Hopp til innhold

Ny rapport: Eldre opplever omsorgssvikt på sjukeheimar

Halvparten av bebuarane på norske sjukeheimar seier at dei har opplevd omsorgssvikt. Det kjem fram i ein ny rapport.

Solveig Bergum (88) seier ho har det bra på Landmo omsorgs- og rehabiliteringssenter i på Dokka i Nordre Land.

Solveig Bergum (88) seier ho har det bra på Landmo omsorgs- og rehabiliteringssenter i på Dokka i Nordre Land. Det er det ikkje alle eldre som kan rapportere om.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Eg skulle ønske eg var litt meir sosial, slik som eg skravla og prata før, seier Solveig Bergum.

Ho har besøk av ein besøksvenn frå Røde Kors på Landmo omsorgs- og rehabiliteringssenter på Dokka i Nordre Land.

– Eg har hjelp til å legge meg om kvelden. Og eg har hjelp til å komme meg opp på beina om morgonen. Eg har det bra, seier Bergum.

Ikkje alle har det like bra. For i rapporten Omsorg under press som oppgir halvparten av spurde bebuarar på norske sjukeheimar, at dei har opplevd ulike formar for omsorgssvikt.

Ei hand å halde i kan Røde Kors tilby med besøksvener.

Ei hand å halde i er godt å ha når ein bur på sjukeheim. Det kan besøksvenene tilby.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Deltakarar frå heile landet

Det er samfunns- og marknadsundersøkingsselskapet Opinion som har laga rapporten på oppdrag frå Røde Kors.

Til rapporten prøvde dei å rekruttere bebuarar frå sjukeheim i alle landsdelar med minimum 50 vanlege langtidsplassar.

Dei sende førespurnader til rundt 100 sjukeheimar. Totalt 30 sjukeheimar, fordelt på 11 kommunar i fire landsdelar takka ja til å bidra. Til saman 190 bebuarar deltok i spørjeundersøkinga.

I rapporten kjem det fram at heile 99 av 190 sjukeheimsbebuarar seier at dei har opplevd omsorgssvikt.

– Det er jo graverande tal, seier Marte Eika som er leiar i landsrådet for Røde Kors omsorg.

Solveig Bergum (88), til høgre, har budd på Landmo omsorgs- og rehabiliteringssenter i på Dokka i Nordre Land sidan i fjor haust. Her saman med Martha Eiker frå Røde Kors.

Solveig Bergum (88), til høgre, har budd på Landmo omsorgs- og rehabiliteringssenter i på Dokka i Nordre Land sidan i fjor haust. Her saman med Marte Eika frå Røde Kors.

Foto: aRNE sØRENES / nrk

Les også Vil gi pasienter bedre oversikt over egen medisinbruk på sykehjem

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

Har opplevd vald

Talet på bebuarar som seier dei har opplevd fysisk vald er på 7 prosent. Dette medan 31 prosent seier dei har opplevd psykisk vald.

Ifølge rapporten er det slik at dei som rapporterer om dette, framhevar særleg hendingar knytt til ignorering eller det å bli oversett, følgt av kjefting og audmjuking.

Heile 49 prosent seier dei har opplevd ei eller anna form for forsømming på sjukeheimen.

Martha Eiker er leiar i landsrådet for Røde Kors omsorg.

Marte Eika seier det er graverande tal, det som kjem fram i den nye rapporten. Besøksvener har også blitt spurt til den nye rapporten frå Røde Kors.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Det betyr at dei blir sittande mykje aleine. Det er ikkje noko som skjer rundt dei. Dei kjem ikkje ut, seier Eika.

Ho seier at å komme seg ut på ein trilletur kan vere veldig viktig.

– Fordi det er viktig for oss alle saman at det skjer noko, at me opplever litt. Ein har ikkje noko mindre behov for at ting skjer, sjølv om ein er blitt eldre.

Les også Astrid er skremd over feil på tryggleiksalarmar

Astrid Øverås i Ålesund brukar tryggleiksalarm. Ho viser den fram handa med alarmen på.

Har hatt mistanke

Totalt deltok også 195 besøksvenner. Desse var fordelt på minst 65 av rundt 380 lokalforeiningar over heile landet.

35 prosent av besøksvennane, altså 69 av 195 deltakarar, har hatt mistanke om eller vore vitne til ein eller fleire formar for omsorgssvikt.

Eit lite mindretal, totalt 3 besøksvener, svarar at dei har observert eller hatt mistanke om at noko har blitt utsett for fysisk vald på sjukeheim det siste året.

Observasjonane dreier seg om biting, sparking, lugging, slåsting og andre fysiske handlingar der hensikta har vore å skade.

Men, for Bergum, som seier ho har det bra, er det noko som får tida til å gå:

– Eg sit her i stolen og søv. Me får jo den hjelpa me treng, seier ho.

Solveig Bergum (88) seier ho har det bra på sjukeheimen.

Solveig Bergum (88) seier ho har det bra på sjukeheimen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Les også Hjemmetjenesten er Norges sykeste arbeidsplass

Silje på jobb i Bodø kommune.