Hopp til innhold

Slår stadig nye rekordar: Utlendingane fyller opp norske skianlegg

Dei strøymer hit frå Danmark, Sverige, Tyskland og England på jakt etter snø og vinteropplevingar.

Skiturister i Hafjell

LANGE KØAR: Denne veka er det rekordmange turistar ved fleire vinterdestinasjonar i Noreg. Her frå Hafjell, ein vanleg tysdag.

Foto: Jonas Oden Ulset

LANGE KØAR: Denne veka er det rekordmange turistar ved fleire vinterdestinasjonar i Noreg. Her frå Hafjell, ein vanleg tysdag.

Foto: Jonas Oden Ulset

– Det er veldig fint her. Snøen er mykje betre enn i alpane.

Det seier danske Martin Vinther Christensen som har lagt ferien med familien til Gudbrandsdalen og Hafjell.

Med 20 centimeter nysnø i bakken og gnistrande forhold er det vanskeleg å vere ueinig med han.

Måndag denne veka kom heile 7000 besøkande til Hafjell. Det er rekordhøgt.

Veslemøy Einteig, kommunikasjonsansvarlig i Alpinco

Kommunikasjonsansvarleg Veslemøy Eineteig Wedum i selskapet Alpinco som eig bakkane i Hafjell og Kvitfjell.

Foto: Jonas Oden Ulset / NRK

Kommunikasjonsansvarleg Veslemøy Eineteig Wedum i selskapet Alpinco som eig bakkane i Hafjell og Kvitfjell.

Foto: Jonas Oden Ulset / NRK

– Når du ser biletet som er i Europa no med lite snø, så er det jo ikkje så rart at dei kjem hit, seier Veslemøy Eineteig Wedum i Alpinco.

Vinterferie i Hafjell

Måndag kom heile 7000 besøkande til Hafjell. Det er rekordhøgt.

Foto: Jonas Oden Ulset / NRK

Måndag kom heile 7000 besøkande til Hafjell. Det er rekordhøgt.

Foto: Jonas Oden Ulset / NRK

Valutakurs og snøtryggleik

Ved Noregs største alpindestinasjon, Trysil, noterte ein måndag denne veka nesten 13.000 besøkande.

Det er det høgste talet dei har opplevd i veke sju nokon gong.

– Det har vore godt besøk heile sesongen. Og no går vi inn i høgsesongen med vinterferie. Då er det full rulle i tre veker, seier destinasjonssjef Gudrun Sanaker Lohne i selskapet Skistar.

Trysil-turisme

I år har Skistar Trysil det høgste talet dei har opplevd i veke sju nokon gong, ifølge destinasjonssjef Gudrun Sanaker Lohne.

Foto: Jenny Marie Sveen

I år har Skistar Trysil det høgste talet dei har opplevd i veke sju nokon gong, ifølge destinasjonssjef Gudrun Sanaker Lohne.

Foto: Jenny Marie Sveen

Ho peikar på gunstig valutakurs og snøtryggleik som to årsaker til at mange utlendingar kjem hit. I tillegg ligg Trysil nær Sverige.

NRK har snakka med fleire alpinsenter og skidestinasjonar rundt om i Noreg. Fleire melder om nye rekordar.

Kasper BrendstenNielsen

Kommersiell leiar i Gausta Skisenter, Kasper Brendsten-Nielsen, seier dei er inne i ein travel periode.

– Noreg er eit land med utruleg gode snøforhold, som eg trur mange saknar no.

– Også er jo den norske krona svak, som gjer det rimelegare å feriere her til lands. Alt ligg til rette for skiferie i Noreg, seier Brendsten-Nielsen.

Norefjell skisenter

Marius Arnesen er dagleg leiar ved Norefjell skisenter.

Tysdag hadde dei 2 250 gjestar i anlegget der dei aller færraste snakka norsk, ifølgje Arnesen.

– Vi har aldri før hatt så stort trøkk i veke sju som vi har no, med masse utanlandske turistar.

– Så lenge vêret er fint og alle våre 14 heisar går, så taklar vi trøkket. Det blir meir utfordrande om det blir mykje vind og mange samlar seg i nokre få bakkar, seier han.

Atle Hovi eier og administrerende direktør på Beitostølen Resort

Også på Beitostølen slår dei rekordar denne veka, ifølgje administrerande direktør ved Beitostølen Resort, Atle Hovi.

– Det bognar av glade utanlandske gjester. Det er flest danskar som kjem hit og får 150 norske kroner for 100-lappen sin.

– Med så mykje folk blir det litt kø, men det viktigaste er at gjestene trivst og eg ser berre store smil.

Andreas SmithErichsen

Hemsedal skisenter har hatt inne rundt 7 000 gjestar kvar dag denne veka.

– Her er det flat pedal, og fullt med folk, seier Andreas Smith-Erichsen, destinasjonssjef i Skistar Hemsedal.

– Det er helt fantastisk – det er ikkje meir å si enn det. Det er jo dette vi lev av.

Privat

Store variasjonar

Regiondirektør Jon Kristiansen i NHO Innlandet seier det særleg er reiselivsbedrifter som driv til fjells som no gjer det bra.

– Vi ser at utlendingane er tilbake for fullt, og vi får rapportar frå fjellet i heile Innlandet om veldig gode tal.

Men det er store variasjonar, viser NHO Reiseliv si ferske medlemsundersøking.

Medan nokre melder om alle tiders rekordar, merker andre dyrtida på kroppen. Dette gjeld særleg dei verksemdene som rettar seg mot den norske marknaden.

Jon Kristiansen

Jon Kristiansen i NHO Innlandet får rapportar frå reiselivsbedrifter fjellet om veldig gode besøkstal.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Jon Kristiansen i NHO Innlandet får rapportar frå reiselivsbedrifter fjellet om veldig gode besøkstal.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

To av tre reiselivsbedrifter i Innlandet svarar derimot at det er ein tilfredsstillande eller god marknadssituasjon nå.

– Vi får draghjelp av krona, men det kjem jo av at vi har ein fantastisk natur, gode produkt og det har vore jobba langsiktig med produktutvikling og internasjonal marknadsføring, seier Kristiansen.

Fyller seg opp

Neste veke startar vinterferien for mange her heime.

Kvar femte nordmann planlegg å ha vinterferie i år. Blant dei skal dei fleste, 2 av 3, feriere i Noreg.

Det viser undersøkinga Reisepuls som Opinion har gjennomført for Virke.

Skal du til fjells i vinterferien?

Då er det skidestinasjonane i Innlandet, Buskerud og Telemark som er reisemålet.

Men om du ikkje har bestilt vinterferien enno, kan det hende du er for sein.

Vinterferie i Hafjell

Danske Ida Nordentoft saman med deler av familien på 19 personar som er på noregsferie i Hafjell.

Foto: Jonas Oden Ulset / NRK

Danske Ida Nordentoft saman med deler av familien på 19 personar som er på noregsferie i Hafjell.

Foto: Jonas Oden Ulset / NRK

Danske Ida Nordentoft er i Hafjell saman med storfamilien som tel heile 19 personar.

Billettane til båten frå Danmark kjøpte dei for åtte månader sidan.

– Ein må vere tidleg ute for det er fullbooka over alt, seier ho.

Les også Utlendingane redda sommaren i fjellet: – Dei er alfa og omega for oss

Harald Rune Øvstedal, skipper Gjendebåten

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen