Det er iskaldt på Toten denne morgonen i januar 2024.
Ute knitrar det i 14 blå kuldegrader.
Inne på asylmottaket fortel ei fortvila ung mor livshistoria si.
Ei historie norske innvandringsmyndigheiter ikkje trur på.
For Maryam Khaled er utvist frå Noreg og må forlate landet.
Men kva skal skje med barnet hennar, som er norsk statsborgar?
Kostbar løgn
Maryam Khaled kom til Noreg 17 år gammal saman med to eldre brør i 2015.
Dei hevda først å vere statslause palestinarar frå Syria.
Men dette var ei løgn.
I dei første avhøyra med Utlendingsdirektoratet (UDI) innrømmer Maryam og brørne raskt at dei likevel ikkje er frå Syria. Dei er oppvaksne i Irak, seier dei no. Men dei er like fullt statslause palestinarar.
Denne løgna skal få store konsekvensar for 17-åringen og brørne hennar.
Blir ikkje trudd
UDI meiner søskena framleis ikkje fortel heile sanninga.
Dei meiner det er sannsynleg at søskena er irakiske statsborgarar, og i november 2017 får alle tre avslag på asylsøknadane sine. Har dei irakisk pass, er det ikkje grunnlag for å få vern i Noreg.
Dei to brørne reiser vidare til Storbritannia.
DRAMATISK FLUKT: Maryan hevdar at ho var om bord på denne båten som vart senka av tyrkisk marine i 2015, og at alle passasjerane vart redda og deretter sett i fengsel i ei veke. – Vi var i havet, eg slit framleis med å sove etter det som skjedde, fortel Maryam.
Foto: faksimile / privat19 år gamle Maryam blir i Noreg. Ho ankar vedtaket fleire gongar.
– Det er urettferdig, seier ho, at eg ikkje får bli.
Ho hevdar at ho aldri har hatt irakiske identitetspapir, sjølv om mor hennar er frå Irak. Far hennar er statslaus palestinar, og familien hans har vore på flukt sidan staten Israel vart oppretta på dei palestinske områda i 1948.
Dei einaste identitetspapira tenåringen har å vise, er ein fødselsattest frå dei palestinske sjølvstyremyndigheitene og ei stadfesting frå den palestinske ambassaden i Irak på at ho er palestinar.
Dette er ikkje nok til å få asylstatus i Noreg.
I september 2019 blir ho endeleg utvist frå Noreg. Med varig innreiseforbod.
Det betyr at ho aldri kan komme tilbake dersom ho forlèt landet.
- Maryam har ikkje lov til å jobbe i Noreg, men her kan du lese om
– Kva skal skje med sonen min?
Over fire år seinare er Maryam framleis i Noreg.
I mellomtida har ho blitt mor.
Sonen hennar vart fødd i juni 2022.
– Han betyr alt for meg, smiler Maryam. Han er sjølve livet.
UROLEG: Maryam Khaled fryktar for framtida både for seg og barnet sitt dersom ho må reise frå Noreg.
Foto: Arne Sørenes / NRKUROLEG: Maryam Khaled fryktar for framtida både for seg og barnet sitt dersom ho må reise frå Noreg.
Foto: Arne Sørenes / NRKIgjen prøver ho å få omgjort utvisingsvedtaket.
Ho og barnefaren er kjærastar, men bur ikkje saman. Han er palestinar med norsk pass.
Sonen deira er med andre ord også norsk statsborgar.
NRK har snakka med faren som hevdar han ikkje kan ta vare på guten aleine på grunn av skader etter ei arbeidsulykke.
Både faren og Maryam Khaled meiner det er best for guten deira at ho får bli i Noreg, slik at han får vekse opp her saman med henne.
– Eg kjenner ingen i Irak. Kva skal skje med han om eg må reise dit? spør Maryam.
Maryam og sonen må truleg snart reise frå asylmottaket på Toten der dei bur. Men dei veit ikkje kor dei skal reise hen.
Foto: Arne Sørenes / NRKMaryam og sonen må truleg snart reise frå asylmottaket på Toten der dei bur. Men dei veit ikkje kor dei skal reise hen.
Foto: Arne Sørenes / NRKMeiner Noreg bryt menneskerettane
Tre ulike rapportar har dei siste åra peika på at omsynet til «barnets beste» ikkje blir vektlagt nok i utvisingssaker:
I mars 2020 kom Redd Barna og Norsk organisasjon for flyktningar og asylsøkarar (Noas) med
som viser at innvandringsregulerande omsyn blir lagt større vekt på enn omsynet til «barnets beste».Rapporten peikar på at dette er i strid med FN sin barnekonvensjon og Grunnlova som seier at:
Solberg-regjeringa sette i juni 2021 ned eit ekstern utval, leia av lagdommar Elizabeth Baumann, som skulle vurdere behovet for endringar og praksis i utlendingssaker.
vart levert i januar 2022 og foreslo ei rekkje endringar i regelverk og praksis for å sikre barn sine rettar.
Fleirtalet i utvalet konkluderte med at dagens praksis kan vere i strid med menneskerettane.
Etter å ha sett på ei rekkje enkeltsaker skriv fleirtalet at dei
«ikke ser det for umulig at Norge i flere av disse sakene kunne ha blitt dømt i Den europeiske menneskerettsdomstolen, for ikke å ha lagt tilstrekkelig vekt på barnas beste».
«Flertallets anbefaling er at at det som utgangspunkt bare bør velges utvisning i de ekstraordinære tilfellene, og ikke i det hele tatt dersom barnet har sterke interesser i at forelderen får bli i landet».
«Det vises til at små barn som adskilles fra foreldre vil være særlig sårbare for negative konsekvenser ved en slik adskillelse».
Utredning frå regjeringa si arbeidsgruppe.
I september 2022 leverte i tillegg forskingsstiftinga FAFO
.– Tatt alt for lang tid
Men Maryam Khaled får ikkje bli i Noreg. I november 2023 blir ho igjen utvist frå landet.
At ho har eit fått eit barn blir ikkje sett på som avgjerande av UNE:
I ein e-post til NRK grunngjev einingsleiar Hanne Helgeland i UNE avslaget slik:
– Barnets beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som handlar om barn, det føl av norsk lov og barnekonvensjonen. Det betyr likevel ikkje at kva som er til det beste for barnet, alltid blir avgjerande. I denne saka har vi vurdert barnet sine interesser opp mot alvoret i brotet på utlendingslova. Det er grada av alvor som har vege tyngst.
Hanne Helgeland er einingsleiar i UNE.
Foto: UNEHanne Helgeland er einingsleiar i UNE.
Foto: UNEMaryam Khaled får hjelp av Noas i ankebehandlinga. Juridisk rådgjevar Henrik Svartås skriv i anken til UNE at det i denne saka ligg føre det menneskerettsjuristane kallar «exceptional circumstances».
Det betyr, skriv Svartås, at utvisingsvedtaket er i strid med «Noregs menneskerettslege forpliktingar».
Og Maryam Khaled er ikkje aleine. Tal frå UDI viser at dei i 2023 fatta vedtak i 65 saker som råka 150 barn.
UNE hadde hausten 2023 om lag 40 ankesaker med utviste foreldre som har barn i Noreg til handsaming.
Sanja Adjulovic er fungerande generalsekretær i Noas.
Sanja Adjulovic i NOAS meinar at det er eit stort behov for ei regelendring i utvisningssaker: – Vi har bedt om at alle utvisningar blir satt på vent av omsyn til barna, men det har heller ikkje skjedd, seier ho.
Foto: JOHN-ANDRE SAMUELSENSanja Adjulovic i NOAS meinar at det er eit stort behov for ei regelendring i utvisningssaker: – Vi har bedt om at alle utvisningar blir satt på vent av omsyn til barna, men det har heller ikkje skjedd, seier ho.
