Hopp til innhold

Låner vekk huset til rasutsette

LILLEHAMMER (NRK): Per Christian Håveødegård flyttar ut for å hjelpe dei som er heimlause i Gjerdrum. Han er ikkje åleine om å ville bidra.

Gjerdrumdugnad-Tilbyr-hus

BYR FRAM HUSET: Per Christian Håveødegård håpar nokon frå Gjerdrum vil feire nyttår i huset hans på Lillehammer.

Foto: Ruth Barsten / NRK

Per Christian Håveødegård og sambuaren, Lena Strand var på hytta og såg det som føregjekk i Gjerdrum.

– Eg sat og såg nyheitene og tenkte at dette har vore eit forferdeleg år for mange. Mange av dei har sikkert mista jobben og hatt det forferdeleg frå før også ramlar huset ned på toppen liksom, seier Håveødegård.

Og det er mange som vil hjelpe.

Hjelpesida, The Landslide in Gjerdrum på Facebook, har ikkje stått stille det siste døgnet. Folk vil levere klede, barnevogner, mat og leiker. Hunde- og kattehotell vil ta inn dyr gratis og fleire tilbyr huset sitt til dei som treng ein plass å bu.

Facebook, skjermdump
Facebook, skjermdump
Facebook, skjermdump
Facebook, skjermdump
Facebook, skjermdump

Mange evakuerte

31 bueiningar og 9 bygningar har så langt rasa i kvikkleireskredet på Gjerdrum natt til 30. desember. Faren for nye skred er enno ikkje over, ifølge NVE.

Anders Østensen

PREGA: Ordførar, Anders Østensen seier dei råka innbyggarane er veldig takksame for alle som vil hjelpe til.

Foto: Ragna Kristine Sandholt / NRK

No er rundt 1000 menneske evakuerte frå området og ti personar er framleis sakna. Ordførar, Anders Østensen i Gjerdrum seier har kontakt med innbyggarane sine.

– Fleire er i ferd med å forstå at livet ikkje blir som før etter dette, seier han.

Ordføraren seier innbyggarane er takksame for at så mange vil hjelpe til.

– Det er godt å kunne seie det til folk. Mange set pris på at så mange vil hjelpe, seier han.

– Ikkje vanskeleg

Håveødegård og sambuaren seier dei kan bu på hytta på Nordseter i ei periode framover. Dei synest tanken på at nokon skal måtte feire nyttår på eit hotellrom er veldig trist.

Skjermdump, facebookhjelp
Foto: Skjermdump

– Vi har eit hus vi ikkje nødvendigvis må bruke. For ein familie med bikkje og ungar, å sitte på eit hotellrom på nyttårsaftan. Nei, det var ikkje vanskeleg, seier han.

Innlegget han la ut på Facebooksida si er delt over 1000 gonger og han har fått mange meldingar.

– Fleire har sagt dei kjenner nokon. Eg har fått mange meldingar om folk som seier dei skal seie frå om tilbodet til folk dei kjenner, fortel Per Christian Håveødegård.

Han seier han truleg hadde bydd fram huset sitt uansett. Men på grunn av det spesielle året vi har lagt bak oss, var det ikkje nokon tvil om at han måtte prøve å hjelpe.

Gjerdrumdugnad-Tilbyr-hus

TILBODET STÅR: Per Christian Håveødegård seier tilbodet om å låne huset hans står i tida framover. Sjølv kan dei bu på hytta si.

Foto: Ruth Barsten / NRK

– Eg trur covid-19 gjorde at det var ekstra enkelt å trykke på «del innlegg». Det har vore eit dritår enkelt og greitt. Der ting har stoppa opp for frykteleg mange, og vi har sikkert ikkje sett alle konsekvensane av det enno, seier han.

Huset hans ligg eit stykke unna det utsette området på Romerike. Men han håpar framleis på at nokon har lyst til å ta imot tilbodet om å feire nyttårskvelden på Lillehammer.

Hjelper dyr i området

Fleire melder i sosiale medium at dei kan ta imot husdyra til dei evakuerte eller gi vekk dyrefôr.

Innsatsleiar i Gjerdrum, Roger Pettersen seier det er gardsbruk med dyr i området som ein ikkje kan komme til no.

Det er ikkje vatn og straum, og det er folk inne til å hjelpe med mjølking av kyr og anna.

Jordskred Gjerdrum

INNSATSLEIAR: Roger Pettersen er innsatsleiar i Gjerdrum og seier dei hjelper gardbrukarar som har dyr i det utsette området.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Vi jobbar også mot fleire gardsbruk. Det er gardsbruk som er råka kor det har vore vanskeleg med tilgang til å handtere husdyr og den daglege produksjonen, seier Pettersen.

Berit Lie, Stange

TRØR TIL: Hunter, Serina og Lotte deler gjerne uteplassen sin med nokon som treng det, fortel matmor, Berit Lie i Stange.

Foto: Privat

Berit Lie bur i Stange, rundt ein times køyring frå Gjerdrum. Ho tar gjerne inn hestar som treng nokon til å passe på seg.

– Nokon er i krise. Det blir dugnad som med koronaen. Her må alle berre trå til. Det er dette eg kan trå til med, seier ho.

Ho har også bydd fram ei leilegheit og tar imot fleire dyr om det trengst.

– Eg kan ta imot kattar og bikkjer om det er krise, seier Lie.

Flere saker fra Innlandet