommaren har ho fått lov til å gå saman med dei vaksne kyrne inne i hovudfjøset for å bli kjend med omgjevnadene der, og lære seg til korleis ho bruker roboten.

Ho har termin 6. september, og vi håpar å få sendt kalvinga hennar direkte.

Rosa. Ku. Illustrasjon.

Rosa – 427. Fødd 30. november 2013. Fekk sin fyrste kalv, ein kukalv, i midten av oktober i fjor. Kalvinga gjekk fint utan spesielle komplikasjonar. Ho vart inseminert 10. desember – vart drektig på fyrste forsøk, og ventar sin andre kalv i september. Forhåpentlegvis får vi med kalvinga på direkten.

På det meste i fjor så mjølka ho 29 liter mjølk om dagen, noko som er litt over gjennomsnittet for ei norsk mjølkeku.

Klara ku. Illustrasjon.

Klara – 392. Ho vart fødd 22. november 2012 og har fødd to kalvar. Ho har vore ei knakande god mjølkeku på Ulberg dei siste par åra, og på det meste mjølka ho 45 liter mjølk i døgnet.

Det er synd å måtte slakte ei så god ku, men slik er det berre.

Hans Ulberg, gardbrukar

Men i fjor vinter var det svært vanskeleg å få ho drektig på ny. Det vart forsøkt inseminering tre gonger, utan at det hjalp.

Dei som kjenner naturen, veit at ei ku utan kalv etterkvart vil slutte å mjølke, og Klara har dessverre inga framtid i fjøset. Ho kjem derfor til å bli sendt på slakteriet for å bli storfekjøt av ymse slag.

– Det er synd å måtte slakte ei så god ku, men slik er det berre, seier gardbrukar Hans Ulberg.

NRK fjos - kyr kollasje

Kyrne i fotorealistisk kvalitet. Kan og sjåast i aktivitet på nrk.no/fjos.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Menneska

Hans Ulberg. Bonde på Ulberg gård.
Foto: Geir Olav Slåen

Hans er 37 år gammal og fødd og oppvaksen i Sør-Fron. Han tok over garden frå far Knut i 2012.

Han har studert utmarksforvaltning på Evenstad, har teke praktisk pedagogisk utdanning og hadde lærarpraksis i Kalahariørkenen på grensa mellom Namibia og Botswana.

Utanom å vere gardbrukar er han veldig interessert i jakt og friluftsliv.

Kristin Vold Lexander. Gardskjerring på Ulberg gård.
Foto: Geir Olav Slåen

Kristin er 38 år gammal og er gift med Hans. Ho kjem opprinneleg frå Elverum og arbeider som lærar på Vinstra vidaregåande skule.

Ho har doktorgrad i språk og fleirspråklegheit, og gjorde feltarbeidet under studiane i Senegal.

Knut Ulberg.
Foto: Geir Olav Slåen

Knut er 8 år og eldste sonen til Hans og Kristin. Han startar i tredje klasse denne hausten.

Petter Ulberg.
Foto: Geir Olav Slåen

Petter er 6 år og startar på skulen denne hausten. Både han og Knut er flinke til å vere med og hjelpe foreldra i fjøset.

Solveig og Hans Ulberg.
Foto: Geir Olav Slåen

Solveig er eitt år gammal og startar på barnehage i haust. Ho likar godt å sitje i bæreselen medan ho er med far eller mor i fjøset.

Ulberg gård i Sør-Fron i Oppland.
Foto: Geir Olav Slåen

Garden

Ulberg er nemnt i skriftlege kjelder allereie i 1370. På garden er det funne både ein dolk og ei øks frå steinalderen, og det er også funne kôlgroper og fangstanlegg for elg i området.

#nrkfjos Ulberg gård

Garden har i dag om lag 320 dekar dyrka mark På Ulberg blir det produsert om lag 395000 liter mjølk i året, i tillegg til at om lag 15 ungoksar blir levert som slakt.

Fjoset

Den eldste delen av fjøset vart bygd på midten av 1970-talet, før det vart bygd på ein del til tidleg på 1990-talet. Den delen vi følgjer under #nrkfjos vart bygd i 2013, og har mjølkerobot og automatisk fôring.

Oversiktskart over fjøset på Ulberg gård. Illustrasjon.