Hopp til innhold

Kommunar har avdekt feil på tryggleiksalarmar for eldre: – Dette er alvorleg

Etter at ei kvinne som brukte tryggleiksalarm i Sula kommune døydde, har fleire kommunar sett i gang undersøking av alarmane.

Tryggleiksalarm på handa til ei kvinne. Den ser ut som ei klokke

Fleire kommunar har avdekt feil på tryggleiksalarmane som eldre brukar for å tilkalle hjelp.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ei eldre kvinne som var utstyrt med tryggleiksalarm i Sula kommune var funnen forkomen og døydde seinare på sjukehus. Det viste seg at alarmen ikkje hadde blitt aktivert og kommunen fann seinare feil på alarmen. Ingen veit no om det er ein samanheng mellom alarmen og dødsfallet.

Etter dette har kommunen funne feil på ytterlegare ein alarm.

Kjetil Fylling

Kommunalsjef i Sula, Kjetil Fylling, seier at alle tryggleiksalarmane no verkar og brukarane treng ikkje vere bekymra.

Foto: Terje Reite / NRK

– Dette er så alvorleg at vi har meldt det som eit avvik til Statens helsetilsyn og i vårt eige system, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Sula, Kjetil Fylling. Han vil ikkje kommentere dødsfallet.

Alarmen er anten festa på handa eller som eit smykke, som ein skal bruke dersom ein treng hjelp.

Sula kommune fann ut at det var svikt i kommunikasjonen mellom alarmen som brukaren ber på seg og alarmboksen på veggen. Dermed blir ikkje helsepersonell varsla.

Det var Sunnmørsposten som omtalte saka først.

Feil fleire stadar

Kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes i Ålesund kommune på kontoret sitt. Ho har utsikt til Fjellstua.

Kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes i Ålesund kommune seier at dei har fått oversikt over situasjonen og har sett i verk tiltak der det var naudsynt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Alarmane blei kjøpt inn i fellesskap med totalt 17 kommunar på Nordvestlandet.

No har fleire kommunar sett i gang testing av alarmane. I Fjord kommune blei det funne feil på ein alarm, ifylgje Sunnmørsposten. I Ålesund blei det funne feil på fire av dei 600 alarmane som er testa.

– Dei som hadde defekte alarmar har anten fått nye eller vil få det i løpet av kort tid, seier kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes. Det er 1400 personar i kommunen som brukar alarm.

Skremmande at dei ikkje verkar

Astrid Øverås (83) er ei av dei som er avhengig av alarmen for å føle seg trygg. Ho bur åleine og har den alltid på seg.

– Eg tenker på det heile tida at eg har jo tryggleiksalarmen visst det skjer noko om natta eller visst eg ramlar. Eg er jo veldig dårleg til beins, seier Øverås.

Ho synest det er skremmande å høyre at det no er avdekt feil på fleire av alarmane.

Astrid Øverås i Ålesund brukar tryggleiksalarm. Ho viser den fram handa med alarmen på.

Astrid Øverås i Ålesund synest det er skremmande at det er avdekt feil ved nokre av tryggleiksalarmane.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Tar saka på alvor

IT-leverandøren Atea seier at dei no jobbar tett saman med kommunane og produsentane av tryggleiksalarmen for å finne ut kva som har skjedd.

Dette er ei sak vi tar på største alvor. Brukarane skal vere trygge på at velferdsteknologi skal fungere, seier kommunikasjonsdirektør Christian Currell Brosstad.

Tilfella som er avdekt no handlar om at det skulle ha gått eit varsel til kommunen sin vaktsentral når alarmen går tom for batteri, men det har ikkje skjedd.

Atea jobbar også med å informere andre kundar med same teknologi for å sørge for at dei er riktig sett opp.Dei har levert alarmar til 78 kommunar.

Tryggleiksalarm av typen GX-8. Alarmboksen ¨skal henge på veggen, medan brukaren har eit armband eller smykke som kan trykkast på

Det er funne feil på tryggleiksalarmar av denne typen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Les også Birgit (92) kan bo hjemme lenger: – Jeg føler meg veldig trygg, og slettes ikke overvåket

Birgit Solum i Overhalla