Hopp til innhold

Fleire unge bruker nynorsk: – Det er tøft

SLIDRE/LOM (NRK): Noregs Mållag har aldri hatt så mange medlemmer som no.

Vibeke Holten Riste, Anna Dalbø, Ola Kvamme Nygard og Mats Hålien er elevar i sjuande klasse ved Vestre Slidre skule og dei likar nynorsk.

FOR NYNORSK: Vibeke Holten Riste, Anna Dalbø, Ola Kvamme Nygard og Mats Hålien er elevar i sjuande klasse ved Vestre Slidre skule og dei likar nynorsk.

Foto: SIGRID HAVIG BERGE / NRK

– Eg synest nynorsk eigentleg er litt tøft, seier Mats Hålien.

Han går i sjuande klasse på Vestre Slidre skule, og han har hatt nynorsk som hovudmål heile skulegangen. Han meiner det er viktig å lære nynorsk for å kunne ta vare på språket.

– Folk her oppe skriv som regel nynorsk, men i byane er det ikkje mykje nynorsk, har eg fått inntrykk av. Det er ganske viktig å ikkje miste eit skriftspråk, seier Hålien.

Og språkengasjement er han ikkje åleine om.

Auke i medlemstal

Noregs Mållag har no fleire medlemmer enn i fjor, noko som også var eit rekordår for organisasjonen. No har dei 13 688 medlemmer.

– Det er det høgste medlemstalet me har hatt på 31 år, seier leiar Peder Lofnes Hauge.

Han legg til at dei har sett seg eit mål om å ha 14 000 medlemmer i slutten av året.

Han trur det er fleire grunnar til medlemsauken. Men han seier dei merkar folk søker til mållaget for hjelp og støtte når dei opplever at språket og nynorsken er under press.

 Peder Lofnes Hauge

GLEDELEG: Leiar Peder Lofnes Hauge Noregs Mållag seier det er gledeleg at det er auke og rekord i talet på medlemmer i organisasjonen.

Foto: Elise Årdal

– Mållaget kjempar små og store saker rundt om i heile landet, og dei siste åra har det vore ein del store saker, seier Lofsnes Hauge.

Han trekkjer fram at blant anna dei nye læreplanane, der regjeringa slo saman halvårskarakterane i bokmål og nynorsk, utløyste ei medlemsauke. Også den nye språklova som skal behandlast i Stortinget i 2021 har gjeve vind i seila for mållaget.

– Nærare dialekta

Mari Andersen-Gott går siste året på Lom vidaregåande skule. For ho var det naturleg å velje nynorsk som hovudmål.

Mari Andersen

BETRE: Maria Andersen-Gott frå Lom føler ho skriv mykje betre når ho skriv nynorsk.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Nynorsk er mykje meir naturleg for meg. Eg skriv nærare dialekta mi når eg skriv nynorsk, seier ho.

På skulen hennar står nynorsken sterkt. Nesten alle elevane skriv nynorsk, og dei siste åra har nynorskprosenten ved skulen auka.

– Det er slik vi er, også det er jo eit fint språk.

Nynorsk blir brukt meir

Jorunn Simonsen Thingnes er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har doktorgrad i språkpolitikk i akademia. Ho har blant anna forska på bruken av minoritetsspråk.

Jorunn Simonsen Thingnes er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet

POSITIV TREND: Jorunn Simonsen Thingnes er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, og seier bruk av nynorsk i media er positivt for at fleire brukar nynorsk. Kampsaker kan gjere at fleire melder seg inn i Noregs Mållag.

Foto: Nadia Frantsen / UiO

Ho trekkjer fram at det har blitt populært å marknadsføre seg på nynorsk, noko som gjer nynorsken meir synleg.

Ho peikar også på at det er positiv utvikling når det gjeld bruk av nynorsk i media.

– Å sjå nynorsk er enormt viktig for haldningane til språket. For å bli ein trygg nynorskbrukar er du nøydd til å sjå nynorsk rundt deg, seier ho.

Vibeke Holten Riste, Anna Dalbø, Ola Kvamme Nygard og Mats Hålien er elevar i sjuande klasse ved Vestre Slidre skule og dei likar nynorsk.

MEIR NYNORSK: Både Vibeke Holten Riste, Anna Dalbø, Ola Kvamme Nygard og Mats Hålien vil ha nynorsk som hovudmål på ungdomsskulen.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Neste år skal sjuandeklassingane ved Vestre Slidre skule bestemme seg for om dei vil ha bokmål eller nynorsk som hovudmål.

Og det er eit enkelt val for dei.

– Eg vil lære meg endå meir nynorsk, seier Ola Kvamme Nygard.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen