Hopp til innhold

Utlendingane redda sommaren i fjellet: – Dei er alfa og omega for oss

Medan mange nordmenn droppa den norske fjellheimen i sommar, valfarta utanlandske turistar til fjells.

Harald Rune Øvstedal, skipper Gjendebåten

REDDA SESONGEN: Utanlandske turistar har redda årets sommarsesong for fleire verksemder i Jotunheimen. Harald Rune Øvstedal, skipper på Gjendebåtane, seier at 75 prosent av turistane i år er utanlandske.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

– Nordmenn er litt meir fisefine enn dei utanlandske. Vi må ha stor sol på Yr.no før vi kryp ut av sofaen.

Det seier Harald Rune Øvstedal. Han er skipper på Gjendebåtane som fraktar turistar frå Gjendesheim til blant anna Memurubu.

Derfrå kan ein gå den populære turen over Besseggen.

Det er framleis ein populær tur, men ikkje nødvendigvis blant norske turistar.

Mann på Besseggen i Jotunheimen

BESSEGGEN: Turen over Besseggen i Jotunheimen tar mellom seks og åtte timar. Turen er populær, og det er særleg utanlandske turistar som har gått den rundt 13 kilometer lange turen denne sommaren.

Foto: Shutterstock

Overvekt av utlendingar

– Rundt 75 prosent av turistane i sommar, kjem frå andre land, seier Øvstedal.

Det er hovudsakeleg turistar frå Sverige, Danmark, Nederland og Tyskland som legg ut på turen over Gjende.

Gjendesheim030823

– Dei utanlandske turistane er alfa og omega for oss, seier skipper på Gjendebåtane, Harald Rune Øvstedal.

– Utan dei kunne eg funne på noko anna. Gått ein tur på Nav eller iallfall halvert besetninga.

For Øvstedal og resten av mannskapet på Gjendebåtane, har dei utanlandske turistane redda årets sesong.

– Utan tvil. Om vi ikkje hadde hatt dei, kunne vi selt ein av båtane, seier skipperen.

Han meiner det er ein tydeleg skilnad mellom norske og utanlandske turistar.

– Nordmenn har ofte fleire dagar å velje å gå på, og då vel dei den med finast vêrmelding. Utanlandske turistar har kanskje planlagt dette i eitt år og bestilt billett. Og då kjem dei, heldigvis for oss.

Les også Norsk ruskevêr kan lokka fleire turistar til Noreg

Ana Sofia Ashida og Daniel Schöndube frå Mexico på ferie i Norge. Her på Stegastein i Aurland

Dårleg vêr

Fellesferien og juli månad var både kald og våt for delar av landet.

Særleg i Rogaland og vest i Innlandet, tidlegare Oppland fylke, har det pøst ned dei siste vekene.

Rogaland fekk 120 prosent meir nedbør enn normalen i juli, medan gamle Oppland fylke fekk 80 prosent meir.

Solcellepanel på Stranddalen Turisthytte i Suldal.

STOR NEDGANG: Stranddalen turisthytte, også omtala som «perla i Ryfylke», har hatt ein stor nedgang i talet på overnattingar i sommar. Til no har 965 personar overnatta på turisthytta. Det er 368 færre enn på same tid i fjor.

Foto: Marte Skodje / NRK

Det har prega Stranddalen turisthytte i Ryfylke i Rogaland.

Dei har hatt ein nedgang i talet på overnattingar på 28 prosent samanlikna med i fjor.

– Vi ser dette heilt klart i samanheng med vêret. Mange kvir seg for å ta turen på halvannan til to timar når det er fem grader og regn, seier Preben Falck, dagleg leiar i Stavanger Turistforeining.

Les også Nesten 100.000 til Preikestolen i juli: – Burde ikke være gratis

Preikestolen-total

Trassar vêrmeldinga

Tilbake ved foten av Besseggen er det meldt overskya vêr og ettermiddagsbyer.

Trass vêrmeldinga har Berk Tokkie og vennegjengen frå Nederland bestemt seg for å gå Besseggen.

Turist

TURIST: Berk Tokkie er på ferie i Noreg og har mellom anna gått fleire fjellturar, fiska og besøkt Oslo. No er dei i Jotunheimen, og synest det norske sommarvêret er heilt greitt.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

– Vi skal gå opp på toppen, finne ein plass vi kan ete, drikke litt kaffi og gå ned igjen, seier han.

I fem dagar har dei feriert i Noreg, og spesielt ein ting overraska dei.

– Vi har møtt ein del utanlandske turistar, stort sett nederlendarar, seier Tokkie.

Turister

AKTIV FERIE: Vennegjengen på tre frå Nederland ville feriere i Noreg hovudsakeleg på grunn av naturen, men også for å ha ein aktiv ferie. Dei la ut på turen opp på Besseggen sjølv om det var meldt regn.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Liten nedgang

Tal frå Den Norske Turistforeininga viser at det har vore ein liten nedgang i talet på gjestedøgn ved fleire av hyttene på Austlandet.

Frå i overkant av 39 000 gjestedøgn i juni og juli i fjor, har det i år vore 37 770 gjestedøgn ved hyttene.

– Vi hadde venta å treffe omtrent same volum som i fjor. Vi hadde eit håp om auke, men juli har vore prega av mykje vêr, seier Henning Hoff Wikborg, dagleg leiar i DNT Oslo og omegn.

Henning Hoff Wikborg i DNT Oslo og Omegn

TRUR PÅ HAUSTEN: Leiar i DNT Oslo og omegn, Henning Hoff Wikborg, har trua på ein god haust i den norske fjellheimen. – Vi trur mange nordmenn kjem til å bruke fjellet i haust. Nokre har kanskje venta litt på vêret, så får vi håpe august blir meir stabil enn juli var, seier Hoff Wikborg.

Foto: Eivind Haugstad Kleiven / DNT

– Vi trur særleg nordmenn avbestiller meir enn utlendingar når dei ser ei dårleg vêrmelding. Det har nok prega denne sommaren, mens utlendingane stiller opp og kjem uansett.

Les også Slutter med sykkelturer i Lofoten: – Det er blitt for farlig

Parkeringskaos i Reine.

25 prosent fleire utlendingar

Marius Haugaløkken driv DNT-hytta Gjendesheim ved foten av Besseggen.

Der har dei hatt ei kraftig auke i utanlandske turistar i år.

– Frå 1. juni til utgangen av juli, har det vore i overkant av 40 prosent utanlandske turistar her. I fjor var det rundt 15 prosent. Det er stor skilnad, seier Haugaløkken.

Marius Haugaløkken, DNT Gjendesheim

STORE FORVENTNINGAR: Marius Haugaløkken trudde dette skulle bli tidenes sommar. Slik vart det ikkje. Fleire har avbestilt grunna dårleg vêrmelding.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Han omtalar årets sommar som merkeleg.

– Alt tyda på at dette skulle bli tidenes sommar. Vi trudde nordmenn ville feriere i Noreg grunna økonomien og varmen i Europa.

– Dei norske turistane har vore fråverande, men til gjengjeld har det vore mykje danskar, svenskar og nederlendarar, så jamt over har det vore bra, seier han.

Gjendesheim030823

Martin Alsén og Maria Kihlström frå Sverige har besøkt Noreg og gått Besseggen fleire gonger.

– Det er den ville naturen som lokkar oss, seier Alsén.

På dagens tur over fjellet, møtte dei nesten berre utanlandske turistar.

– Det verkar som om det er fleire utlendingar enn nordmenn her, seier svensken.

Nok regn

Sjølv om sommaren snart er på hell, ser verksemdene i Jotunheimen fram mot hausten.

No håpar dei på gode vêrmeldingar slik at enno fleire norske turistar kjem seg til fjells.

Gjende

GODT VÊR: Vêret skiftar fort i fjellet, og no håpar verksemdene i Jotunheimen på meir stabilt vêr.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

– Høgsesongen er på ein måte over no, men hausten er den finaste tida i fjellet, seier Øvstedal, skipperen på Gjendebåtane.

– Men vi har hatt nok regn no, no vil vi ha sol, seier han.

Les også Så mye billigere er det for nordmenn å feriere i Norge

Familie smiler til kamera. De besøker Stavanger og fargegata i sommer.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen