Hopp til innhold

Simen (31) fekk nytt liv som trenar etter hjarteinfarkt

Simen Engebretsen Nordli (31) var berre eit lite steg unna sigerspallen i langløp i Ski Classics då han merka at noko var gale.

Simen Engebretsen Nordli

LA OPP: Simen måtte leggje opp etter hjarteinfarktet.

Foto: Frode Meskau / NRK

I 2020 kom den talentfulle langrennsløparen frå Vang i Hamar på 10. plass i Vasaloppet.

Alle piler peika ein veg.

– Formen vart betre og betre. Målet var å ta ein pallplass sist vinter, seier Simen Engebretsen Nordli (31).

Men sånn skulle det ikkje gå.

Simen Engebretsen Nordli

NÆRE: Ved inngangen av 2021/22-sesongen var Simen nærare enn nokosinne draumen om pallplass i Ski Classics.

Foto: Privat

Gjekk med «handbrekket» på

Etter fleire skuffande renn i langløpscupen Ski Classics, kom sjokkbeskjeden i mars i år.

– Ein ettermiddag fekk eg telefon frå sjukehuset i Hamar med beskjed om å komme til observasjon.

Derfrå vart han køyrd med ambulanse til Ullevål universitetssjukehus.

– Eg visste ikkje om eg kom ut derfrå i live, seier han.

Samtidig gjekk konkurrentane Birken.

Simen Engebretsen Nordli

FRÅ TOPPTRENT TIL HJARTEPASIENT: Nordli på sjukehuset i mars i år.

Foto: Privat

Etter ni dagar på sjukehus konkluderte legane med at Simen truleg hadde hatt eit hjarteinfarkt fleire månader tidlegare.

Det sette ein bråstopp på den aktive skikarrieren.

– Han har jo hatt den draumen i så mange år, så det å skulle gi opp den var ganske hardt, seier sambuar Hanne Kampenhøy.

Ho er glad for at sambuaren er frisk og at det ikkje er noko arveleg.

Han hadde berre rein og skir uflaks som fekk hjarteinfarkt i så ung alder.

Les også Var døden nær under svømme-VM: Nå sikter han mot OL

Andre Klippenberg Grindheim i bassenget i Ankeskogen svømmehall.

Nytt liv som trenar og pappa

I dag er Simen Engebretsen Nordli trenar for dei andre løparane på laget han gjekk for.

Arnt Nyborg, sjef for Team Næringsbanken Stora Enso seier det var eit sjokk for heile laget då den beste løparen på laget måtte leggje opp på grunn av hjartetrøbbel.

– Vi tok han inn som trenar, ein jobb han har løyst på ein veldig fin måte. At vi har ein trenar med den erfaringa har vore veldig nyttig og motiverande for dei andre løparane på laget, seier Nyborg.

Simen Engebretsen Nordli og dattera Tiril (2 mnd)

NYTT LIV: Livet som småbarnspappa fører til heilt andre prioriteringar for den tidlegare langløparen på ski.

Foto: Frode Meskau / NRK

Han er imponert over korleis han har snudd det negative til noko veldig positivt.

Simen seier det å bli trenar var veldig spesielt i starten.

– Men det er artig å sjå utviklinga til løparane. Det gir ei meistringskjensle det òg.

Han har gjort endringar i treninga og trur laget vil bite godt frå seg i vinter.

– Eg trur dei vil kjempe om pallplasseringar når Ski Classics startar om få veker.

Heime i leilegheita i Vang utanfor Hamar har livet fått eit heilt nytt fokus.

Simen Engebretsen Nordli

FAMILIELYKKE: Simen Engebretsen Nordli og sambuar Hanne Kampenhøy fekk dottera Tiril i september i år.

Foto: Frode Meskau / NRK

For to månader sidan vart han og Hanne foreldre for første gong til vesle Tiril.

– Det gir ei glede i kvardagen! Eg veit nesten ikkje korleis eg skulle klart å vere toppidrettsutøvar no. Det er litt godt å tenkje på at eg slepp å ta alle vala om trening og kvile, seier han og smiler til dotter si på stellebordet.

Jobbar fullt som snekker

Som tømrar var han heldig som hadde ein jobb som stod og venta på han.

– Det er litt rart å vere i full jobb som snikkar igjen. Eg var på veg til å jobbe mindre for å satse endå meir som skiløpar, men plutseleg er eg tilbake der eg var.

Simen Engebretsen Nordli

SNIKRING: Simen er utdanna tømrar og jobbar no full som snekker i firmaet til barndomskompisen Jon Mælumsæter i Hamar.

Foto: Frode Meskau / NRK

Sambuaren Hanne seier det er godt å ha Simen meir heime enn han var før.

– Men eg er spent når skisesongen er ordentleg i gang og renna byrjar å gå på TV, seier ho.

Simen er fornøgd med det nye «vanlege» livet.

No vil han bruke det han har lært av tusenvis av treningstimar på andre område i livet.

– Viss du jobbar hardt og målretta då kan du få til ting elles òg.

Kva drøymer du om då?

– Hehe, nei det vil eg ikkje seie her, seier den tidlegare aktive skiløparen

Men det er éin liten «stein i skoen».

– Å vere så nær ein pallplass i Ski Classics, men ikkje få vist det.

Les også Kjenner ikke seg selv igjen etter skrekkvelten: – Føler meg som en zombie

Karoline Knotten

Flere saker fra Innlandet