Hopp til innhold

Utsetting kan gi dårlegare helse

Ein ny svensk studie har kome fram til at prokrastinering kan gi dårlegare psykisk helse, smerter i kroppen og ein usunn livsstil.

Studievenninnene Anna Harborg og Andrine Bøigaard sit ved eit bord med PC-ar og mobilar framføre seg. Dei smiler til kvarandre.

UTSET: Studievenninnene Anna Harborg og Andrine Bøigaard kan fort byrje å heller snakke om det som skjedde i helga enn å studere. Dei er ikkje aleine om å prokrastinere.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Spesielt viss ein sit heime er det enkelt å begynne med å vaske hus og sette på klesvask og sånne ting. Plutseleg blir det veldig spanande å halde på med, seier Anna Harborg.

Ho sit saman med ei studievenninne. Dei to har den dårlege vanen som mange andre har: Dei utset å gjere det dei skulle gjort. Dei prokrastinerer.

– Plutseleg er eit varsel på telefonen meir spanande enn det ein driv med, seier Andrine Bøigaard.

Å prokrastinere er dei ikkje aleine om, men, ein ny svensk studie viser at det kan vere assosiert med ei rekke helseplager.

– Det kan blant anna vere symptom på depresjon, angst og stress, men også helseåtferd som mindre fysisk aktivitet og dårleg søvn, seier Fred Johansson.

Smerter i kroppen

Johansson er ein av forskarane bak studien som forskning.no omtalte først. I studien svarte 3525 svenske universitetsstudentar om prokrastinering og eiga helse.

Fred Johansson

FORSKAR: Fred Johansson er doktorgradsstudent og autorisert psykolog ved Sophiahemmet högskola i Stockholm

Foto: Andreas Emtinger

Prokrastinering er også kopla til sosiale faktorar som einsemd og økonomiske vanskar, seier Johansson.

Studentane kunne også få funksjonshindrande smerter i kroppen.

– Dei som prokrastinerer hadde høgare nivå av smerter i øvre ekstremitetar som skuldrer, olbogar og hender, seier Johansson.

Andrine Bøigaard er sett ut av at utsetting kan gi så store konsekvensar, og seier tidlegare har hatt mål om å bli betre på å få gjort det ho skal.

– Men, eg fell ofte tilbake til gamle vanar. Det er vanskeleg å endre.

Kanskje ikkje så rart, for dei to er i ei utsett gruppe for utsetting.

Studievenninnene Anna Harborg og Andrine Bøigaard.

LANGE DAGAR: Student Anna Harborg er ikkje overraska over forskarfunna. – Når eg sit lange dagar og prøver å få ferdig oppgåvene merkar eg at eg blir sliten i kroppen. Ein sit ofte for seg sjølv og har ikkje moglegheit til å møte vener.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Vanleg blant studentar

Psykologiprofessor Frode Svartdal har forska på prokrastinering.

Han seier rundt 20 prosent av normalbefolkninga prokrastinerer. Talet for studentar er «mykje høgare».

Det at prokrastinering heng saman med fysiske og psykiske plager har vore kjent i alle fall sidan Baumeister publiserte sin klassiske studie i 1997, seier han.

Frode Svartdal

PROKRASTINERING: Frode Svartdal er forskar og psykologiprofessor ved Universitetet i Tromsø.

Foto: Frode Svartdal

Studien han og ein kollega publiserte i 2022 viser at mange studentar vel å utsette akademiske oppgåver.

Det blir kalla akademisk prokrastinering.

Dette gjer at ein kjem på etterskot med studiearbeid. Typiske konsekvensar er stress, redusert sjølvtillit, og kan gjere at ein grublar og er nedstemd, seier Svartdal.

Startar gruppe

På Høgskulen i Innlandet har samtaleterapeut Rune Grønbakken kanskje ei løysing.

Snart startar han opp ei gruppe for studentar som prokrastinerer og som ønsker å gjere noko med det.

Samtaleterapeut Rune Grønbakken

GRUPPE: Samtaleterapeut Rune Grønbakken seier håpet med prokrastineringsgruppa er at studentane får gjort det dei skal, og at dei lærer seg at ein får det betre når ein får ting gjort.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Tanken er at du først skal sette deg saman med ein annan student og finne ut kva som er oppgåva di til neste veke. Den du sit med skal følge deg opp, seier Grønbakken.

– Så set du deg med ein annan student som du skal følge opp.

Ei slik gruppe trur forskar Fred Johansson er bra.

– Det som kan minske distraksjonar kan vere å studere på skulen i staden for heime, og ein kan prøve å bryte ned langsiktige mål i mindre oppgåver, seier Johansson.

Plakat på Høgskolen i Innlandet med invitasjon til gruppe for studentar som prokrastinerer.

GRUPPE: Plakatar heng rundt omkring på høgskulen, med invitasjon til gruppe for prokrastineringsstudentar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Korleis slutte? Eller begynne?

Johansson seier det har blitt gjort studiar på korleis ein kan behandle prokrastinering. Då har dei sett at kognitiv terapi, med omfattande innsats med psykolog, har vist seg å vere den mest effektive behandlinga.

Han har tips til kva ein kan gjere sjølv:

– Til dømes å ta vekk distraksjonar, legge vekk telefonen eller slå av varslingar, slik at ein kan fokusere på det ein gjer.

Svartdal har tips til kva institusjonar kan gjere:

– Å starte med det som er lett å gjere noko med, nemleg lange tidsfristar og stor fridom. Den fridomen øydelegg for omtrent halvparten av studentane, fordi dei taklar ikkje denne.

Svartdal meiner studenten også kan gjere noko:

Medstudentar, som det er artig å snakke med, kan ein skjerme seg frå ved å oppsøke ein annan stad enn lesesalen når ein skal jobbe med noko viktig.

Anna og Andrine skjønar at dei må slutte med utsetting.

– Me skal i gang med ei bacheloroppgåve, så me må verkeleg sette oss gode fristar sånn at me presser oss sjølv til å gjere ein god jobb der, seier Anna.

– Sette opp to-do-liste med datoar som ein skal halde vil nok hjelpe oss vidare, seier Andrine.

Plar du utsette ting?

Treng du litt meir prokrastinering? Høyr denne Ekko-episoden:

Les litt meir om det:

Er du en mester i å utsette?

Utsetter du? Da øker faren for angst og depresjon

Eller les desse sakene:

Over en av tre tør ikke være ærlig med arbeidsgiver om sin psykiske helse

Flere studenter sliter psykisk - slik tok Carl William (22) grep