Hopp til innhold

Winther ansvarleg for folkeavrøysting – no blir han fryst ut

Det vart fleirtal for å dele Innlandet fylke. No er Ap-politikaren som sørga for at det vart folkeavrøysting utestengd frå gruppemøta. – Ein særs uvanleg situasjon, seier politisk kommentator.

Erik S.Winther fryst ut av gruppemøter etter avstemning om Innlandet

FRYSE UT: Erik S. Winther får ikkje vere med i gruppemøta til Ap som behandlar resultatet frå folkeavstemminga

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Då fylkestinget skulle avgjera om folket i Innlandet skulle få stemme over framtida til fylket, var det ei stemme som skilde.

Det var Erik S. Winther frå Arbeidarpartiet som gjekk mot partiet sitt og stemte for folkeavstemming.

No får han ikkje vere med på gruppemøte partiet har om resultatet frå folkeavstemminga.

Les også Flertall for å dele Innlandet – se hva folk i din kommune stemte

Fylkestoppene i Innlandet presenterer resultatet av folkeavstemningen om Innlandet fylke.

Veit kva han skal stemme

– Eg skjønar ikkje kvifor eg er utestengd frå gruppemøtet, eg har jo berre ei røyst både der og i fylkestinget, seier Winther om utestenginga.

I går sat han klar til å delta etter at resultatet var klart.

Då fekk han melding frå gruppeleiaren om at han ikkje fekk vere med.

Erik S.Winther fryst ut av gruppemøter etter avstemning om Innlandet

UTE: Winther er klar på at Innlandet skal splittast etter folkeavstemminga, sjølv om han ikkje får vore med på interne møte om saka.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Det er vel fordi dei ikkje har tillit til meininga mi. Eg har ei stemme eg kjem til å bruke, så det plagar ikkje meg.

Han har vore med i Arbeidarpartiet i over 50 år, men var ikkje særleg populær etter han gjekk mot dei i avstemminga om Innlandet.

Då blei det diskusjon om han burde bli ekskludert frå Ap.

Sjølv om han ikkje får vere med på interne møte, er han enno fylkesrepresentant for partiet, og klar til å stemme.

Winther kjem til å følge resultatet av folkeavrøystinga, som var for å splitte Innlandet. Han poengterar at berre to kommunar i gamle Oppland stemte for å halde på Innlandet, Gjøvik og Lillehammer.

– Her har vi bede om råd frå folket, og fått eit ganske klart svar etter mitt skjønn.

Handlar om brot av tillit

Arbeidarpartiet i Innlandet seier det ikkje handlar om å stenge ute synspunkta til Winther.

– Vi har stor takhøgd for meiningar i Arbeidarpartiet, seier Hans Kristian Enge.

Hans Kristian Enge, gruppeleder for Arbeiderpartiet i fylkestinget i Innlandet.

TILLITSBROT: Enge seier Winther fleire gonger har brote tilliten til andre i partiet i saka om Innlandet skal bestå eller ikkje.

Foto: Ruth Barsten / NRK

Han er gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Innlandet, og var den som gav beskjed om at Winther ikkje fekk vere med på møta.

– Dette handlar om at han har brote tilliten til partiet med måten han har oppført seg tidlegare.

Enge seier Winther røysta slik han gjorde i fylkestinget utan å informere gruppeleiaren, samstundes som andre fekk vite det. I tillegg har han tidlegare sitert til media kva som blir sagt i interne møte. Difor vil dei ikkje ha han med.

Erik S. Winther

USAMD: Winther var den einaste frå Ap som stemte for ei folkeavstemming i desember.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Gruppeleiaren er tydeleg på at det berre er dei interne gruppemøta Winther ikkje får vere med på.

– Han er enno med i Arbeidarpartiet, og skal vere med og behandle alle andre saker. Men i akkurat denne saka tenker eg det er forståeleg at han ikkje får vere med, på grunn av manglande tillit.

Aldri høyrd om noko slikt før

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, seier det er sjeldan at handlinga til ein enkelt politikar får så store følger.

– Han har køyrd eit sololøp og brote tilliten til partiet. Det må han ta ansvar for sjølv.

Lars Nehru Sand

UVANLEG: Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, seier det er ein spesiell situasjon, som han ikkje har sett før.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Nehru Sand seier dette har vorte ein vanskeleg sak for Arbeidarpartiet og at utestenginga klart er ein reaksjon på tillitsbrotet. Partigruppa vil at det skal få følgar.

Men han meiner situasjonen er spesiell.

– Det er svært uvanleg. Eg har ikkje høyrd om det før. Det er ikkje ulovleg, men veldig spesielt. Det viser at det er ein krevjande situasjon, seier Nehru Sand.

Flere saker fra Innlandet

et tog på jernbanesporene

100 passasjerer måtte vente i toget