Ei periode med mykje godt vær, lite regn og gode temperaturar har gjort bakken tørr fleire plassar.
Vestlandet har fått regn no, slik at faren er over der fortel meteorolog, Terje Alsvik Walløe.
– Aust i Finnmark dryger det til søndag før det kjem noko nedbør. På Austlandet og Sørlandet blir det generelt lite nedbør i dagane framover og tørt no i helga, seier Walløe.
Her kan du sjekke kor det er varsla fare for skogbrann eller gras- og lyngbrann.
Dette bør du passe på
Det er forbod mot å tenne bål mellom 15. april og 15. september. Men det er likevel lov å tenne opp om du gjer det på ein tilrettelagt og forsvarleg plass.
– Er du på ei strand, så gå ned i steinura eller sandstranda. Ikkje tenn opp på grasbakkar. Det er ikkje berre å tenne opp bål der ein ønsker.
Det seier Tommy Simensen jobbar med førebygging i Ringsaker brannvesen. Han fortel at det kan vere lurt å registrere på nettsidene til det lokale brannvesenet, kor ein er når ein tenner opp bål.
Her er Simensen sine råd:
Mange har kasta seg ut i friluftslivet, og om ein nyleg har skaffa seg primus, bør ein også vite at ein må vere forsiktig med den, seier Simensen.
Han fortel at dei til tider får meldingar om folk som har tent på hageavfall, eller som driv med bråtebrann. Det er det ikkje lurt å gjere no, seier han.
– Reis på eit godkjent mottak for å levere søppel og andre ting. Søppel er det aldri lov å brenne.
Finvêr fleire stader
Det er komen regn på Vestlandet, i Trøndelag og delar av Nord-Noreg. Men på Austlandet og Sørlandet blir det stort sett sommarvêr.
– Open eld skal ein ikkje drive no, med bortsett frå på godkjente plassar. Bortsett frå det er det berre å kose seg med det fine været, seier meteorolog, Terje Alsvik Walløe.
PASS PÅ: Tommy Simensen seier mange ikkje sløkker med nok vatn før dei kastar eingongsgrillen. Du bør vere heilt sikker på at den er kald, seier han.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK– Bruk sunn fornuft og ikkje forlat eit område før du er sikker på at det er sløkt, seier Simensen i brannvesenet.