Hopp til innhold

Småprat er kanskje viktigare enn du trur

Er du ein av dei som synest småprat ved kaffiautomaten er tidkrevjande og slitsamt? Ein ny studie visar at tida ikkje er bortkasta.

Small talk.

STARTEN PÅ EIT VENNSKAP: Small talk var starten på vennskapen mellom Sugee De Palm og Eriko Kojima. Dei er samde om at førsteinntrykk oppstår fort og at det set sterke spor.

Foto: Mette Vollan / NRK

STARTEN PÅ EIT VENNSKAP: Small talk var starten på vennskapen mellom Sugee De Palm og Eriko Kojima. Dei er samde om at førsteinntrykk oppstår fort og at det set sterke spor.

Foto: Mette Vollan / NRK

Eriko Kojima (20) og Sugee De Palm (20) møttest som studentar på Høgskolen i Innlandet i august. På studiestaden Lillehammer har dei «funne tonen» både på skulen og på fritida.

– Første samtale er det som avgjer om ein passar saman, om ein trur ein vil bli venner og om ein er interessert i å halde fram med å snakke med nokon, seier Sugee.

Studentane seier dei første samtalane på Lillehammer handla mykje om situasjonen dei var i. Kvar kjem du frå? Kva studerer du? Kvar bur du?

Eriko liker slike samtalar.

– Viss eg småpratar så mykje eg kan, kan eg bli kjend med fleire og det er viktig for meg.

Småprat, eller «small talk», er uformelle samtalar som til dømes kan handle om vêret, sport, eller om noko som nyleg har skjedd.

No viser ein ny studie ved Universitetet i Warwick at ein slik samtale kan avsløre viktige personlegdomstrekk på berre fire minutt.

Small talk.

POSITIVT SOSIALT MILJØ: Forskarane i Warwick peikar også på at vi alle påverkar samtalepartnaren med kven vi sjølv er. Slik kan ein ekstrovert person skape eit miljø som gjer at ein elles tilbakehalden person står tydelegare fram. Her er Eriko og Sugee på kaffibar på Høgskolen i Lillehammer.

Foto: Mette Vollan / NRK

Les også Afternoon tea tar av - startet med en sulten hertuginne

Ingrid Elisabeth Arntsen og Kari Arntsen

Verdien av «tomprat»

Studien undersøkte kva for betydning småprat har for personar som arbeider saman. Det er professor Daniel Sgroi og kollegaer som står bak forskinga.

– Eg syntest alltid småprat var litt kjedeleg og meiningslaus. Samtidig har eg alltid lurt på om den kan ha eit viktig formål. Kvifor har den elles eksistert i tusenvis av år?

Daniel Sgroi University of Warwick

NYTTIG KUNNSKAP: Menneske førestiller seg personar dei snakkar med. Allereie etter fire minutt byrjar vi å få ein idé om kven den andre er. Er den andre dristig eller sjenert? Varm eller kald? – I bedrifter eller sosiale situasjonar kan denne kunnskapen bidra til å auke samarbeidet, seier Sgroi.

Foto: PRESSEFOTO/ University of Warwick

Eksperiment vart gjennomført med 338 personar som aldri hadde møtt kvarandre før.

Deltakarane gjekk gjennom ein personlegdomstest og ein IQ-test før dei vart delte i grupper. I den eine gruppa var det ingen kontakt mellom deltakarane. I den andre gruppa «chatta» to og to personar saman.

Slik kunne dei småprate utan å sjå kvarandre.

– Studien antyda at småprat har ein viktig hensikt sidan den gjer oss i stand til å få ein betre idé om personlegdommen til personen vi snakkar med, som kan brukast i framtida for å hjelpe oss å føreseie korleis dei oppfører seg, seier Sgroi.

Han viser til forskinga som seier at ekstroverte som snakkar mykje har ein tendens til å vere meir populære. Dei blir også rekna for å vere meir samarbeidsvillige.

Forskningsfunn Small talk

DE MEST BRUKTE ORDA: Deltakarane i studien chatta i fire minutt om det som fall dei inn der og då. Det overraska forskarane at det var stor forskjell på kva som var tema i småpraten.

Foto: warwick.ac.uk

Dei fire første

Helene Tronstad Moe er ikkje overraska over funna i studien. Ho er førsteamanuensis ved Høgskolen Kristiania.

Forsking på rekruttering i arbeidslivet har vist at dei fire første minutta også kan vere avgjerande for om ein person blir vurdert som eigna for ei stilling eller ikkje.

Helene Tronstad Moe

KVA GÅR EG GLIPP AV? Viss du ser etter ein samarbeidspartnar eller skal rekruttere til arbeidslivet, oppmodar Moe til å tenkje gjennom kva eigenskapar som er mest relevante i samanhengen. Til dømes er planmessigheit av større betydning for effektivitet i arbeidslivet enn ekstroversjon. – Tenk litt på det du ikkje oppfattar, kva veit eg ikkje om denne personen?

Foto: Jonatan A. Quintero / Høyskolen Kristiania

Moe meiner ekstroversjon er gitt stor verdi i dagens samfunn. Ho forklarer at det enklaste personlegdomstrekket å oppdage, er nettopp om den andre er ekstrovert eller introvert.

Utfordringa er at det er mykje anna med ein person som er verd å merke seg, seier Moe.

Ferdigheiter, kunnskap, moral, erfaringar og klokskap er ikkje så lett å observere i løpet av fire minutt, utdjupar ho.

Liker du small talk?

Moe forklarer at ekstroverte personar bruker mange ord og er glade i å kommunisere. Dette vil vi kjenne igjen anten samtalen går føre seg munnleg eller skriftleg.

– Når ein er veltalande, har eit godt vokabular og bruker mange ord, så er det eit uttrykk for klasse, kjønn, ekstroversjon og utdanning.

Les også FHI-rapport: Sosiale medier og gaming er positivt i unges liv

Elise Frøseth-Anfinsen og Edvard Storm Simonsen

Utforsk småpratet

Sugee De Palm er oppteken av at den andre er lett å snakke med og at ein kan le saman. Ho trur det er viktigare enn kva som er tema for samtalen.

– Eg trur det handlar om «vibbane», om energien matchar mellom personane.

Ho får støtte frå dei engelske forskarane.

Det handlar eigentleg ikkje om kva ein snakkar om, men om at ein snakkar om det som er viktig for seg.

Small talk.

FLEST VENNER BLANT DE INTERNASJONALE STUDENTANE: – Eg syntes mange norske menneske held seg for seg sjølv. Dei vil eigentleg ikkje snakke. Men når dei er fulle, då er dei snakkesalige, seier Sugee og ler.

Foto: Mette Vollan / NRK

Sjølv om Eriko liker småprat, syntest ho ikkje alltid det er så lett.

– Eg syntest det kan vere vanskeleg å finne nye tema og halde ein samtale gåande.

Small talk.

KULTURELLE FORSKJELLAR: – Eg er ein ekstrovert person, men eg er japansk og japanske menneske er sjenerte, seier Eriko. Ho legg til at small talk er vanskelegare på engelsk enn på eige språk.

Foto: Mette Vollan / NRK

Professor Sgroi meiner kunnskapen frå studien gir oss moglegheit for å prøve oss fram. Han rår oss til å bruke småpratet til å signalisere viktige sider av personlegdommen vår.

– Prøv å seie mykje og ver omgjengeleg! Dette vil fungere betre enn å verke inadvendt eller stille under småprat, seier han.

Hei!

Takk for at du har lest saken!

Hvis du har tilbakemeldinger eller innspill til dette temaet, er du velkommen til å skrive til meg.

Jeg tar også gjerne imot tips til andre ting jeg bør se på!