– Eg trur eg aldri eg kjem til å oppleve noko liknande igjen. Det var ekstremt brutalt, og ekstremt spanande, seier fotograf James Ewen.
– Eg har snakka med mange som jobbar dagleg med moskus, og dei har ikkje sett ein kamp som var så intens. Eg trur me var ekstremt heldige. Det var «once in a lifetime».
Sjå videoen øvst i saka.
– Once in a lifetime
TV-sjåarar over heile verda får snart sjå unike opptak av moskus på Dovrefjellet i BBC sin nye naturserie «Seven Worlds, One Planet». BBC har laga ein episode for kvar verdsdel, og moskusen har fått ei sentral rolle i episoden om Europa.
Ewen er ein av dei som brukte fleire veker i fjor på å filme moskusar på Dovre. Å fange augneblinken der to moskusoksar, midt i paringstida, barkar saman, det er noko han seint gløymer.
– Me hadde store forventningar, men du veit aldri om du får det du håper på. Eg var ganske nervøs for at eg ikkje skulle komme tilbake med noko, seier Ewen.
– Moskuskampar skjer ekstremt fort, og me filma i «high speed» slik at det blir saktefilm, så det er først etterpå når eg har sett den ferdige sekvensen at eg skjønar kor brutalt det var. Eg får gåsehud når eg ser på det.
Han fortel at dei jobba lenge med å finne den beste staden å filme, og at dei jobba tett med lokalkjende. Og dei var der til rett tid.
– Alt må stemme. Du må ha rett moskus, og du må vere på rett stad. Me var ekstremt heldige som fanga den kampen, ein kamp som var så intens, seier han.
– Ikkje noko meir ikonisk
Den nye serien er den største serien om biomangfald og klimaendringar som nokon gong er produsert. Sir David Attenborough si stemme driv historia framover med bilete som er filma i 41 land, og det over 1794 opptaksdagar.
– Ved å bruke teknologi, research, og ved å kontakte forskarar, så kan me filme dyra og korleis dei oppfører seg, og fange noko som aldri har blitt filma før, seier produsent Giles Badger i BBC.
Over 1500 personar jobba på prosjektet, og Badger seier opptaka på Dovre er heilt spesielle.
– Då eg fekk materialet på pulten min måtte eg felle ei tåre. Eg vart heilt overvelda, seier Badger.
– Det er ikkje noko meir ikonisk eller større dyr i Europa enn moskusen, og territorium-slåstkampane som skjer kvart år i september er noko heilt spesielt som du ikkje får andre stader på kontinentet, seier han.
Episoden sendast på BBC earth 12. desember, og NRK viser serien ein gong neste år.