Hopp til innhold

Rus­klinikk legg ned etter 32 år

Valdresklinikken med 30 tilsette legg ned verksemda og pasientar mistar tilbod. – Det er berre trist, seier pasient Morten.

Morten (til høgre) og dagleg leiar Grethe Hoviosen ved Valdresklinikken (til venstre)

Morten meiner at utan Valdresklinikken, som no må leggast ned, hadde det betydd døden for mange av pasientane. Dagleg leiar Grethe Hoviosen meiner Valdres mistar høg kompetanse på rus og rusbehandling ved nedlegging.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Det er heilt umogleg for meg å skjøne korleis politikarar tenker når me står i den situasjonen at døgnplassar leggast ned i psykiatri og i rus, seier Morten som er pasient ved den ideelle stiftinga Valdresklinikken i Nord-Aurdal.

Han trekk fram at Valdresklinikken truleg har det beste resultat i landet når det kjem til å halde personar rusfrie.

Morten er pasient ved Valdresklinikken

Morten seier klinikken behandlar heile mennesket, gjennom seks månader, der dei tar tak i eigne kjensler og alle konsekvensar som kjem av rusavhengnad. 

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Måten Valdresklinikken tar imot ein på er heilt fantastisk, seier Morten.

At Valdresklinikken skal leggast ned kom fram etter styremøte måndag 27. november. Dermed mistar 30 tilsette, fordelt på 17 årsverk, jobben.

Morten og andre pasientar får ikkje behandling der meir. Han seier klinikken har vore heilt avgjerande for at han skal halde seg rusfri.

– Og at eg kan komme ut herifrå som eit heilt menneske og bidra til samfunnet som ein ressurs, seier Morten.

Pasientar ved Valdresklinikken

Klinikken blir lagt ned når dei ikkje har meir pengar til å dekke lønn til tilsette. Dette kan bety drift ut januar eller februar 2024, ifølge dagleg leiar Hoviosen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Beklageleg

Dagleg leiar Grethe Hoviosen ved Valdresklinikken seier at ved nedlegging mistar Noreg ein unik behandlingsstad der folk står i månadsvis på venteliste for å komme inn.

– Av 38 tidlegare pasientar som var innlagt i 2017 til 2022, så er 35 av dei pasientane rusfrie. 22 av desse 38 hadde vore i forskjellige behandlingar før dei kom hit, seier Hoviosen.

Dagleg leiar Grethe Hoviosen ved Valdresklinikken

Årsaka til at klinikken blir lagt er, ifølge dagleg leiar Grethe Hoviosen, at Valdresklinikken har kome i ein skvis på grunn av avtalane om kjøp av plassar frå helseføretaka.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Hoviosen seier Valdres mistar ein svært viktig arbeidsplass med heilt spesifikt høg kompetanse på rus og rusbehandling.

Dette er ordførar Knut Arne Fjelltun (Sp) i Nord-Aurdal trist over. Han seier det er krevjande for kommunen å skaffe arbeidsplassar til dei 30 som no mistar jobben, også fordi dette gjeld spesialkompetanse innan rus.

Ordførar Knut Arne Fjelltun (Sp)

Ordførar Knut Arne Fjelltun (Sp) i Nord-Aurdal seier Valdresklinikken har vore ein viktig arbeidsplass med høg kvalitet på tenestene og gode behandlingsresultat.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ordføraren ser ei utfordring med at politikarar har liten innverknad på helseføretaka.

Du kritiserer eigen regjering?

– Eg vil ikkje kritisere, men me har utfordringar i forhold til ideelle stiftingar, seier Fjelltun.

Det blei sagt at då fritt behandlingsval blei endra ved nyttår, så skulle ikkje dette gå ut over private institusjonar, men det ser ut til at det gjer det?

– Det blei sagt at føretaka skulle hente inn plassar i sine område, så Valdresklinikken mista mange som var knytt til Helse Vest, blant anna, så det er veldig beklageleg.

Les også Martine (32) fikk velge behandlingssted selv – nå vil regjeringen begrense pasienters valgmulighet

Fekjærklinikken

Fekk redusert tal på pasientar

Hoviosen seier at nedlegginga kjem etter at Helse Vest bestemte i 2022 at dei ikkje lenger ville sende pasientar ut av sin region.

Dermed blei talet på pasientplassar ved Valdresklinikken redusert frå 21 til 11 frå nyttår 2023. Dette gjorde at talet på tilsette blei redusert frå 24 til 17 årsverk.

Ola Jøsendal som er assisterande fagdirektør i Helse Vest seier at dei ikkje har sagt at dei ikkje vil sende pasientar ut av sin region:

Ola Jøsendal er assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF

Ola Jøsendal er assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF. Han seier dei ikkje lenger hadde behov for å ha ti plassar ved Valdresklinikken.

Foto: Jorunn Busk / Helse Vest RHF

– Men, me har ikkje behov å kjøpe, på langsiktige kontraktar, eit bestemt volum som nær sagt hadde tvinga oss til å sende pasientar ut av regionen. Fagleg sett ynskjer me at behandlinga skal føregå så nær heimstaden som mogleg for pasientane.

Avtalen på dei resterande 11 behandlingsplassane er med Helse Sør-Øst RHF, og skulle vare ut 2024, dersom klinikken ikkje blei lagt ned. Hoviosen meiner klinikken kunne ha vore driven med fleire plassar.

Les også 7 av 10 rusavhengige er menn: Thomas (23) døyvet utenforskap med rus

Værekraftsenteret

Vil ha gjesteplassar

Plassar Helse Sør-Øst RHF ikkje får brukt, kan bli tilbydd som gjesteplass. Dette har vore etterspurt frå både Helse Vest, Helse Midt og Helse Nord, ifølge Hoviosen.

– Me må skilje mellom det som er faste langsiktige kontraktar, og det som er enkeltståande tilfelle, seier Jøsendal ved Helse Vest.

Sidan Helse Sør-Øst RHF har brukt alle plassane, får ikkje klinikken tilbydd gjesteplassar. Hoviosen meiner halvert pasienttal gjer det umogleg å oppretthalde eit godt nok fagmiljø, og kostnaden per pasient blir for høg.

Dermed får Valdresklinikken ikkje til å drive fram til ny anbodsrunde som gjeld frå 2025, og difor ynskjer Valdresklinikken at Helse Sør-Øst RHF skal auke talet på plassar.

Konserndirektør Mona Stensby ved Helse Sør-Øst RHF

Konserndirektør Mona Stensby ved Helse Sør-Øst RHF skriv dei har gjennomført fleire tiltak for å utvide behandlingskapasiteten innan rusbehandling og at det er fleire av dei andre avtalepartnarane dei har som har stor unytta kapasitet.

Foto: Helse Sør-Øst

Konserndirektør Mona Stensby ved Helse Sør-Øst RHF skriv i ein e-post at dei ikkje har moglegheit til å utvide avtalane med enkeltaktørar slik Valdresklinikken ynskjer, og at det ikkje er lov i samsvar med dagens regelverk.

Me må følge anskaffelses­regel­verket og praktisere likebehandling, skriv Stensby.

Meiner ein mistar viktig kompetanse

Hoviosen meiner behandlingsmodellen 12-trinnsprogrammet som dei driv etter på klinikken gir heilt avgjerande hjelp for å få ei livsendring og edruskap på plass.

De tolv trinn er modellen Valdresklinikken følger

Valdresklinikken følger 12-trinnsprogrammet som følger opp pasientar over to år.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Med avvikling av Valdresklinikken vil eit unikt fagmiljø gå tapt, og den kunnskapsbaserte praksisen, og forskingsgrunnlaget som helseministeren spør etter, vil umogleg å bidra til når det gjeld den mest aktuelle behandlingsmetodikken, seier Hoviosen.

Lys på bordet på Valdresklinikken

Hoviosen seier at dette 12-trinnsprogrammet internasjonalt er vurdert til å ha best effekt for alkoholavhengigheit.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ho seier tilsette er veldig leie seg på vegner av pasientane.

– Dei opplever at det skjer ei forferdeleg stygg diskriminering av pasientrettane til rusavhengige og deira familiar, seier Hoviosen.

Helsedepartementet: Synd

Helsedepartementet seier det er synd at Valdresklinikken ikkje kan drifte på dei avtalane dei har.

Pasientar med behov for hjelp skal få hjelp og høve til å velje mellom alternativ. Regjeringa har prioritert å styrkje helsetilbodet til menneske med rusmiddelproblem og psykiske lidingar, men også å styrkje sjukehusa sin økonomi og løyse fastlegekrisa, seier statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap).

Bekeng seier til NRK at dersom situasjonen tilseier det, står helseføretaka fritt til å anten auke kapasiteten i eigne helseføretak, utvide gjeldande avtalar med private leverandørar innanfor regelverket for offentlege innkjøp, eller inngå nye avtalar.

Sjølv om denne ordninga er avvikla står pasientar frie til å velje mellom offentlege behandlingstilbod og private alternativ som har avtalar med sjukehusa. Situasjonen for Valdresklinikken synest i hovudsak å vere at dei har mista ein avtale med Helse Vest.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen