Hopp til innhold

Ordførar føler seg hetsa etter TV-aksjon-vedtak

LESJA (NRK): Lesja kommune vil ikkje samle inn pengar til WWF under TV-aksjonen til hausten. Det har ført til mange reaksjonar.

Ordfører i Lesja kommune, Mariann Skotte

HETS: Mariann Skotte i Lesja kommune føler folk har angripe ho som person etter vedtaket om å ikkje støtte WWF og TV-aksjonen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Pengane som blir samla inn i år går til WWF Verdas naturfond og kampen mot plast i havet.

Fleire kommunar i Østerdalen, bestemte seg tidleg for ikkje å støtte aksjonen, på grunn av WWF sitt syn på rovdyr. Det same har kommunar i blant anna Trøndelag og Nordland gjort.

Då Lesja kommune i Gudbrandsdalen gjorde sitt vedtak, kom kritikken. Mot ordføraren.

– Familien min blir dratt med og hetsa av enkelte grupper som tydelegvis er ei støttegruppe til WWF, seier Mariann Skotte, som er ordførar for Senterpartiet i Lesja.

Føler seg hengt ut

Det Skotte reagerer mest på er eit innlegg som er lagt ut på facebookgruppa «Boikott konfliktkjøtt». Avsendaren skriv at ordføraren og mannen hennar er ihuga rovdyrmotstandarar.

– Det er ikkje det eg er. Eg er for ein balansegang, seier Mariann Skotte.

Skotte seier mannen har bomma på fleire fakta i innlegget. Ho har snakka med han og bedt politiet om å sjå på saka, og vurderer å melde mannen til politiet.

skjermdump
skjermdump 2
Skjermdump 3
Skjermdump

– Det er uthenging av meg og mannen min. Og kva vi driv med på fritida. Det er ingen grunn til å dra inn familien min i det som er jobben min, seier Mariann Skotte om innlegget.

NRK har også snakka med ordføraren i Tynset, Merete Myhre Moen. Kommunen hennar var blant dei første som gjorde vedtak om ikkje å støtte innsamlingsaksjonen til hausten.

Ho har også fått mange kommentarar. «Eg skal anbefale alle eg kjenner om å ikkje reise til Tynset», seier nokon, ifølge henne.

– Det blir på ein måte litt truslar i det. At dei skal straffe kommunen, seier Myhre Moen.

Beklagar at ho føler seg hetsa

Innlegget om Mariann Skotte med fleire, vart lagt ut på ei facebookgruppe. Avsendar, Steinar Austheim, seier det er ei informasjonsside for å snakke om utfordringane Noreg har med beitenæringa.

– Som år etter år overproduserer kjøt vi må sende ut av landet for å bli kvitt. Og for at overproduksjonen skal kunne fortsette, må norske rovdyr drepast, svarer han i ein SMS til NRK.

Han beklagar at Mariann Skotte har følt seg hetsa. Men at det einaste han kan sjå og ha bomma på er at ho ikkje driv med sau, men med kyr.

– Som ein valt representant for folket, er det neppe nokon overrasking at ein blir kritisert for enkelte politiske vedtak. Det denne saka handlar om i utgangspunktet, er at nokon få ordførarar i Noreg, har valt å boikotte ein av dei viktigaste sakene i vår tidsalder, nemleg å reinse havet for plast, seier han.

Han seier han aldri har truga Skotte, men at han sjølv har blitt truga med politimelding.

Vil ikkje sende ut niandeklassingar

Mariann Skotte i Lesja, seier det er fleire grunnar til at dei ikkje vil sende ut bøssebærarane i år.

Sjølv om dei støttar det å overvinne plast i havet, er mange i kommunen imot WWF. Og det er niandeklassingane i kommunen som til vanleg går med bøssene, fortel ordføraren.

– Skal ein sende ut elevar på dørbank? Det er mange som ikkje kjem til å støtte denne organisasjonen og det er ikkje ei god oppleving for elevane, seier Skotte.

ordfører Mariann Skotte og ordfører Arne Fossmo

VEDTAK: Mariann Skotte i Lesja har allereie vedteke at dei ikkje går med bøsser i år. Arne Fossmo, ordførar i Ringebu kommune, har fått med seg kommunestyret på det same.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Sjølv om fleire er ueinige i vedtaket, får ho også mykje støtte frå folk i området.

– No er det slik at det ikkje er ordføraren som har gjort vedtaket åleine. Det var oppe til drøfting i mi kommunestyregruppe. Jobben min er å stå for det innbyggarane i Lesja vil. Også dei som ønsker å støtte, seier Skotte.

Skotte seier dei ikkje boikottar TV-aksjonen i Lesja, sjølv om dei ikkje sender ut folk med bøsser. I staden vil kommunen legge ut informasjon om kor dei som vil det, kan Vippse pengar for å støtte aksjonen.

Tolererer ikkje hets

WWF seier det er kjedeleg for dei at nokon ikkje vil støtte TV-aksjonen i år. Og trist for menneske i Søraust-Asia som lever med plastforsøpling.

Generalsekretær i WWF Karoline Andaur.

LEIT: Karoline Andaur i WWF forstår at det er mykje kjensler i rovdyr-debatten. Men seier det er leit at ein likevel ikkje vil støtte dei når formålet er kampen mot plast i havet.

Foto: Ivan Tostrup / WWF Verdens naturfond

– Mange i Noreg er brennande engasjert i kampen mot plast, og når kommunar ikkje vil vere med, tar det frå folk moglegheita til å vere med i den store folkedugnaden som TV-aksjonen er, seier Karoline Andaur i WWF.

Andaur seier rovdyrspørsmålet er prega av kjensler og at folk på begge sider har behov for å seie kva dei meiner.

– Men hets av enkeltpersonar vil vi aldri tolerere. Usaklege, kunnskapslause kommentarar har vi heller ingenting til overs for, seier ho.

Erik Skarrud, som er spesialrådgjevar for innsamlingsrådet i NRK seier dei bestemte seg for å gi pengane til WWF fordi dei hadde den beste søknaden. Med ein seriøs og god plan.

– Vi meiner framleis at rovdyrproblematikken er ein litt annan problemstilling enn å rydde plast i havet. Det er ikkje ei einaste krone som skal gå til rovdyrpolitikk, seier Skarrud.

Han seier dei kanskje burde skjønt at det ville komme kritikk ved å velje ein organisasjon som mange er ueinige med. Og at det er utruleg synd at det blir slik debatt om dette.

– Hets tek vi fullstendig avstand frå. Det er aldri greitt i nokon som helst samanheng, seier Skarrud.

Erik Skarrud

SYND: Erik Skarrud i TV-aksjonen synest det er synd at fleire ikkje vil støtte WWF, men at det er opp til kvar enkelt kva dei vil gjere.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Flere saker fra Innlandet