Hopp til innhold

Slik var det dramatiske døgnet – sjå bilete og kart

Fleire tusen menneske gjorde seg klar til evakuering. Flammane spreidde seg fleire meter i sekundet. Nokre var heldige. Andre mista alt.

I fleire døgn har fleire hundre brannfolk og innsatspersonell kjempa mot flammane på Sotra i Øygarden.

– Heilt perfekte vind- og vêrforhold for ein gras- og lyngbrann, uttalte brannvesenet like før brannen eskalerte tidleg torsdag kveld.

Det skulle bli ein av dei verste gras- og lyngbrannane som har herja i dette området. Også no laurdag er meir enn 30 mannskap i innsats i terrenget.

Det heile skjedde nord på Sotra i Øygarden kommune.
I dette området ved Fjæreidvegen starta brannen like før klokka 12 torsdag.
Brannen spreidde seg langs sjøen mot Spjeldsfjellet. Så dreidde brannen nordvest mot Ågotnes. I 15.30-tida gjekk brannen vestover mot Sekkingstad og Kårtveit.
Brannvesenet sleit med å få kontroll. Helikoptera såg knapt flammane gjennom røyken.
Klokka 18.15 tok det fyr i eit hus på Kårtveit. Fleire hus stod i fare.
Klokka 18.45 spreidde flammane seg til eit hus til.
I 20-tida var huset heilt nedbrent. To familiar stod utan husvære.

Etter at bustadhuset har brent ned til grunnen, spreier brannen seg vidare mot Ågotnes. Via Twitter varslar politiet over 4000 innbyggarar om at dei må gjera seg klare for å bli evakuerte.

– Vi er ikkje i nærleiken av å ha kontroll. Det er ein krevjande innsats og tørt i terrenget, sa Bjørn Olav Paulsen, brann- og redningssjef i Øygarden kort tid etterpå.

Til slutt må over 500 personar forlata heimane sine. Fleire får høyra at sjansen er 50–50 for at husa deira kan bli redda.

Medan hundrevis registrerer seg i den lokale idrettshallen ser det slik ut ute i terrenget.

Brann og røyk i terreng i Øygarden

Store områder gikk opp i røyk i det brannvesenet kaller perfekte forhold for lyng- og gressbrann.

Brannvesenets egne bilder fra brannen i Øygarden

Den kraftige og tykke røyken gjorde det svært vanskelig for helikopterpilotene å se flammene.

Hus står i full fyr under gressbrann i Øygarden

Brannvesenet måtte gi opp å redde dette huset på Kårtveit på Sotra.

Huset som brann ned på Kårtveit

Jan-Ove Kårtveit og tre andre måtte berge seg ut da flammene tok overhånd. – Det er så mange som vil hjelpe at jeg ikke har begynt å tenke på det. Jeg har ingenting igjen, da. Det er liksom ikke sant, seier Kårtveit til NRK.

Evakuerte blir transportert i buss fra Ågonteshallen etter brannen i Øygarden

Evakuerte ble fraktet i buss til hotellet etter å ha registert seg her i Ågotneshallen. Fleire hundre må bo på hotell eller hos familie og venner.

Øygarden gressbrann familie

– Ja, vi er redde nå, sa pappa Nahad Bazou da han og sønnen Haidar tok imot NRK på verandaen tidlig torsdag kveld. Minutter etterpå ble alle evakuert.

Like etterpå blir familien Bazou evakuert

– Ja, vi er redde nå, sa pappa Nahad Bazou da han og sønnen Haidar tok imot NRK på verandaen. Minutter etterpå ble alle evakuert.

Gressbrann på Øygarden fra lufta

Brannvesenet regner med å drive slokking og etterslokking i flere dager fremover. Flere steder hvor brannen er slått ned, er det ennå glør og varme i bakken

Gressbrannen på Øygarden

Røyken velter innover Ågotnes

Røylagt terreng og solnedgang i bakgrunnen i Sotra i Øygarden

Torsdag kveld har røyken lagt seg på Sotra. I terrenget ulmer brannen fremdeles.

Gjennom natta kjempar mannskap frå brannvesen og sivilforsvar mot oppblussinga av småbrannar her og der.

At vinden har roa seg, hjelper godt.

Brann på Sotra, Øygarden
Fredag føremiddag tok vinden seg opp att. Brannvesenet var bekymra.
Utslitt brannmann på Sotra
Og slitne.
Glør og røyk i terrenget på Kårtveit på Sotra
Små, nesten usynlege glør som i denne svartbrente mosen, ligg som tikkande bomber i terrenget.
Det blussa opp småbrannar både nordvest og i aust.
På føremiddagen drog politiet tilbake der brannen starta.
Krimteknikere, brann sotra
Krimteknikarar undersøkte staden. Politiet skal avhøyre vitne i området for å finne brannårsaka.
Gressbrann på Sotra
På ettermiddagen roa brannen seg og evakuerte fekk flytte heimatt. Men det kan ta dagar å sløkke alt.

Tilbake står dei som har mista alt dei eig. Familien Kårtveit skulle feira bursdag. Huset var nyvaska og flagget var heist. Så slukte flammane huset fullstendig.

– Eg hylgrein. Eg var rett og slett i sjokk. Eg visste ikkje kva eg skulle gjera

Irmeling Kårtveit mistet barndomshjemmet i brannen på Sotra

MISTA HUSET: Irmelin Kårtveit og familien bur no i ein bubil.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Slik ser den tidlegara heimen hennar ut etter brannherjingane.

Ruiner av nedbrent hus etter skogbrannen i Øygarden, bare flaggstang og grunnmur står igjen
Foto: Bergen brannvesen
Hus ble omringet fra tre sider, men klarte seg i brannen på Sotra

Dette huset blei omringa av flammar frå tre sider. Brannvesenet har opplyst at brannen var eit titals meter unna då flammane trekte seg tilbake.

Glør og røyk i terrenget på Kårtveit på Sotra

Det ulmar i terrenget på Sotra. Glørne i den svartbrende mosen treng berre eti vindpust før brannen igjen blussar opp.

Brannen ulmer i terrenget på Kårtveit på Sotra

Temperaturen i jorda er skyhøg etter ein så intensiv gress- og lyngbrann. Då er vege kort til at det på ny oppstår flammar.

Krimteknikere, brann sotra

Arnestaden. Det var her brannen start, meiner politiet, som no ber om tips. Årsaka er uviss.

Ruiner av nedbrent hus etter skogbrannen i Øygarden, bare flaggstang og grunnmur står igjen

Slik ser huset til familien Kårtveit ut fredag. –Det var ganske sterkt å kikka på tinga som låg i aska, seier Irmelin Kårtveit

Bilder tatt på Spjeldfjellet kveldstid dag 1 av brannen på Sotra

Brannehelikopter driver slukking på Spjeldfjellet.

Politiet har fått inn fleire tips etter at dei fredag starta undersøkingssak.

Natt til laurdag blussar det framleis opp småbrannar i terrenget på Sotra. Brannvesenet trur det går mange dagar før dei endeleg får sløkt storbrannen.