Foto: JOHN-ANDRE SAMUELSENHo seier at ho er svært utolmodig sidan regjeringa no har hatt Baumann-rapporten på bordet i to år. No forventar ho at regjeringa viser handlekraft.
– Først og fremst så skulle eg ønske at dei føreslåtte endringane hadde blitt innført langt tidlegare. Vi veit at utvising rammer små barn hardt, så her er det ei reell fare for store konsekvensar og traume hos mange barn.
Noas ynskjer at regjeringa innfører ein alternativ straffereaksjon. Dei meiner at asylsøkjarar som bryt utlendingslova må straffast på anna vis enn med utvising.
– Praksis i dag er veldig streng, og Noreg risikerer å bryte menneskerettane og grunnlova i ei rekkje saker, seier Adjulovic.
– Slik det er i dag er det barnet som blir straffa, og ikkje forelderen. Så det er sterkt behov for ein regelendring, legg ho til.
Vil ikkje stille til intervju
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) vil ikkje la seg intervjue om denne saka.
Men i samband med forhandlingane knytt til statsbudsjettet for 2024 bad Stortinget regjeringa om å følgje opp Baumann-rapporten sine forslag til alternativ straffereaksjon i løpet av 2024.
I spørjetimen i Stortinget 26. januar i år sa Mehl:
– Desse fristane vil departementet forhalde seg til.
Heller ikkje statssekretær Even Eriksen (Ap) stiller til intervju med NRK. Men han skriv i ein e-post at barnets beste skal vere eit grunnleggande omsyn som skal vurderast før utvising av ein forelder.
Even Eriksen (AP) er statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet.
Foto: Lars OsEven Eriksen (AP) er statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet.
Foto: Lars Os– Det er alltid vondt når barn og foreldre ikkje får vere saman, enten det skuldast reaksjonar på brot på utlendingslova, soning av fengselsstraff eller andre vanskelege situasjonar, legg han til.
Innvandringsregulerande omsyn
I Utlendingsnemnda (UNE) sitt avslag til Maryam datert 23. november 2023 står det svart på kvitt:
Nemnda argumenterer for at det truleg er best for den vesle guten at mora blir verande i Noreg.
Men det er ikkje det som tel tyngst når UNE veg for og i mot.
Det viktigaste er altså dei innvandringsregulerande omsyna.
Maryam har nemleg vore i Noreg ulovleg i over fire år.
– Kor skulle eg reist, spør ho stille?
Ho er utvist, men har eit siste håp om at UNE vil ta omsyn til anken ho har sendt inn.
Foto: Arne Sørenes / NRKHo er utvist, men har eit siste håp om at UNE vil ta omsyn til anken ho har sendt inn.
Foto: Arne Sørenes / NRKHo hevdar at ho ikkje har noko kontakt med den delen av morsfamilien som framleis er i Irak.
– Eg har fått eit barn utanfor ekteskap, seier ho. Det er farleg i Irak. Veldig farleg.
Dessutan har den første løgna om Syria forfølgd ho i alle avslaga ho har fått sidan 2017.
Dette må få konsekvensar, skriv UNE, som kallar det Maryam har gjort seg skuldig i «blant de aller mest alvorlege brota på utlendingsloven i utvisingssamanheng».
Konklusjonen er at ho blir utvist. Men det varige innreiseforbodet blir endra til to år.
Det betyr, skriv UNE i vedtaket, at guten hennar «gitt at han følger med mora til Bagdad – kunne returnere til Noreg i god tid før skolestart».
Epilog:
18. januar 2024 får Maryam Khaled endeleg svar på sin anke til Utlendingsnemnda om å få gjort om utvisingsvedtaket:
«UNE endrar ikkje vedtaket. Klagaren er framleis utvist med to års innreiseforbod. Innreiseforbodet begynner å laupe når klagaren forlèt Noreg og Schengen-området.»