Hopp til innhold

Store mengder ammunisjon påvist i Mjøsa

Det har blitt dumpa mykje meir ammunisjon i Mjøsa enn det ein har trudd, ifølgje Forsvarets forskningsinstitutt.

Trekasser på bunnen av Mjøsa.

FUNN: Biletet viser ein ammunisjonskasse på botnen av Mjøsa. Forsvarets forskningsinstitutt har påvist at mengdene ammunisjon som har blitt dumpa på Mjøsa, er langt større enn ein tidlegare har trudd.

Foto: FFI og NTNU

Frå 1940 og fram til 1970 vart det dumpa ammunisjon frå Raufoss og Forsvaret i Mjøsa.

Tidlegare har ein trudd at det vart dumpa mellom 100 og 200 tonn totalt.

No har Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) påvist at det har blitt dumpa langt meir ammunisjon i den største innsjøen i Noreg enn det ein har rekna med.

– Vi har kjelder som fortel at det kunne bli dumpa 30 tonn på ein dag. Denne trafikken gjekk føre seg over mange år. Funna våre byggjer opp under at mengda er langt over det som har vorte sagt, seier sjefforskar Arnt Johnsen ved FFI i ei pressemelding.

Det kan vere snakk om 10 til 20 gonger meir ammunisjon i Mjøsa enn tidlegare antatt.

Les også Var med å dumpe ammunisjon i Mjøsa: – Det er jo forferdeleg

Bjørn karlstad, 14 år, ammo, Mjøsa

Fant tusen missil

I fleire år prøveskaut Raufoss Ammunisjonsfabrikk luft-til-luft-missilet Sidewinder. Det vart skote frå Fjellhaug, eit stykke sør for Skreia på Toten.

Dei tre meter lange rakettane landa i vatnet. Rundt tusen slike sokk ned på 3–400 meters djup i eit konsentrert område av Mjøsa.

Der ligg dei framleis, tett i tett, ifølgje FFI.

Haleroret til Sidewinder-missil. Rundt tusen slike finnes på bunnen i et avgrenset område i Mjøsa. Alle blei skutt ut fra land, sør for Skreia.

TUSEN MISSIL: Biletet viser haleroret til eit Sidewinder-missil. Rundt tusen slike ligg på botnen i eit avgrensa området i Mjøsa. Alle blei skotne ut frå land, sør for Skreia.

Foto: NTNU

Drikkevatn for 100 000 folk

Fem kommunar og rundt 100 000 folk får drikkevatnet sitt frå Mjøsa.

Ammunisjonen på botnen kan innehalde miljøskadeleg kvikksølv, bly og kopar.

FFI-forskarane understrekar at desse stoffa lekk sakte ut i ferskvatn grunna låg korrosjon.

– Det viktigaste blir nok ikkje å få dette opp, men å overvake situasjonen, seier Johnsen.

Det er ikkje funne konkret dokumentasjon på typar ammunisjon, mengder og dumpeplassar, ifølgje FFI.

MJØSA: Forsvarets forskningsinstitutt har undersøkt fire dumpeområde i Mjøsa, frå Gjøvik og ned til Totenvika.

Forsvarssektoren har fått pålegg frå Miljødirektoratet om å kartlegge utbreiinga av ammunisjon som vart dumpa i Mjøsa.

FFI vil legge fram fullstendig rapport frå undersøkingane til hausten.

Les også Skipsvrak funnet på 410 meters dyp i Mjøsa

Konturene av et skipsvrak på bunnen av Mjøsa.

Flere saker fra Innlandet