Hopp til innhold

Målte under 30 minus fleire plassar i natt

Mars i år blir truleg to grader kaldare enn normalen. Tre målestasjonar i landet viste under 30 minus natt til 28. mars.

Kaldt Engerdalen

KALDT: I Engerdal i Nord-Østerdalen vart det målt meir enn 30 minusgrader natt til 28. mars. Det har aldri blitt målt så kaldt på denne dagen nokon gong.

Foto: Astrid Avtjern / NRK-tipser

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I 2022 var mars månad den sjuande varmaste som nokon gong er målt. I år kjem truleg statistikken til å hamne på den andre sida av skalaen.

Meteorologisk institutt brukar ikkje å måle rekordar på datoar, men seier at det er fleire målestasjonar som aldri har målt kaldare temperaturar 28. mars enn dei gjorde i år.

Det har vore kaldt på fleire plassar. Vi har hatt tre stasjonar som har målt meir enn 30 minus i natt.

Det seier Ketil Tunheim, som er forskar på avdeling for klimatenester på Meteorologisk institutt.

To av desse stasjonane ligg i Innlandet og ein av dei i Finnmark. Den på Drevsjø i Engerdal viste 30,6 minusgrader. Leirflaten i Gudbrandsdalen målte 30,3 Stasjonen i Sihccajavri i Finnmark viste 30,8 blå natt til 28. mars.

Sømådalen Engerdal 6.30

30 MINUS: I Sømådalen i Engerdal viste gradestokken minus 20,1 grader klokka 6.30 på morgonen 28. mars.

Gradestokk Veideborg

20 MINUS: I Veideborg i Løten i Innlandet viste gradestokken nesten 21 minus i morgontimane.

Melåsberget

18 MINUS: Temperaturen på Melåsberget i Elverum var også godt over på minussida.

Les også Farevarsel for snø i store deler av Sør-Norge

Farevarsel for snø i Sør-Norge

Ender under normalen

Meteorologisk institutt kjem med ein rapport når månaden er over. Den viser korleis temperaturane i år ligg an opp mot andre år.

Slik det ser ut no, så vil mars 2023 hamne på to grader under normalen.

meteorologene
Foto: Skjermdump / Twitter

Men heilt uvanleg er det ikkje at det er kaldt i mars, sjølv om det blir rekna som ein vårmånad.

Les også Varslar sol over heile landet i starten av påska

Framleis vinter i Mosjøen

Viss ein ser på kor kaldt det har vore i år i forhold til andre år, så ser det ikkje så grufullt ut lengre. Om ein rangerer alle temperaturane sidan år 1900 hamnar vi kanskje på den 40. kaldaste.

Han nemner at mars i 2001, 2006, 2013 og 2018 var enno kaldare enn det vi opplever i år.

Det er ikkje noko ein opplever kvart år, men det har skjedd 40 gonger sidan år 1900.

Vallset minus 15

18 MINUS: På Vallset i Stange var det 18 minusgrader på morgonen, ifølge denne fotografen.

Trevatn i Søndre land

FRYSER: Bildet er frå Trevatn i Søndre Land. Ifølge tipsar frys elva snart igjen.

Engerdalen 28. mars

MINUSGRADER: Bildet er teke i Engerdal i Innlandet. Tipsaren målte 28 minus her på morgonen.

Ingeberg i Hamar

FROST: På Ingeberg i Hamar var det 15 minus, ifølge denne syklande fotografen.

Svingar frå år til år

Forskarane måler «normalen» ut frå bestemte tidsperiodar. Og slik sett så ville ein kanskje ikkje rekna med så kalde temperaturar akkurat i år.

Det er naturleg at det svingar frå år til år. Men så ser vi over tid at det varierer rundt ein normal. Det er mindre sannsynleg med ein så kaldt mars no som for 30–40 år sidan, seier Tunheim.

Ludvig og ekorn

KALDT: Hunden Ludvig trossa 27 minusgrader i Folldal, for å studere ekornet ute i hagen sin.

Foto: Kari Mette Brandsgård / NRK-tipser

Les også Varslar sol over heile landet i starten av påska

Framleis vinter i Mosjøen

Flere saker fra Innlandet