Hopp til innhold

No er turskøyting trendy

Svenske Maria Lindqvist reiser til Noreg for å finne stålis. – Heilt klart ein trend, seier Skiforeningen.

Maria Lundqvist på Juvvatnet

STÅLIS: Då Maria Lindqvist med vener kom til Juvvatnet i Lom var det fint vær og stålis.

Foto: Lars Pettersson

– Når ein først har blitt forelska i dette er det vanskeleg å slutte, det er nesten som eit dop, seier Lindqvist.

60-åringen har skøyta i ti år, og nyleg var ho og to vener på tur til Juvvatnet i Lom kommune i Oppland for å jakte på den første stålisen for sesongen.

– Stålis har ei magisk tiltrekkingskraft om ein er dedikert skøytar, sier ho.

Imponerte med bilete

Stålis fann dei, og etter turen la dei ut eit bilete på Facebookgruppa «Toppturer i Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell». Biletet fekk tusenvis med reaksjonar, og det er kanskje ikkje så rart?

– Isen låg der blank og grøn. Då tok me nokre andedrag, og så skøyta me der i fleire timar, og var veldig glade, fortel Lindqvist.

SJÅ VIDEO FRÅ JUVVATNET:

– Ein trend

Kurshaldar Oddvin Lund i Skiforeningen meiner interessa for turskøyting har auka, og seier skøyting no er ein trend:

Oddvin Lund

KURSHALDAR: Oddvin Lund har merka aukande interesse for turskøyting, først som tilsett i Skiforeningen, og deretter som tilsett i Den Norske Turistforeningen (DNT). Han har halde kurs i skøyting i mange år.

Foto: Hanna Sundquist

– Det er mange som er interessert i dette. Det har vore god auke kvart einaste år med folk som kjem til, og kanskje særskilt dei siste fem-seks åra, seier han.

Lund har halde på med turskøyting sidan 1993, og i 2004 var han tilsett i Skiforeningen og vart ein av initiativtakarane til ei gruppe for turskøytarar.

– No er det over 4000 følgarar på Facebooksida, og me har kursa rundt tusen menneske. Endå fleire enn dei har vore med på fellesturar, seier Lund.

– I takt med at skiføret kanskje blir dårleg, som er tilfelle i mange strøk, så blir gjerne isforholda betre for skøyting.

Noreg som skøyteland

Maria Lundqvist på Juvvatnet

KLAR IS: Maria Lundqvist er imponert over Noreg som skøyteland, og likar det når ein kan sjå gjennom klar is.

Foto: Sven Halldin

Maria Lindqvist reiser til Noreg for å finne ny is å erobre.

– Det er så fantastisk, grunna dei ulike vatna som ligg på forskjellige høgder, med forskjellige storleikar, og forskjellige djupner. Det gjer at sesongen er lang, gjerne seks-sju månader, seier Lindqvist.

Det kan det verke som om det er mange som har oppdaga, for det merkast i butikkane.

– I periodar har det gått tomt for skøyter. Dei har ofte vore treige med å få det inn på hausten. Me har også masa om at dei tar inn isstavar, det viktigaste tryggleiksutstyret ein har, ved å slå hól i isen, seier Lund.

Maria Lundqvist på Juvvatnet

ÅLEINE: Etter skikøyrarane reiste då heisen stengde, var Maria Lundqvist og venene åleine med isen.

Foto: Lars Pettersson