Hopp til innhold

Skeptisk til elsykkel etter prøveår

I fjor vart det for første gong opna for elsykkel i nasjonalparken. Turistverten i Glitterheim trur Jotunheimen er betre utan.

Hit, men ikke lenger. Elsyklist må stoppe før bommen.

SKEPTISK: Turistverten på Glitterheim meiner prøveordninga med elsykkel har ført til at ei ny turistgruppe har funne vegen til fjells.

Foto: Even Lusæter / NRK

Elektriske terrengsyklar er i rivande utvikling, og mange hevdar at elsykkelen snart vil overta for vanlege terrengsyklar.

Både turistnæringa og elsyklistane har lenge etterlyst likebehandling mellom sykkel og elsykkel, også i nasjonalparkane.

I fjor vart det for fyrste gong opna for eit prøveår med elsykkel i nasjonalparken. Ei av strekningane var inn til Glitterheim i Jotunheimen, der Knut Vole er turistvert.

Han har lenge vore positiv til elsyklistar i nasjonalparken, men etter å ha fulgt med på prøveordninga er han blitt meir skeptisk.

– Før fjorårssesongen var eg nesten irritert for at elsyklistar ikkje fekk lov til å køyre inn til Glitterheim. Eg forstod ikkje kvifor. Men nå er eg meir usikker, seier han.

Knut Vole, turistvert i Glitterheim. Fotografert utanfor huset sitt i Lom.

USIKKER: Knut Vole er fjerde generasjon styrar på DNT-hytta Glitterheim under Glittertinden. – Dei som kjem inn på elsykkel er nok i større grad opplevingsturistar som jaktar toppturar, seier Vole.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Elsyklistar har veldig dårleg tid

Vole seier det finst to typar elsyklistar i Glitterheim.

– Det er dei som verkeleg har bruk for elsyklar, også er det dei som har det travelt og vil få med seg mest mogleg på kort tid.

Det er dei sistnemnde elsyklistane Vole er skeptisk til.

Han meiner at fjellfolket er dei vanlegaste turistane på Glitterheim. Folk med god tid og som har ei oppleving av å vera på tur.

– Vi merka at det var andre typar folk som kom enn det som vi til vanleg har her. Det vi ser heilt tydeleg er at mange elsyklistar har veldig dårleg tid, seier Vole.

Tre elsyklar i tunet på Glitterheim i Jotunheimen sommaren 2021

SOMMAREN 2021: vart det for fyrste gong opna for elsykkel inn til Glitterheim. Frå nasjonalparkgrensa og inn til Glitterheim går ein 7.5 km lang grusveg.

Foto: Tone Vole

Det er fleire måtar å nyte naturen på Minusgrader skremmer ikke folk fra å sove utendørs

Vinter-camping

Motorferdsel i nasjonalpark

Ein elsykkel er eit motorisert køyretøy. Bruk av motoriserte transportmiddel i utmark er i utgangspunktet forbode.

Men våren 2017 vedtok regjeringa at elsykkel skulle sidestillast med vanleg sykkel i utmark.

Seniorforskar i Nina, Vegard Gundersen, har overvaka ferdselen inn til Glitterheim. Nå har han levert ein rapport til Miljødirektoratet.

Vegard Gundersen, NINA

TRUGAR VILLREIN: Seniorforskar i Nina, Vegard Gundersen, meiner det er mange stader der elsykling trugar villrein og andre verneverdiar, men at på denne strekninga inn til Glitterheim, er elsykling heilt uproblematisk.

Foto: NINA

– Det ser ut til å fungere godt med tanke på verneverdiane, men vi har også sett nokre brukarkonfliktar mellom syklande og gåande, seier Gundersen.

Han seier elsykkelen gjev turistane større rekkevidde og høgare fart. Det endrar også åtferda og bruken av naturen.

Ein kan likevel kome seg langt med vanleg sykkel Ankom Nordkapp etter 25.000 kilometer på sykkel

Av kjærlighet til klima ville hun ikke fly hjem til Norge etter å ha bodd i Sør-Afrika. Dermed pakket hun og syklet hjem. Det ble en reise på 25.000 kilometer på to hjul. I dag kom hun til Nordkapp etter fire år på sykkelen.

Vil ha likebehandling

Ingrid Smith Pedersen er ei av dei som besøkte Glitterheim på elsykkel i fjor sommar. Ho ser ingen grunn til at elsyklar ikkje skal kunne sykle inn til Glitterheim.

Det er ein grusveg inn der, og eg trur folk held seg på vegen når dei får beskjed om det.

Ho har vore ein ivrig elsyklist i to år, og for Ingrid er likebehandling heilt sentralt.

Eg tenkjer at det er mange fleire stader som burde vore opna opp for elsykkel. Også i nasjonalparkane. Der det er lov med vanleg sykkel bør det vera lov å sykle elsykkel, seier ho.

Ingrid Smith Pedersen

HEKTA på elsykling. Ingrid bur i Arendal, men har dei siste to åra sykla mykje og på mange ulike stader i landet.

Foto: privat

Elektriske turistar

Målet med rapporten var å sjå om elsykling auka belastninga på naturen.

– Det vi ser er at folk held seg på grusvegen. På denne strekninga i Jotunheimen er det heilt uproblematisk med elsykkel, seier Gundersen.

Sjølv om andelen som nytta seg av elsykkel var ganske liten, meiner turistverten under Glittertind at elsyklistane skilte seg ut frå dei andre turistane.

– Det er to typar elsyklistar. Dei som har bruk for ein elsykkel for å koma seg ut i terrenget, og den andre gruppa er dei som har det for travelt, seier Vole.

Han meiner han ser ein tendens til at dei som kjem til Glitterheim på elsykkel har det litt for travelt og berre jaktar opplevingar.

Vole meiner hytta under Glittertind er tilrettelagt for dei som vil på tur.

– Det er fjellfolk som er den vanlegaste turisten i Glitterheim. Dei som kjem inn på elsykkel er nok i større grad opplevingsturistar som jaktar toppturar, seier turistverten.

Jotunheimen endrar seg på fleire måtar Har oppdaget miljøskader i Norges mest kjente fjellvann

Besseggen

Dårleg case

NINA-forskar Gundersen trur også at elsykkelen kan få ei ny turisttype til fjells.

– Vi ser at elsykkel har blitt eit veldig populært transportmiddel i byane. Mange frå byane har elsykkel, så ein ser nok i større grad ei urbanisering av dei besøkande, seier Vegard Gundersen.

Forskaren meiner det er mange vegar og stigar i nasjonalparkane som kan eigne seg for elsykkel.

– Det handlar om likebehandling. Skal ein utelukke elsyklistar frå eit område, må det vera fordi elsykkelen har ein negativ effekt på verneverdiane.

På grusvegen inn til Glitterheim meiner NINA at det er heilt uproblematisk å tillate bruk av elsykkel. I dette studieområdet var det nær sagt ingen som sykla utanfor grusvegen.

Elsyklar på veg inn til Glitterheim i Jotunheimen.

GRUSVEGEN: inn frå nasjonalparkgrensa i Veodalen til turisthytta Glitterheim er det 7.5 km. Prøveordninga for elsykkel gjeld berre for grusvegen, ikkje for terrenget rundt.

Foto: Tone Vole

Men Gundersen meiner det er vanskeleg å bruke denne rapporten til å seie noko om korleis bruk av elsykkel påverkar verneverdiane generelt.

– Dette er eit litt dårleg case, sidan det er så krevjande terreng på utsida av grusvegen og at det ikkje er sårbare artar i dette området.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen