Hopp til innhold

Snart opnar jernbanebrua på Dovrebanen igjen: – Svært viktig

Randklev bru opnar etter planen 20. mai. Då er heile Dovrebanen igjen open for togtrafikk.

Randklev bru

OPNAR: I slutten av mai skal Randklev bru på Dovrebanen opne. Jernbanebrua kollapsa under ekstremvêret «Hans» i august i fjor.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Å opne opp sambandet over Gudbrandsdalslågen har hatt høgste prioritet for oss, seier Thor Gjermund Eriksen, konsernsjef i Bane Nor.

I slutten av mai opnar jernbanebrua Randklev bru over Gudbrandsdalslågen igjen etter å ha vore stengt sidan august i fjor.

Brua fekk store skader under ekstremvêret «Hans». Den store vassføringa i elva førte til at eit av brufundamenta velta, og deler av brua hamna i elva.

Sidan har togselskapa køyrd buss for tog på deler av strekninga.

Eriksen gler seg over at dei no snart kan opne Dovrebanen som normalt igjen.

– Dovrebanen er ei svært viktig strekning, og det har vore ei krevjande tid for både passasjerane og togselskapa.

Ringebu jernbanebru

Vassføringa i Gudbrandsdalslågen var høg under ekstremvêret Hans i august i fjor.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Viktig for godstrafikken

Dovrebanen er viktig for godstrafikken, og kvart år går fleire tusen godstog på jernbanestrekninga som bind Austlandet og Midt-Noreg saman.

Då jernbanebrua på Ringebu kollapsa, auka godstrafikken på Rørosbanen.

Jernbanebru ringeb

Dovrebanen er viktig for godstrafikken. Då jernbanebrua kollapsa, måtte mykje av godstrafikken mellom Austlandet og Midt-Noreg bli frakta på Rørosbanen. Mykje gods har også blitt frakta med lastebil på vegane.

Foto: Lars Skjeggestad Kleven

På grunn av avgrensa kapasitet på Rørosbanen, måtte likevel ein del av godset som vanlegvis går med tog, bli frakta på vegane med lastebilar.

– Det er kritisk viktig for samfunnet at Dovrebanen er open slik at store volum med mat og andre nødvendige varar kan bli frakta klimavenleg og trafikksikkert med tog mellom Austlandet og Midt-Noreg, og vidare til Nord-Noreg, seier Eriksen.

Tilbake til normalen

Administrerande direktør i SJ Noreg, Rikke Lind, gler seg over at toga snart kan køyre som normalt på heile Dovrebanen.

– Det er gledeleg at brua no er reparert raskare enn førespegla. Dette har vore ei tøff tid for alle som reiser med toget, seier ho.

Frå slutten av mai vil det vere seks togavgangar om dagen, kvar veg. Frå 22. mai køyrer også nattoga på Dovrebanen.

Rikke Lien

Administrerande direktør i SJ Noreg, Rikke Lind, er glad for at Dovrebanen snart kan opne som normalt igjen. Det betyr mykje for kundane både på Dovrebanen og Rørosbanen.

Foto: Stein Eide / NRK

Opninga av Randklev bru betyr at kundane på Rørosbanen får tilbake sin seks daglege avgangar kvar veg. Persontrafikken på Rørosbanen har måtte vike på grunn av godstrafikken.

– Kundane på Rørosbanen har hatt ei stor belastning med berre to daglege avgangar og mykje buss for tog, seier Lind.

Les også Nå skal mange flere godstog dundre over usikrede plan­overganger

Tog kjører over usikret planovergang på Ilseng.

Meir robust enn før

Det har blitt jobba med å bygge opp igjen jernbanebrua sidan brua kollapsa i august.

Bruelementa vart reparert på land og skal bli heisa tilbake igjen. Skadeomfanget på dei var avgrensa.

Randklev bru løftes

Rundt 270 tonn av Randklev bru blir her løfta opp av Gudbrandsdalslågen. Brua kollapsa under ekstremvêret Hans i fjor.

I tillegg er det no bygd eit nytt fundament.

Dette har ei større grunnflate og er betre sikra mot erosjon og undergraving, og skal tole meir ekstremvêr, ifølgje Bane Nor.

Nytt fundament til jernbanebrua Randklev bru på Ringebu er på plass.

Det er bygd eit nytt fundament til jernbanebrua på Ringebu. Dette skal tole ekstremvêr betre enn det førre fundamentet.

Foto: Roar Berntsen / NRK