52 år gamle Dalen og mannen hennar, Erling er begge uføre og er mykje heime på bu- og servicesenteret der dei bur. Dei har vore med på den alternative julefeiringa i Lillehammer tidlegare, og skal vere med igjen i år.
– Det var veldig hyggeleg i fjor. Ein treff andre i same situasjon som ikkje har så mange rundt seg, seier Marianne Dalen.
50 personar kan få komme til julefeiring i Håkons hall på Lillehammer. Der blir det tradisjonell norsk julemat, gåver og allsong. Men i år går dei ikkje rundt juletreet.
GLADE: Erling og Marianne Dalen er veldig takksame for å kunne vere med på feiringa. Dei trefte kvarandre gjennom Frivilligsentralen for 22 år sidan.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK– Mange gruar seg til jula
Frelsesarmeen har som tilbod å hjelpe folk å få fine julefeiringar i eigen heim. I fjor var det over 14 000 husstandar som ville ha denne hjelpa. I år er det enno fleire.
Kommunikasjonssjef, Geir Smith-Solevåg seier mange gruar seg til jula i år. Mange som ofte er åleine elles feirar likevel jul med andre og nokon er bekymra for at det ikkje går i år, fortel han.
EINSEMD: Geir Smith-Solevåg seier mange er bekymra for korleis jula blir i år. Han oppmodar alle om å sende varme tankar til dei som kanskje er åleine.
Foto: Petter Berntsen– Samstundes er det nokon som seier til oss at på ein måte er det litt fint, for no er vi alle utanfor saman. Ikkje at dei får noko glede av det, men det er ei slags trøyst i det å ikkje vere åleine med det å vere utanfor, seier Smith-Solevåg.
Bekymra for dei einsame
Hjelpeorganisasjonane har vore veldig bekymra for at mange blir ekstra einsame denne jula. Kirkens Bymisjon prøver å gjennomføre det dei vanlegvis gjer rundt om i landet. Men nokon plassar blir arrangementa med færre deltakarar enn vanleg.
– Vi har mange tilbod for folk som i utgangspunktet lever i ein sårbar situasjon. Og som kanskje opplever å ha få tilbod frå før. At vi greier å ha våre tilbod opne også i jula er kjempeviktig for oss. Det er ekstra viktig i år, seier Per Morten Clausen.
FEIRING: Per Morten Clausen seier feiringa i Lillehammer er med atterhald om at ikkje reglane for smittevern blir stramma inn enno meir.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRKDifor meiner han slike arrangement som det dei skal gjere på Lillehammer er veldig viktig å få til. Men med strenge smitteverntiltak.
– Vi er glad for at vi kan invitere og halde på tradisjonen. Vi tar påmelding på førehand og vi kjem til å operere med ventelister. Vi er strenge på at vi ikkje kan ta inn fleire enn 50 gjestar, seier Clausen.
Feiring med smitteverntiltak
For tredje året på rad blir folk i Lillehammer invitert til julemiddag. Frivilligsentralen i byen arrangerer dette saman med Havang, Kirkens Bymisjon, Den norske kyrkje, Røde Kors, kommunen og Frelsesarmeen. Hotellet, Scandic Lillehammer sponsar maten til selskapet.
I år er selskapet i Håkons hall, der dei kan ha god avstand mellom gjestane.
– Etter dette triste året som har vore er det kanskje eit ekstra behov for å møtest, ha noko hyggeleg og sjå fram til og ha ein hyggeleg kveld, seier Kirsten Kallelid som er leiar for frivilligsentralen.
VIKTIG: Kirsten Kallelid er veldig glad dei får til dette i år og trur det er viktig for mange.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRKDei har fått godkjenning frå kommuneoverlegen til å invitere 50 gjestar. Dei som vil vere med må melde seg på og det blir førstemann til mølla.
– Det er eit stort lokale med mykje luft. Folk blir vist til eit bord der dei må sitte resten av kvelden og vi serverer maten porsjonsvis, seier Kallelid.
Invitasjonane går ut til helse- og omsorgssenter og rusorganisasjonar blant anna.
SAMARBEID: Arrangementet er eit samarbeid med fleire. Her, Per Morten Clausen i Kirkens Bymisjon, Solbjørg Skruklien i Den norske kyrkje, Hilde Nilseng i Havang og Kirsten Kallelid i Frivilligsentralen.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRKGler seg
Marianne Dalen har foreldre i byen, men kan ikkje feire med dei. Derfor betyr det mykje å ha ein plass å gå til på julekvelden.
JULEFEIRING: Mange av dei som var med på julefeiringa i Lillehammer i 2019 gav gode tilbakemeldingar på arrangementet, fortel frivilligsentralen.
Foto: Lillehammer Frivilligsentral– Det er fint å sjå noko anna enn husets fire vegger, seier ho.
Marianne og Erling Dalen har kvarandre og er glade for det. Likevel gler dei seg stort til å ha julekvelden saman med andre.
– Det betyr mykje for dei som er einsame. Dei sit mykje åleine veit du, seier Erling Dalen.
- Les også: