Hopp til innhold

Sikta far vart pågripen i bil

Mannen som vart sikta for drapsforsøk på ein 15-åring på Kapp i Oppland, vart pågripen i sin eigen bil ved åstaden. Politiet taua vekk bilen same dag som hendinga.

Bil fjernet fra Kapp kirke

TAUA VEKK: Bilen som det sikta sat i då han vart pågripen vart taua vekk av politiet.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Sikta vart pågripen, heilt udramatisk, i sitt eige køyretøy, i nærleiken av den sentrale åstaden, seier politifagleg etterforskingsleiar John Eivind Melbye.

– Eg ynskjer ikkje å gå i detaljar på kvifor han var i bilen, seier han.

Den sikta, som er far til 15-åringen, vart pågripen same dag som 15-åringen vart funnen livlaus i ein einebustad på Kapp i Oppland. Deretter sat sikta i eit langt avhøyr. Mannen erkjente straffeskuld for drapsforsøk, og samtykka til varetektsfengsling. Politiet ynskjer ikkje å seie noko om den sikta sjølv ringde politiet.

– Etterforsking, kombinert med ein detaljert og god forklaring frå sikta gjer at me har danna oss eitt foreløpig greitt bilete av det som sannsynlegvis har skjedd på åstaden, seier Melbye.

Har vitne

15-åringen behandlast på Ullevål sykehus. Han er stabil, men er kritisk skadd.

Kapp politi

STORE STYRKAR: Politiet hadde onsdag store styrkar som etterforska området der valdshendinga skal ha funne stad.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Politiet ynskjer ikkje å gå ut med om det vart brukt våpen. Dei ynskjer heller ikkje å gå ut med bakgrunn eller kva som kan ha vore motivet.

Den sikta ikkje har vore i avhøyr i dag, dagen etter hendinga, men politiet seier det er mange vitne i saka. Politiet stadfestar at det har vore avhøyr av fleire personar.

– Me har avhøyrt vitne som i større eller mindre grad har vore vitne til det som har skjedd, seier Melbye.

Blir varetektsfengsla

Politiet skal halde fram med etterforsking, med store ressursar, og det siste døgeret har Kripos assistert politiet med det kriminaltekniske på åstaden.

Tekniker ved Kapp kirke

ETTERFORSKA: Kripos har assistert politiet med den kriminaltekniske etterforskinga.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Der har Kripos jobba i heile går og langt på natt, saman med lokale kriminalteknikarar. Me har hatt ei taktisk ransaking der i dag, seier Melbye.

Politiet har sendt oppmoding til Gjøvik tingrett og har bedt om fire veker varetektsfengsling med brev og besøksforbod.

– Årsaka til at me ber om at sikta blir varetektsfengsla er fare for at prov skal gå tapt. På noverande tidspunkt ynskjer eg ikkje å kommentere fengslingsoppmodinga utover det, seier politiadvokat Mari Lauritzen Hasle.

Hasle seier den sikta foreløpig har vore i politiarresten på Hamar, og at han vart torsdag ettermiddag varetektsfengsla i fire veker. Sikta har samtykka til fengsling.

– Det er bedt om forbod mot offentleg gjengiving av kjenninga, av omsyn til etterforskinga av saka, og ikkje minst av omsyn til dei råka i saka. Det er grunn til å understreke at dette er ei sak som pregar familien i stor grad, seier Hasle.

– Det er viktig at dei får ro og blir tatt vare på no.

Følgjer opp med kriseteam

Politiet har pårørandekontaktar som jobbar tett opp mot familien, og kommunen har oppretta ei eige kriseteam.

– Me ser at det kan vere behov for ein møteplass der innbyggjarar som måtte ynskje det kan komme og vere saman. Difor har me invitert til ope hus i kveld, og der vil kommunen sitt kriseteam vil vere til stades, seier ordførar Guri Bråthen i Østre Toten.

Kriseteamet følgjer også opp dei pårørande.

– I tillegg er det ein del som hadde kjennskap til dei som er råka i saka, som føler seg sterkt påverka. Det vil vere oppfølging på alle våre skular i dag, seier Bråthen.

Flere saker fra Innlandet