Hopp til innhold

Lundbys spesielle plan for verdsrekord: Går milevis på langrennsski

Ekstrem slanking bidrog til å sikre Maren Lundby eit historisk VM-gull, men førte også til varige helseutfordringar. No vel ho den lange vegen tilbake.

Maren Lundby

TOLMODSPRØVE: Maren Lundby går lange treningsturar på ski for å prikke inn rett konkurransevekt i hoppbakken.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

Medan verdseliten i hopp skal konkurrere i Austerrike onsdag, er Maren Lundby heime på Lillehammer for å trene.

Og det går ikkje berre føre seg i hoppbakken og i styrkerommet. Den beste kvinnelege skihopparen i verda gjennom tidene går også mil etter mil på langrennsski.

Det blir ein del dagar som i dag, der eg er i hoppbakken og så ein tur på ski etterpå. Det er for å komme i god form fortast mogleg, eg vil jo helst vere med å kjempe heilt i toppen når eg hoppar på ski, seier Lundby når NRK møter henne.

28-åringen står med 30 verdscupsigrar. Også i meisterskap har ho hatt for vane å dominere. Ho følgde opp OL-gullet frå 2018 med VM-gull i 2019, medan kvinnene framleis berre fekk hoppe i normalbakkar.

3imbA71Gg5A

HISTORISK: Maren Lundby vart den første storbakkeverdsmeisteren i historia for kvinner, men gullet kosta nesten like mykje som det smakte.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Kostbart gull

Då dei endeleg slapp til i storbakken under VM i Oberstdorf i 2021, stakk Maren Lundby av med det historiske gullet òg. Men det kom med ein høg pris.

Lundby gjennomførte nemleg ein intens slankekur for å vinne gullet. Etterpå sa kroppen stopp – og Lundby gjekk vesentleg opp i vekt. I boka «Eit møte med Maren» avslører ho at ho mest sannsynleg vil ha nedsett forbrenning resten av livet.

Det skulle gå 20 månader frå VM-gullet til Lundby igjen stilte til start i ein internasjonal hoppkonkurranse. Denne sesongen har ho delteke i fire verdscuprenn, med plasseringar mellom 16 og 24 – langt unna der ho ønskjer å vere.

Konkurransevekta er ikkje der ho må vere for at ho skal kunne kjempe om pallplasseringar. Det er derfor ho går på ski. Å gå inn i nye intense slankekurar, er nemleg uaktuelt.

Ingen grunn til snarvegar

Eg ser ingen grunn til å ta snarvegar som sannsynlegvis vil føre til at eg hamnar i same situasjon igjen. Det er ingen vits i å rushe ting. Då får det heller ta den tida det tek, seier ho.

Maren Lundby og Line Jahr

GOD STØTTE: Tidlegare topphoppar Line Jahr (t.h.) stiller opp som mentor og treningsvenninne.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

Mange av treningsøktene på langrennsski gjennomfører ho saman med mentoren sin Line Jahr. Begge var med i den aller første verdsmeisterskapen for kvinner, i Liberec i 2009. Då var Jahr 25 år og ein av dei mest rutinerte, medan Lundby berre var 14.

Akkurat no er ho på ein veldig bra mental plass. Det var verre tidlegare i haust, trur eg. Då kjende eg ho var lenger nede, men no er ho veldig optimist, seier Jahr, som er imponert over tolmodet venninna viser.

Ho er veldig klar over dei vala ho tek. Det er derfor ho er ute halvannan time i 12, 13 minus for å gjere det på ein naturleg måte. Altså hardt arbeid, ikkje nokon snarvegar som å liggje på sofaen og ikkje ete, påpeikar ho.

Har sett mørkt på sesongen

Lundby legg ikkje skjul på at tolmodet blir sett på prøve.

Ein har jo vorte skuffa over at ting ikkje har gått så fort som ein har ønskt. Eg har til tider sett mørkt på denne sesongen òg, innrømmer ho.

Maren Lundby

MIL ETTER MIL: Med sola i ryggen er det vanskeleg å gå frå skuggen, men Maren Lundby har ikkje tenkt å a snarvegar.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

Det langsiktige målet er å komme tilbake og vinne, men på vegen dit må ein ta nokre steg, og det er ikkje noko som skjer over natta, konstaterer Lundby, som tek sikte på å vere tilbake i verdscupen i Hinterzarten i slutten av januar.

Dei fleste av konkurrentane hennar har VM i Planica som vintarens store mål. For Lundby er det noko anna som freistar meir. 17. mars skal kvinnene for første gong få lov til å flyge i den største bakka i verda, Vikersundbakken.

Eg har lagt ein plan for å hoppe langt i Vikersund, helst aller lengst. Det er det som er målet, fastslår Lundby.

Ettersom kvinnene knapt har fått lov til å setje sine bein i ein skiflygingsbakke, har Daniela Iraschko-Stolz' verdsrekord på 200 meter stått sidan 29. januar 2003. Stefan Krafts verdsrekord for menn, sat i Vikersund i 2017, er på 253,5 meter.

Siste nytt

  • Cofidis knappet innpå Uno-X i kampen om verdenstour-lisens

    Før sesongen avsluttes i dag var Uno-X 401 poeng foran Cofidis i kampen om 19.-plassen på verdensrankingen.

    Nå ser dagen ut til å kunne bli mer spennende enn ventet:

    For i Japan Cup syklet Ion Izagirre inn til en tredjeplass og sikret seg 125 poeng. To lagkamerater gjorde at den totale poengsummen ble 180 poeng.

    Under den siste etappen av Tour de Guanxi ble spurteren Stanisław Aniołkowski nummer to. Det betyr 25 nye poeng til det franske laget. I tillegg fikk Sylvain Moniquet 20 poeng for 19.-plassen sammenlagt.

    Avstanden er dermed nede i 176 poeng i favør Uno-X.

    Det norske laget deltar senere søndag i temporittet Chronos Des Nations i Frankrike og Veneto Classic i Italia – der også Cofidis er med. Svaret får vi etter klokka 17 i dag.

    På grunn av sammenslåingen av Intermarché og Lotto, vil 19.-plassen på årets ranking holde til World Tour-lisens for de kommende tre årene.

    en person som sykler
    Foto: Benoit Tessier / Reuters / NTB
  • Verstappen vant kvalifiseringen i Austin – starter først i USAs Grand Prix

    Max Verstappen fulgte opp lørdagens sprintseier i Austin ved å vinne kvalifiseringen til søndagens hovedløp i USAs Grand Prix.

    Den firedobbelte verdensmesteren har fått blod på tann i jakten på McLaren-duoen som har dominert Formel 1-sesongen, og sesonginnspurten tegner til å bli langt mer spennende enn det så ut for bare noen uker siden.

    Før søndagens løp skiller det bare 55 poeng opp til VM-leder Piastri og 33 til Lando Norris på annenplass.

    Tekst
    Foto: MARK THOMPSON / AFP / NTB
  • Nytt Messi-hat trick – ble toppscorer i MLS

    Lionel Messi scoret tre mål i sesongens siste ordinære seriekamp for Inter Miami - en 5-2-seier mot Nashville SC. Dermed vant han gullstøvelen som toppscorer i MLS.

    Argentineren scoret det første og nest siste målet da Inter Miami slo Nashville SC på bortebane i Tennessee. Han scoret også en straffe drøyt halvveis ut i andre omgang.

    I løpet av seriespillets 34 kamper har Messi scoret hele 29 mål og gitt 16 målgivende pasninger.

    En person som løper på et jorde
    Foto: JOHNNIE IZQUIERDO / AFP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal