Hopp til innhold

Var med å dumpe ammunisjon i Mjøsa: – Det er jo forferdeleg

MJØSA (NRK): I fleire tiår gjekk skarp ammunisjon rett ut i innsjøen, som er drikkevatn for 100 000 menneske. No viser det seg at det er mykje meir, og i dårlegare stand enn frykta.

Bjørn karlstad, 14 år, ammo, Mjøsa

DUMPING: 14 år gamle Bjørn Karlstad i styrhuset på båten «Kvik». Han var maskinisten som køyrde ut med denne båten då dei dumpa fleire lastebillass defekt ammunisjon i Mjøsa.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– No tenker eg på at dette er drikkevatnet vårt. At eg har vore med på dette. Det er jo forferdeleg eigentleg, seier Bjørn Karlstad.

Sommaren 1958 var han 14 år og var med bestefar sin ut i båten «Kvik» på Mjøsa. Raufoss Ammunisjonsfabrikker hadde hyra dei til å bli kvitt defekt ammunisjon.

– Det var alt frå TNT til ein meter lange granatar og geværammunisjon, fortel Karstad, som no er 76 år gamal.

Bjørn Karlstad, Kapp

Bjørn Karlstad er no 76 år gamal og synest det er tungt å tenke på at han var med på å dumpe så mykje ammunisjon i Mjøsa.

Foto: Knut Røsrud / NRK

76-åringen trur dei dumpa to lastebillass i veka rett ut i vatnet den eine sommaren. Og dette dreiv ein med heilt frå rundt 40-talet til 70-talet.

Granatar i oppløysing

Forskarar frå NTNU i Trondheim jobbar med å kartlegge botnen av innsjøen. Dei leitar etter ammunisjon, men også gamle vikingskip.

Dei var ute og filma under vatn tidleg i desember. Då dei zooma inn på nokre gamle granatar, vart dei overraska.

– Det var openbert for oss at det der ikkje er vel bevart. Det har vore kraftig nedbryting og endring i metallet, seier forskar, Øyvind Ødegård.

Mjøsa-NTNU

KAMERA: Med robotar filmar Øyvind Ødegård botnen av Mjøsa.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Han fortel at ein har trudd at dette ikkje ville bli bryte ned på fleire hundre år, sidan det ligg i ferskvatn. Men etter å ha sett bileta, trur Ødegård ein må tenke om igjen.

– Det er ikkje veldig langt frå inntaket til drikkevatn. Og vi veit ikkje heilt kva som er inni det, seier han.

Mjøsa-NTNU

FORSKING: Forskarane frå NTNU gjer dette prosjektet blant anna saman med Gjøvik kommune. Dei skal til slutt lage eit digitalt kart over botnen av innsjøen.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Fleire hundre tonn

Mjøsmuseet har fått alle arkiv frå Raufoss ammunisjonsfabrikk. Dei fortel at ein truleg begynte å dumpe ammunisjonen etter det skjedde ei dødsulukke medan nokon prøvde å desarmere våpen.

Arne Julrsrud Berg, Mjøsmuseet

MENGDER: Arne Julsrud Berg ved Mjøsmuseet seier arkiv viser at det vart dumpa ammunisjon mange fleire plassar enn ein har visst om.

Foto: Roar Berntsen / NRK

Å kaste det i vatnet verka enklare og tryggare. Ein har lenge visst at om at det ligg rundt 100 tonn der. Men dokumenta viser noko anna.

– Det er betydeleg større volum enn som har vore kjent i dag og det er fleire dumpeplassar, seier Arne Julsrud Berg ved Mjøsmuseet.

Mange båtlastar ammunisjon gjekk ut i innsjøen kvar sommar. Og på kvar båttur hadde dei med 10–15 tonn.

– Vi snakkar kanskje om mange hundre tonn, seier Julsrud Berg.

– Bør vurdere å rydde opp

Naturvernforbundet seier det finst dømer på slik dumping over heile verda. I Noreg drog ein ofte avfall ut på isen slik at det forsvann på våren.

Per-Erik Schulze, marinbiolog i Naturvernforbundet.
Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Ein kan seie at Noreg var eit U-land på korleis ein handterte farleg avfall og det kjem tilbake til oss no som ein bumerang, seier Per-Erik Schulze, som er marinbiolog i Naturvernforbundet.

Schulze seier ein ikkje veit mykje om kva som er inne i ammunisjonen. Men det kan bli skadeleg om det går hol på.

Granat, Mjøsa, NTNU

Granat på botnen av Mjøsa mellom Gjøvik og Mengshol. FOTO: Espen Saastad

Granat, Mjøsa, NTNU

Då forskarane zooma inn på ein av granatane såg dei rust, og meiner desse er i dårlegare stand enn ein har trudd. FOTO: Espen Saastad

Granat, Mjøsa, NTNU

Det er truleg mykje meir ammunisjon i Mjøsa enn ein har trudd. Og det ligg på fleire plassar enn ein visste om. FOTO: Espen Saastad

Granat, Mjøsa, NTNU

Forskarane meiner granatane har begynt å korrodere. FOTO: Espen Saastad

Han meiner ein bør vurdere å rydde opp eller dekke det til. Natur og ungdom meiner det er viktig å sjekke drikkevatnet ofte.

– Er det fare for drikkevatnet, må ein gjere noko med det, seier Markus Refsdal i Natur og Ungdom i Innlandet.

Det har vore snakka om at det beste kanskje er at det får ligge der. Refsdal seier ein må vere heilt sikker på at det ikkje er farleg i så fall.

Markus Refsdal.

RESTAURERE: Markus Refsdal i Natur og Ungdom seier det er viktig å restaurere natur som er blitt øydelagt. Og at ein må vere sikker på at ammunisjonen ikkje er skadeleg om den får ligge.

Foto: Hallvard Bruøygard

– Ein har vore heilt sikker på fleire ting som ikkje skulle gjere skade, men som har gjort skader likevel, seier han.

Kan vere farleg å rydde

Miljødirektoratet er usikker på om det er naudsynt å ta opp ammunisjonen. Og at det i nokon tilfelle er tryggare å la slikt få ligge.

Harald Sørby

VURDERING: Harald Sørby i Miljødirektoratet seier ein følger med for å vite at ikkje ammunisjonen er farleg for drikkevatnet.

Foto: Dag Aasdalen / NRK

– Ammunisjonen utgjer jo ei fare utover å vere ei forureiningskjelde. Dei kan jo eksplodere kanskje, kva veit eg. Det er to omsyn som er viktig, seier Harald Sørby, som er seksjonsleiar i direktoratet.

Forsvaret overvakar drikkevatnet. I haust gjorde Forsvarsbygg undersøkingar av vatnet for å sjå om ammunisjonen lek eller ikkje. Resultata kjem i ein rapport januar 2021.

– Det vi har sett av rapportane dei har levert så langt er det ikkje umiddelbar grunn til bekymring. Det er avhengig av korleis det utviklar seg, seier han.

– Snakka aldri om miljøet

Bjørn Karstad måtte styre båten «Kvik» då dei var ute for å dumpe avfallet. Han titta på dekket og såg kasser med alt frå TNT til granatar og tyske gevær.

Bjørn karlstad, 14 år, ammo, Mjøsa

14-ÅRING: I 1958 var det ingen som tenkte på konsekvensane av det dei dreiv med, fortel Bjørn Karlstad.

Foto: Privat

Noko vart kasta uti medan båten var i fart. Anna handterte dei meir forsiktig.

– Det vart laga fem meter lange trerenner med grønsåpe i. Dei lét granatane skli uti ein etter ein, fortel han.

Ifølge Karlstad var det ingen som snakka om miljøkonsekvensane.

– Det var ikkje tema ein gong, seier han.

Bjørn Karlstad, Kapp

ALBUM: Bjørn Karlstad har mange bilete frå barndommen på båten «Kvik». Men dumpinga dei dreiv med vart ikkje teke bilete av, seier han.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Flere saker fra Innlandet