Hopp til innhold

Framfor kvar sommarferie øver familien på førstehjelp i hagen

På ferie kan me ofte vera langt unna ambulanse eller sjukehus. Det er det viktig å førebu seg på, meiner ein familie i Lillehammer.

Familie lærer barna førstehjelp hjemme

REDDAR PAPPA: Det er førstehjelpskurs i hagen på Lillehammer. Barna byrjar å kunna dei grunnleggjande tinga. Men det må øvast.

Foto: Roar Berntsen / NRK

Sommaridyllen i hagen på Lillehammer blir brått brote.

Pappa Pål Vegard Nordnes blir sjuk. Han sjanglar og fell om på plenen.

Lilly (7) er først framme, og sjekkar om han pustar.

Ho tar eit godt tak i pappa og får velta han over på sida. Ho ser til at han ligg godt og støtt i stabilt sideleie.

Men situasjonen endrar seg. Pappa blir dårlegare og Annie (11) og Wilma (13) kjem til. Dei startar med hjartemassasje og munn til munn.

Heldigvis er det berre på liksom denne gongen.

Pappa berre spelar sjuk, slik at døtrene kan få øve på kva dei skal gjere for halde liv i han til ein ambulanse eller andre redningsmannskap kjem til.

Ein familie på Lillehammer øver på førstehjelp før sommarferien

Familien på Lillehammer øver på førstehjelp før sommarferien.

Øver kvar sommar

Pappa er vant til å bli redda. Mor er sjefen for øvinga og har nok med å instruere og oppmuntre dei tre døtrene.

Før ferien kvart år samlar Eline Tøllføfsrud Gundersen familien, og øver på førstehjelp.

Wilma er eldst og har øvd mest.

– Det viktigaste av alt er å kunne å ringe 113 raskt for å få ambulanse til å komme. Dei kan også fortelje deg kva du skal gjere fram til hjelpa kjem, seier Wilma.

– Alle kan ringe 113 frå alle telefonar, det ligg inne, seier 13-åringen.

Ho får full støtte av Lilly. Med pappa sin telefon viser 7-åringen at du kan finne 113 på ein app eller under «naudsamtale».

Lilly Tølløfsrud Nordnes viser at vi kan ringe 113 fra alle telefoner

LETT SOM EIN PLETT: Lilly viser at du kan ringe 113 frå alle telefonar du finn. Det gjør du på naudsamtale eller på ein app.

Foto: Roar Berntsen / NRK

Les også Diffuse symptomer på hjerteinfarkt – Christina ble reddet av kollega

Å oppdage eit slag

Barna har besteforeldre. Og folk oppi åra kan bli sjuke, for eksempel få eit slag.

Jentene veit kva dei skal sjå etter da. Wilma forklarar:

– Kanskje merkar du at nokon snakkar litt rart. Da skal du be dei smile til deg. Om smilet blir litt skeivt kan det vere slag. For å vere sikker ber du personen løfte begge hendene. Greier han eller ho å løfte berre ei hand, da er det truleg slag og du skal ringe 113.

Familien Tølløfsrud Gundersen på Lillehammer lærer barna førstehjelp hjemme

KLAR FOR FERIE: Familien gler seg til å reise til bestefar i Trysil. Og øver på kva dei skal gjere dersom ein person fell i vatnet.

Foto: Roar Berntsen / NRK

Familien Tølløfsrud Nordnes har lasta bilen full til ferien, dei gler seg til å besøke bestefar i Trysil.

Men kva gjer dei dersom bestefar eller nokon andre ramlar ut av båten?

– Du skal strekke ut ei åre eller hive ut ei redningsbøye eller ein fender. Du må aldri hoppe etter. For da kan den som ligg i vatnet klatre på deg, og begge kan drukne, forklarar Annie.

Mor Eline oppmodar alle til å øve førstehjelp. Sjølv er ho intensivsjukepleiar og van med å øve ofte.

Ho anbefaler førstehjelpskurset på nettsidene til Norsk Luftambulanse.

– Når vi kan førstehjelp er vi tryggare når det er langt til ambulanse eller sjukehus, seier Elin Tølløfsrud Gundersen.

Eline Tølløfsrud Gundersen, Lillehammer

INSTRUKTØR: – På ferie kan vi vere langt unna sjukehus og ambulansar. Vi blir tryggare når vi kan førstehjelp, seier Eline Tølløfsrud Gundersen.

Foto: Roar Berntsen / NRK

Les også Emma (21) låg livlaus på banen: – Vart heldige som hadde legar og sjukepleiarar i publikum

Avgjerande for å redde liv

Fagutviklar Knut Styrkson i Stiftelsen Norsk Luftambulanse gler seg over at kurset er til nytte. Han er glad for å høyre om familien som øver.

– Førstehjelp er akkurat den same livreddande hjelpa som profesjonelle kjem med. Dette er likt for alle. Dei tre viktige tinga er: Stoppe blødingar, sikre frie luftvegar og hindre at folk blir kalde.

Også Paramedic i Sjukehuset Innlandet, Nils Halvor Gryting, synest det er strålande at barna lærer førstehjelp.

– Å legge den sjuke eller skadde i stabilt sideleie er det vi kallar eit basalt tiltak. Det kan alle gjere og det er med på å redde liv. Det sikrar at får pasienten frie luftvegar.

Paramedic i Sjukehuset Innlandet, Nils Halvor Gryting

ROSER: – Å legge nokon i stabilt sideleie er eit basalt tiltak for å redde liv, da får pasienten frie luftvegar. Det seier Paramedic Nils Halvor Gryting i Sjukehuset Innlandet. Han roser mor som øver førstehjelp med familien framfor kvar sommarferie.

Foto: Roar Berntsen / NRK

Han trur at barn som lærer førstehjelp slik som Wilma, Annie og Lilly, blir trygge i liknande situasjonar seinare i livet.

– Når du lærer det når du er liten, blir det ein ryggmergsrefleks når du blir stor.

Og Gryting er samd med jentene i at det viktigaste er å kunne ringe 113.

– Jo tidlegare ringer, jo betre. Og om du gløymer 113 kan du også ringe 110 eller 112. Uansett får du hjelp.