Hopp til innhold

Fraktar skituristar til fjells med tråkkemaskin – naturvernarar reagerer

Nokre kallar det ei fantastisk oppleving. Naturvernforbundet kallar det latskap.

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dette er krydder til reiselivstilbodet, seier Atle Hovi.

Han er administrerande direktør ved Beitostølen Resort som driv alpinanlegget i Raudalen i Vang i Valdres.

Der har dei i vinter utvikla og testa ut aktiviteten «Catskiing».

Atle Hovi, adm. dir. Beitostølen Resort

KRYDDER: Atle Hovi, administrerande direktør ved Beitostølen Resort, meiner catskiing er eit krydder til reiselivstilbodet.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Catskiing går ut på at skituristar ved hjelp av motoriserte køyretøy, som til dømes beltevogn, snøskuter eller tråkkemaskin, blir frakta opp på fjellet.

Poenget er å kunne køyre på ski i fjellterreng utan å måtte gå opp for eigen maskin.

Prøveprosjekt

Ifølgje lova om motorferdsel i utmark, er aktiviteten eigentleg ikkje lov, men for nokre år sidan sette regjeringa i gang eit prøveprosjekt for å la nokre få kommunar tillate aktiviteten.

I alt seks kommunar fekk grønt lys, men det er berre to av desse kommunane som faktisk tilbyr catskiing i dag – Vang og Stryn.

Vang i Valdres

VANG: Vang i Valdres er ei av seks kommunar som har fått lov til å teste ut aktiviteten catskiing. I Vang har dei testa det ut på Filefjell og i Raudalen, i ei forlenging av alpinsentera.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Ved to destinasjonar i Vang, Raudalen og Filefjell, har dei testa aktiviteten.

– Det er ei fantastisk oppleving, meiner Hovi.

I påska gjekk den fyrste turen til toppen av Slettefjellet med kundar.

Catskiing

FYRSTE GONG: Denne vinteren har det blitt køyrd fleire turar til toppen av Slettefjell. I påska var det klart til at turistar kunne prøve.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Kenneth Hjertum var ein av dei som vart dratt opp til toppen, 1315 meter over havet, av tråkkemaskina.

– Dette var ei kjempefin oppleving. Vi har fått sjå mykje av fjellet, seier han.

Han går mykje på topptur, og er samd med Hovi i at catskiing er eit krydder til tilbodet.

– Catskiing kjem ikkje til å erstatte toppturen, det er heilt klart. Dette er litt enklare, og det gjer kanskje toppturen meir tilgjengeleg for folk flest. Det er fint, seier han.

Slettefjell

WOW: På toppen av Slettefjellet blir ein møtt med utsikt til både Jotunheimen og Langsua nasjonalparkar.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

«Tivolifaktor»

Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet, meiner «catskiing» er noko reiselivet i Noreg ikkje treng.

– Det er veldig mange tråkkemaskiner og løypemaskiner som går i fjellet uansett. Om ein vil haike med dei, så gjer gjerne det, men å drive turisttrafikk opp på fjellet med løypemaskiner er både ei forureina og forstyrrande verksemd, seier Gulowsen.

Truls Gulowsen i Naturvernforbundet

LATSKAP: Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, omtalar catskiing som latskap. – Om ein skal stå på ski nedover, så bør ein også klare å gå opp, seier han.

Foto: Naturvernforbundet

Han håpar det blir med prøveprosjektet. Prøveperioden er ut 2024.

– Det verkar som ein del av reiselivet tenker at ein skal drive reiseliv på norsk natur med mest mogleg tivolifaktor.

– Mi oppfordring er å vise naturen slik den er og legge til rette for at folk kan ferdast trygt, seier han.

Catski

TRÅKKEMASKIN: Ved hjelp av tråkkemaskin eller andre motoriserte køyretøy, blir turistar frakta opp til fjelltoppar i ei forlenging av alpinanlegg.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Han omtalar «catskiing» som latskap, og anbefaler folk til å vere skikkeleg på tur, når ein fyrst skal på tur.

– Ein får ei betre naturoppleving av å gå sjølv, enn å stå i eksosen på ein beltebil, meiner han.

Les også Seks kommunar får prøve catskiing

Catskiing

Opptekne av berekraft

Hovi er tydeleg på at roa og stilla i fjellet er viktig for reiselivet på Beitostølen.

– Det er det vi lever av. Eg også set spørsmålsteikn ved om det er dette vi skal satse på, men sidan vi har fått lov til å teste det, så gjer vi det.

Catskiing i Raudalen

TESTE UT: Også Atle Hovi, direktør ved Beitostølen Resort, er skeptisk til om catskiing er noko dei skal satse på. Han synest sjølv det er ei fantastisk oppleving, men at det ikkje skal gå på kostnad av noko anna.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

I 2022 gjennomførte Menon Economics i samarbeid med Norsk institutt for naturforsking ei evaluering av prøveperioden med catskiing så langt.

Dei kan ikkje seie at det er fleire fordelar enn ulemper ved aktiviteten. I rapporten blir det trekt fram at catskiing kan ha negative verknader for både friluftsliv, naturmangfald og reindrift.

Slik situasjonen er no, ser ikkje Hovi at catskiing som noko reiselivet på Beitostølen og Vang treng.

– Nei, det er ikkje noko vi ha, men det er totaltilbodet, og endå ei ny oppleving.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen